– Søndag morgon den 10. september vert det hippiegudsteneste i Voie kyrkje i Kristiansand, fortel Svein Inge Olsen.
Svein Inge Olsen set 50-årsjubileet for hippierørsla på festivalprogrammet på Protestfestivalen i Kristiansand neste helg.
Foto: Privat
Han står i spissen for Protestfestivalen, som også kallar seg Nordens verdifestival. Opninga skjedde i Oslo torsdag, men neste veke er det festival i Kristiansand. Det er femti år sidan The Summer of Love, og neste laurdag skal det markerast grundig i sørlandsbyen. Dagen etter den store festkvelden vert det hippiegudsteneste.
– Det er noko nytt?
– Det er lagt opp til at mottoet for festivalen, Mot apati og likesæle, skal vera tema under gudstenesta. Ivar Skippervold, som var ein av Jesus-hippiane, er prest, og han skal forretta. Fleire av songane som Jesusbevegelsen song på 1970-talet, er plukka fram, og det vert hippieteater.
– Men det er laurdagen Summer of Love skal feirast?
– Ja, fleire av dei gamle hippiane kjem. Blant dei er Audun Engh, som brukar mykje energi på hippierørsla i dag. Han har nett kome tilbake frå San Fransisco, der han var på stor 50-årsfeiring i juni. Han er i gang med å laga film om Allan Ginsberg og Lawrence Ferlinghetti, og delar av filmen skal visast på festivalen. Engh skal også snakka og visa bilete frå Summer of Love.
– Protestfestivalen er åleine om å feira jubileet her til lands?
– Jubileet er markert med fleire større avisartiklar, men det har ikkje vore så mykje feiring, og det passar oss bra. Me har også kalla markeringa for «tilbake til framtida». Me ønskjer å møta og høyra gamle hippiar som Jan Bojer, Lars Astrup og Audun Engh. Bojer var sentral i hippiemiljøet i Slottsparken og redaktør for Vannbæreren, som var organet til hippierørsla. På 70-talet gav han ut fleire diktbøker, og på festivalen lanserer han diktsamling. Astrup stod sentralt i hippierørsla i Kristiansand. Finn Kalvik var også hippie, og han kjem for å halde konsert.
– Var du sjølv hippie?
– Eg har alltid kjent meg som ein hippie, men eg vart fødd litt for seint – i 1963. Eg er hippie i ånda og har ein livsstil som liknar på ein hippie.
– Det var Peace and Love, men kva verdiar stod hippierørsla for?
– Samhaldet var viktig, i sterk kontrast til den svært individualistiske og egosentriske samtida, der alt handlar om meg og mitt, og me har ei politisk leiing som er mest oppteken av enkeltmennesket. Hippiane var antimaterialistar, og mange av dei enda opp i kollektiv. Dei var også opptekne av filosofi og å snakka om livet. Kvifor er me her? Kva er meininga med livet?
– Meiner du at ein bør blåsa liv i hippierørsla?
– Ja, me kunne trengja litt av ånda som hippiane hadde – minus rusen. Kanskje kunne det bøta på den store einsemda som eg trur finst i det norske samfunnet. Eg vonar at me kan skapa ein liten renessanse for dei tankane som hippiane hadde, samstundes som me mimrar om det som var for femti år sidan.
– Har du noko forhold til musikken frå hippietida?
– Ja, eit nær forhold. Eg har spurd ei rekkje musikkjournalistar og gamle hippiar om dei beste hippiesongane, og ut frå det har eg laga ei liste. Songen som vann, var Scott McKenzies med «San Fransisco», medan Jefferson Airplanes «White Rabbit» og «Somebody to love» følgde på dei neste plassane. Alle er dei frå 1967.
Ottar Fyllingsnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.