Vigdis Hjorth.
Foto: Agnete Brun
Hjorth og Torvund fekk pris
Vigdis Hjorth og Helge Torvund vart tildelte Doblougprisen under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer. Prisen er på 200.000 svenske kroner og vert delt ut av Svenska Akademien. Juryen skriv om Hjorth at ho har utvist ein aktiv, nær sagt aktivistisk forfattarskap, aldri vore føreseieleg og aldri likesæl i møte med kjærleiken, med samfunnet ho skildrar, eller med livsvilkåra karakterane i bøkene hennar er plasserte i. Om Torvund skriv juryen at han gjennom nesten tretti diktsamlingar gjennom fire tiår frå slutten av 1970-talet, og gjennom stor aktivitet elles i teneste for orda, har synt at han fyrst og fremst er lyrikar.
Doblougprisen går til svensk og norsk skjønnlitteratur og til litteraturhistorisk forsking.
Liv Gulbrandsen leier Bokåret
Forfattar og formidlar Liv Gulbrandsen, som dei siste sju åra har leidd samanslutninga Leser søker bok, er tilsett som prosjektleiar for Bokåret 2019. Det skriv nettstaden Bok365.
Det er Nasjonalbiblioteket som har invitert til nasjonalt bokår neste år, 500 år etter at den fyrste norske boka vart trykt. Bokåret 2019 skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek over heile landet. Nyleg vart det kjent at regjeringa set av 30 millionar kroner på å fremje leselyst i Noreg i løpet av året.
Nobelpris-uvisse
Tildelinga av Nobelprisen i litteratur kan verte forseinka med meir enn eitt år, skriv danske Politiken. For ein månad sidan vedtok Akademien at prisen ikkje vert delt ut i 2018 på grunn av den låge tilliten til Akademien etter skandalar og uro den siste tida. Planen er at prisen for 2018 skal delast ut i oktober neste år i staden, saman med prisen for 2019. Slik vert det ikkje nødvendigvis, ifølgje Politiken.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.