Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieKultur

Lurt av Albert Speer

Per Knudsen (70) møtte Albert Speer tre gonger. Han fekk eit godt inntrykk av Hitlers rustningsminister, men har endra syn av fleire grunnar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Per Knudsen i samtale med nokre av dei 72 tidlegare studentane frå Noreg som vitja universitetet i Mannheim tidlegare i år.

Foto: Privat

12563
20171201
12563
20171201

HISTORIE

ottar@dagogtid.no

I etterkrigstida har mange skrive om Albert Speer, men ikkje alt har vore like korrekt.

– Det er utruleg å sjå kor feil folk har teke av denne mannen som var glødande nazist, slår Knudsen fast.

Norske Per Knudsen (70) har budd i Tyskland i femti år. Han er fødd i Bergen, men flytta til Hamar då han var ni år og voks opp der. I 1967 flytta han til Mannheim i Tyskland. Han møtte Speer fleire gonger i 1971 og fekk eit svært godt inntrykk av mannen som var Hitlers arkitekt og rustningsminister. Men i dag er han ikkje like positiv.

For nokre år sidan fekk Knudsen vita at han mora var trulova med, døydde i ein av Speers konsentrasjonsleirar. I vår gav dessutan Magnus Brechtken ut Albert Speer. Eine Deutsche Karriere, som er ein grundig og kritisk biografi på 900 sider. Der snur den tyske professoren dei steinane han kan snu. Men fleire av Speers løgner var alt kjende. I det fyldige etterordet til De umulige spørsmålene, som er ei bok med notat frå samtalar mellom Joachim Fest og Albert Speer i perioden 1966 til 1981, utgjeven i 2005, skriv Bernt Hagtvet om løgnene. Han skriv at Speer ikkje var ein naiv medløpar; han stod sentralt som utøvar og drivkraft i masseutryddinga av jødar, noko han også innrømmer meir av i boka «Slavestaten – mine oppgjør med SS.

STUDENT I MANNHEIM

Albert Speer overlevde krigen, men vart sitjande i Spandau-fengslet fram til 1966. Året etter at Speer vart sett fri, reiste Per Knudsen til Mannheim for å studera økonomi, og i 1972 var han ferdig utdanna siviløkonom.

I Tyskland gifta han seg med ei tysk kvinne. Ho ønskte ikkje å flytta til Noreg, og dei vart buande i Mannheim. Sjølv om Knudsen var siviløkonom, var han usikker på kva han skulle driva med. Han fekk tilbod om å verta universitetsbibliotekar og tok utdanninga som var naudsynt. Han fekk jobben og vart seinare nestleiar på universitetsbiblioteket i Mannheim. Der var Knudsen til han vart pensjonist for nokre år sidan, og han bur framleis i nærleiken av Mannheim.

SPEER I NOREG

I 1971 gjorde Birgit Gjernes eit intervju med Albert Speer for NRK i Tyskland. Pater Hallvard Rieber-Mohn var med under intervjuet, og han inviterte Speer til Noreg.

– Det var etter å ha høyrt intervjuet eg fann ut at det kunne vera interessant å vita litt meir om Speer, fortel Knudsen.

Den 25. juni i 1971 kom Speer hit til landet med MS «Prinsesse Ragnhild». Med eigen bil reiste han opp i Jotunheimen, der han budde i ei hytte. Få visste at Speer var i landet, men det gjekk rykte om at han hadde tenkt seg hit. Det førte til avisartiklar, og sjefen for statens utlendingskontor slo fast at Speer ville verta utvist straks han kom til Noreg. Oppe i fjellet fekk Speer høyra om dette, og kort tid etter reiste han tilbake til Tyskland på vanleg vis.

Dette las økonomistudenten i Mannheim om, og det gjorde han litt forarga.

– Eg tenkte at Speer hadde sona dommen sin, og at han var ein fri mann. Dessutan var det ingen nazist som hadde invitert han til Noreg, men pater Rieber-Mohn.

MØTTE SPEER

Albert Speer var fødd i Mannheim i 1905. I Heidelberg hadde familien eit stort sommarhus. Der budde kona medan Speer sat i fengsel i Berlin, og der busette han seg etter at han vart sett fri i 1966.

– I oktober i 1971 sende eg eit brev til Speer og spurde om han var viljug til å diskutera med studentane det han hadde vore med på under krigen. Eg fekk raskt brev tilbake. Han inviterte meg heim til seg, og eg møtte han for å førebu møtet. Han budde flott ovanfor Heidelberg, og på porten stod det berre AS. Eg ringde på og kan framleis sjå for meg den store mannen som kom mot meg med ein sanktbernhardshund for å opna porten. Han var kledd i tweedjakke og verka veldig engelsk. Eg vart forundra då han byrja å snakka, for han hadde ein svært spesiell dialekt som vart brukt i Mannheim. Eg tykte det var rart at ein av dei mektigaste mennene i Det tredje riket snakka på ein så grufull dialekt, som eg hadde litt vanskar med å skjøna den gongen. Me vart sitjande og snakka i halvannen time i eit hjørnerom med flott utsikt over Heidelberg. Me snakka mest om korleis me skulle leggja opp møtet. Ei veke seinare kom Speer til Mannheim saman med ein ven, og på ei kneipe diskuterte han med studentane heile kvelden. Seinare var eg heime hjå han ein gong til. Me drakk te og snakka om både det eine og det andre, fortel Knudsen.

– Vart Speer møtt med kritiske spørsmål frå studentane?

– Nei, dei fleste spurde korleis Hitler var, kva forhold Speer hadde hatt til han, og korleis livet var under krigen i Berchtesgarden og i Berlin. Særleg interesserte dei seg for dei siste dagane då Speer tok avskil med Hitler og forlét byen. Ein del av studentane visste neppe kven Speer var.

SPEERS MASKE

Som så mange andre fekk Knudsen eit godt inntrykk av Hitlers nære medarbeidar.

– Det er litt vanskeleg å innrømma det, men han var svært sympatisk og høfleg, og eg vart overraska. Før eg møtte han, tenkte eg på filmane eg hadde sett, og førestelte meg nazistane som litt mindre intelligente og veltalande. Speer likna aller mest på ein gentleman, men i den nye Speer-biografien går det fram at dette var spel og ei maske han hadde teke på seg for å overleva. Alt dette kunne ein ha kjent til for mange år sidan, men tyskarane støtta seg til augnevitne eller folk som levde, og Magnus Brechtkens biografi er interessant. Speer vart svært viktig for tyskarane etter krigen, og i boka skriv Brechtken at han var ei projeksjonsflate for heile det tyske folket. Kunne han hevda at han ikkje visste noko kom jødeforfølgingane, kunne mannen i gata seia det same. Naturlegvis hadde Speer medhjelparar, og memoarane hans, som vart gjevne ut i 1969, er stort sett skrivne av andre. Dei har gjort det dei har kunna for å skjerma han gjennom mytar og legender, og det har fungert. Brechtken har brukt ti år på den nye Speer-biografien. Han har gått grundig gjennom fleire arkiv og skrive eit verk som er svært detaljert.

Speer møtte Hitler i 1931, og han melde seg straks inn i partiet.

– Han visste nøyaktig kva personar han måtte kjempa mot for å få makt. Dette kjem fram i dokumenta som Brechtken har funne i ulike arkiv. Etter krigen var Speer kandidat til å få dødsstraff, men han var ung og intelligent og berre førti år. Heime i Heidelberg hadde han kone og fem born, og det er noko menneskeleg i forsøket på å overleva og koma seg unna, konstaterer Knudsen.

NÜRNBERG-SVIKT

I Nürnberg i 1945–46 vedgjekk Speer at han hadde ansvar, men ikkje skuld.

– Speer var så intelligent og så god skodespelar at han sjarmerte og overtydde både dommarane i Nürnberg og folk flest?

– Ja, men ikkje berre det. Brechtken skuldar i boka påtalemakta i Nürnberg for ikkje å ha gjort jobben sin. Dei hadde tilgang til dokument, men brukte dei ikkje. Dei høyrde hovudsakleg på det som Speer fortalde, og det enda med at han fekk ein dom på tjue år i fengsel i staden for dødsdom.

Knudsen viser til at den 6. oktober 1943 heldt Himmler ein stor tale i Poznan i Polen. Der var alle ansvarlege til stades, og Himmler sa rett ut at dei kom til å utrydda alle jødane.

– Speer hevda alltid at han reiste frå Poznan før Himmler heldt denne talen, men det viser seg at Himmler heldt talen både 5. og 6. oktober, og den 5. oktober var Speer til stades. Både under rettssaka i Nürnberg og etter krigen hevda Speer at han ikkje visste om jødeutryddinga. Men i Brechtkens bok vert det vist til fleire dokument der Speer skreiv til Himmler, som var ansvarleg for SS og dei andre organisasjonane, at han trong fleire fangar for å byggja ut konsentrasjonsleirane. Eit dokument beviser at han søkte og fekk tildelt 15 millionar tyske mark til bygging av konsentrasjonsleiren i Auschwitz.

TRONG EI OPPRYDDING

Knudsen synest det er bra at tyskarane framleis er opptekne av det som skjedde under krigen, men tykkjer det er litt rart at historia om Albert Speer ikkje kom fram for femti år sidan.

– Vart du lurt av Speers framtoning og framferd?

– Det var mange ting som dukka opp då eg las boka til Brechtken. Eg hugsar at Speer sa til oss: «Ver varsam når det gjeld makt. Ver varsam når det gjeld teknikk.» Han oppmoda oss om å vera kritiske til både det eine og det andre. Speer hevda at han hadde vorte lurt inn i nazismen av Hitler. Det var bodskapen til studentane den gongen. Eg gjekk på limpinnen og skjøna ingenting, men no etterpå gjer det meg forbanna. Hadde eg visst det eg veit i dag, ville eg ha spurt han om mange andre ting.

NACHT UND NEBEL

Per Knudsen har god grunn til til å vere forbanna. For nokre år sidan fekk han høyra kva som skjedde med mannen som var trulova med mor hans.

Far til den tyske kvinna som Per Knudsen gifta seg med, var fødd i 1922. Han var medlem av Waffen SS og meinig soldat på austfronten. Då Knudsen gifta seg i Tyskland, var dei norske foreldra hans til stades. Det må ha vore ei spesiell oppleving for mora, men ho fortalde aldri sonen om det som ho sjølv opplevde under krigen.

Foreldra til Per Knudsen døydde for tolv år sidan, og først etter at mora var død, fortalde bror til mor hans at ho hadde vore trulova med Finn Sigurd Pedersen frå Bergen. Under krigen delte dei ut illegale aviser i Bergen, og i 1942 vart Finn Sigurd arrestert av Gestapo. Han var forhøyrt, torturert og send til Tyskland som Nacht und Nebel-fange («natt og tåke»-fange), nett som Trygve Bratteli. Han hamna i Natzweiler i Alsace 19. desember 1943 og vart straks send ut i eit steinbrot – i ein av Speers konsentrasjonsleirar.

DØYDDE I SPEERS LEIR

I 1938, i samband med utbygginga av Berlin, som var ei av Speers hovudoppgåver, var Speer på jakt etter raud marmor, som blant anna skulle brukast til Rikskanselliet i Berlin.

– Det fann han i Alsace. Der vart det sett opp ein konsentrasjonsleir, og dit vart fangane sende. Truleg var Finn Sigurd svekt då han vart send til leiren i desember. Han døydde i april 1944, og dødsårsaka er ukjend. Mor visste ingenting om kva som hende med han, fortel Knudsen.

Slik var tanken bak Nacht und Nebel: Dei pårørande skulle haldast uvitande om lagnaden til fangane.

Men våren 1944 hende noko dramatisk.

– Morfar var kaptein, og under krigen sigla han for Bergenske Dampskipselskap. Våren 1944 berga han og mannskapet eit tysk skip som var i naud utanfor Bergen, og i slike tilfelle var det vanleg at bergingsmennene kunne krevja bergingsløn. Bestefar tok difor mor mi med, og gjekk rett bort til Gestapo-huset i Bergen. Der sette han fram krav om at Finn Sigurd måtte setjast fri, og han fekk lovnad om det. Dei venta heilt fram til 8. mai 1945, men då fekk dei dødsbodskapen frå Tyskland.

– Hadde eg visst dette den gongen eg møtte Speer, hadde eg nok stilt han mange andre spørsmål, slår Knudsen fast i dag.

I Brechtkens biografi går det fram at Speer var sterkt involvert i konsentrasjonsleirane, og det vart viktig for han å få så mange fangar som mogleg til å arbeida i industrien og steinbrota.

GÅTEFULL TAGNAD

No er både mor til Knudsen og Speer borte, og det er for seint å få svar på mange spørsmål.

– Mor nemnde aldri det som skjedde under krigen, og eg har ofte lurt på kvifor ho ikkje ville fortelja det. Truleg var det for å ta omsyn til ekteskapet mitt. Men eg bur no berre hundre kilometer frå konsentrasjonsleiren i Natzweiler, og det er rart at ho ikkje sa noko om leiren. Men det er ikkje så uvanleg at den generasjonen ikkje fortalde så mykje. Kanskje tagde dei for å sleppa å rippa opp i gamle sår.

ÅRLEG TUR TIL NATZWEILER

I Noreg finst det ei Natzweiler-foreining med om lag 200 medlemmer. Kvart år arrangerer dei ein tur til Natzweiler. Knudsen har vitja konsentrasjonsleiren i Alsace tre gonger. Han fortel at under krigen fanst det 540 norske fangar i leiren. Av desse døydde 124, og alle var unge nordmenn som hadde arbeidd i motstandsrørsla.

– Leiren i Natzweiler vart forlaten i november 1944, då dei allierte styrkane nærma seg, fortel Knudsen.

– Dei kvite bussane til greve Bernadotte henta heim dei siste norske fangane via Dachau våren 1945. Finn Sigurd Pedersen vart kremert i leiren. Oska vart strødd i den såkalla «oskegrava» i leirområdet. Der står det eit minnesmerke over dei falne. I minneboka for leiren skreiv eg for mange år sidan inn eit sitat av Per Sivle: «Merket det stend om mannen han stupa.» Til minne om Finn Sigurd som vart myrda der som 27-åring i 1944.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Albert Speer likna aller mest på ein engelsk gentleman.

– Eg gjekk på limpinnen og skjøna ingenting, men no etterpå gjer det meg forbanna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis