Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Henrik Ibsen provoserer framleis

– Ho er fråstøytande og tiltalande på same tid. Det er uråd å vere likegyldig til ho, seier Helga Guren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helga Guren skal spele Hedda Gabler på Rogaland Teater.

Foto: Michael Meisen

3389
20180119
3389
20180119

Helga Guren gjorde inntrykk då ho spelte djevelen i stykket Sonny på Rogaland Teater i 2012. Sidan har ho vore med i fleire andre stykke, mellom anna som Nora i Et dukkehjem. I februar er eit av Henrik Ibsens andre kjente skodespel, Hedda Gabler, også å sjå på teateret, med Guren i rolla. Begge framsyningane har tatt historia inn i det 21. hundreåret.

– Det er inspirerande å få høve til å utvikle eit kunstnarisk samarbeid i ein ny tekst, men frå same dramatikar. Hedda har lenge stått for meg som ei tiltalande, fråstøytande og mystisk rolle, og eg liker å forstå, forsvare og elske henne, på godt og vondt.

– Kvifor er Hedda Gabler ein så stor og gåtefull rollefigur, trur du?

– Verdspremieren på Hedda Gabler var i München 31. januar 1891. Ibsen var sjølv til stades på premieren, som ikkje var særleg vellykka. Kritikarane meinte at Hedda var eit sant uhyre kledd som kvinne, som eit uhyggeleg fantasifoster frå Ibsens hand. I sine eigne notat skreiv Ibsen at det fanst ein djup poesi i hennar indre. Eg trur det gåtefulle i karakteren er korleis ho oppfører seg, både mot seg sjølv om mot andre: Ho handlar kanskje ut frå eit mørke og mangel på evne til å elske. Gabler kan bli oppfatta som kynisk og med liten empati, men samstundes har ho evna til å drøyme. Det er umogleg å vere likegyldig til henne.

– Du skulle eigentleg bli musikar: Du meistrar både fiolin, harpe, hardingfele og song. Rogalands Avis kalla deg eit multitalent. Kvifor vart du skodespelar? Og korleis har det musikalske talentet påverka deg som skodespelar?

– Eg har alltid vore fascinert av teateret, men møtte det først som 17-åring. Det vart kjærleik ved første blikk og ingen veg tilbake. Eg jobbar framleis som musikar og songar og opplever at musikk og teater både utfyller kvarandre og har kontrastar. For meg kan det bidra til ei større kunstnarisk forståing.

– Mange har sett deg i filmen Rosemari, ein film som gav deg prisen for beste kvinnelege birolle. Kva skil teaterroller frå filmroller?

– I teateret er ein saman med publikum der og då. Ein inngår ein kontrakt saman om at dette er ein røyndom vi latar som finst, samstundes med at det jo er ein røyndom der. Vi er menneske bak, framfor og på scena, som deler nokre timar på same stad og til same tid. Målet er å møtast i dette, både for skodespelar og for publikummar skal det gje ei kjensle av å oppleve «for første gong». På film jobbar ein meir detaljert og i kortare intervall. I tillegg treng skodespelaren teknisk hugs, forståing av kameravinklar og utsnitt. I teater jobbar ein dessutan med ei lineær forteljing, mens i film er ting sjeldan kronologisk.

– Henrik Ibsen skreiv Hedda Gabler i 1890. I ettertid har det blitt framført både som ballett, film og teater. Kva er nytt med akkurat denne versjonen?

Hedda Gabler er ein klassikar på grunn av dei tidlause problemstillingane rundt det å vere menneske. Vi i ensemblet og det kunstnariske teamet leitar etter kva som gir gjenklang hos oss, kva vi synest er viktig å formidle, og korleis vi vil formidle dette vidare til publikum. Hedda Gabler er kanskje ein av Ibsens mest provoserande rollefigurar, særleg sett i lys av si tid. Samstundes rører Gabler ved noko sentralt menneskeleg, og ho utfordrar folk den dag i dag.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis