Foto: privat
Mennesker som sover
Sovende mennesker er som glassblåsere:
De blåser drømmene sine ut til store
gjennomsiktige former av smeltet søvn.
De blåser med spisse munner, med
sukkende munner, med tause, intense munner.
De blåser drømmene sine ut til store
elegante former av håpefullt glass.
Og når de våkner står glasset der ett sekund
dirrende fullt av glede og musikk,
før hver bit forsvinner, som fantes de aldri.
Mennesker som sover er som glassblåsere:
De håper å få drikke sine egne drømmer,
breddfulle av lykke og evighet, men
glasset går i stykker, og drømmene
smuldrer bort som lyden av knust musikk.
Store vaser vokser ut av søvnene. Men vi
knuser stadig hverandres forhåpninger.
«Ser du», sier vi til hverandre, «det var bare
en tåpelig drøm.» Men glasset står der,
i søvnen. Breddfullt av betydning og evighet.
Henning Næss

Henning Næss er ikkje eit ukjent namn for dei som les aviser og tidsskrift i Noreg. Næss har hatt dikt, artiklar og bokmeldingar på trykk i Klassekampen, Ny Tid, Dagbladet og i denne avisa. Som diktar er han heller ikkje ukjend, han er ein kjær bidragsytar ved litterære scener i hovudstaden.
Men i listene til den «offisielle» samtidpoesien finn du ikkje namnet hans. Næss er ikkje teken med i diktantologiane ved norske forlag. Ein grunn er at mange av bøkene hans er komne ut på eige forlag – som den seinaste boka Også her inne finnes det guder, som kom ut i vinter.
«Mennesker som sover» er frå denne samlinga. På meisterleg vis maktar Næss å gjera det å drøyme åskodeleg. Næss jamfører sovande med glasblåsarar og draumar med glas. Det er råkande metaforar: vi pustar i svevne på ein måte som faktisk kan likne andedraga åt ein glasblåsar, det er som om vi med jamne pust bles opp tankeslott, og ikkje minst: kunstferdige glas kan ta fantastiske, draumevorne former – sjå til dømes på glasa frå Murano i Venezia.
I tredje strofa fører han dette språkbiletet vidare: Ikkje berre lagar vi vedunderlege «vaser» av draum og lengslar, vi vonar å drikke av desse «draumeglasa», det gjev oss lukke og æve. Men så er det berre tale om skøyre glas, som sprekk når vi vaknar – men glasa finst der likevel i vår sovande tilstand, avsluttar Næss.
Diktet plasserer Næss i ein større litterær tradisjon, ja, i det eg vil hevde er ei hovudline i norsk poesi dei siste to hundre år. Det er tale om ein biletskapande, metafysisk versekunst med liner attende til Wergeland. Næss er i ætt med diktarar som Olaf Bull, Gunnar Reiss-Andersen og Stein Mehren.
Diktet gjev oss alt meirsmak på Næss’ neste samling. Og no bør forlaga kjenne gjestingstida si. Det bør koma ut ei samling med gamle og nye dikt av Henning Næss på eit større forlag, så fleire diktlesarar får kjennskap til denne viktige, særeigne røysta i norsk samtidslyrikk.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.