Foto: NTB scanpix
Drama –
(i 4 akter)
To bønder, etter som ordet går,
var aldri edru på fire år.
Det fyrste gjekk på ein måte.
Dei fekk både læ og gråte.
Andre året var verre.
Då rauk både hest og kjerre.
Tredje året tok ende.
Dei hugsa ’kje kva som hende.
Så gjekk dei inn i det fjorde,
og det var det siste dei gjorde.
Jakob Sande
Drama –
(i 4 akter)
To bønder, etter som ordet går,
var aldri edru på fire år.
Det fyrste gjekk på ein måte.
Dei fekk både læ og gråte.
Andre året var verre.
Då rauk både hest og kjerre.
Tredje året tok ende.
Dei hugsa ’kje kva som hende.
Så gjekk dei inn i det fjorde,
og det var det siste dei gjorde.
Jakob Sande
Humor i norsk lyrikk? Somme meiner det er mangelvare, iallfall var det slik ved utgangen av det nokon har kalla dei trøytte femtiåra. Kanskje det er difor lyrikk-klubben «Diktets venner» år 1960 mønstra Sorius Lirumsen Larum, med undertittelen «Humoristisk antologi ved Hartvig Kiran og Sigmund Strømme».
Her held antologien seg, utan føreord eller forklaring, til dikt frå det 20. hundreåret, bokstavert av skrivarar alfabetisk frå Aukrust til Øverland. Blant dei 31 lyrikarane er det tre som klart peikar seg ut – gjett kven. André Bjerke, Jakob Sande og Herman Wildenvey. Mannen frå Sunnfjord går av med sigeren: Han har 12 dikt (av 91 i boka). «Drama», frå 1955, er sunge inn på plate av Ivar Medaas. Kurt Foss og Reidar Bøe hadde Sande-viser på repertoaret. Jon Eikemo har reist land og strand rundt med tekstar av Sande.
Dikt i samling av Jakob Sande (1906–1998) vert trykt i stendig nye opplag. Posisjonen hans i Noreg – iallfall på Vestlandet – kan samanliknast med den Nils Ferlin har i Sverige, når det gjeld folkeleg appell, tydeleg forteljing, ein lakonisk underfundige tone: «trur eg».
Diktet «Drama –» – kvifor er det morosamt? Fordi dei to hovudpersonane ikkje gjer det bønder skal, anna enn å drikka, le og gråta, og bli av med hest og kjerre. «Aktøren» i teksten er snarare tida, som går og går, fire år til ende, som opningsstrofa lovar. Rim og rytme sit perfekt. Kva er nøkkelordet?
Det er «fjorde» – dialektord for «fjerde». Dimed er diktutgangen gjeven. Dette er ein verbal eleganse, som ein kunne kalla rokokko – trass i alkoholismens grumme tema. Eit dikt som er både norsk og unorsk.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Humor i norsk lyrikk? Somme meiner det er mangelvare, iallfall var det slik ved utgangen av det nokon har kalla dei trøytte femtiåra. Kanskje det er difor lyrikk-klubben «Diktets venner» år 1960 mønstra Sorius Lirumsen Larum, med undertittelen «Humoristisk antologi ved Hartvig Kiran og Sigmund Strømme».
Her held antologien seg, utan føreord eller forklaring, til dikt frå det 20. hundreåret, bokstavert av skrivarar alfabetisk frå Aukrust til Øverland. Blant dei 31 lyrikarane er det tre som klart peikar seg ut – gjett kven. André Bjerke, Jakob Sande og Herman Wildenvey. Mannen frå Sunnfjord går av med sigeren: Han har 12 dikt (av 91 i boka). «Drama», frå 1955, er sunge inn på plate av Ivar Medaas. Kurt Foss og Reidar Bøe hadde Sande-viser på repertoaret. Jon Eikemo har reist land og strand rundt med tekstar av Sande.
Dikt i samling av Jakob Sande (1906–1998) vert trykt i stendig nye opplag. Posisjonen hans i Noreg – iallfall på Vestlandet – kan samanliknast med den Nils Ferlin har i Sverige, når det gjeld folkeleg appell, tydeleg forteljing, ein lakonisk underfundige tone: «trur eg».
Diktet «Drama –» – kvifor er det morosamt? Fordi dei to hovudpersonane ikkje gjer det bønder skal, anna enn å drikka, le og gråta, og bli av med hest og kjerre. «Aktøren» i teksten er snarare tida, som går og går, fire år til ende, som opningsstrofa lovar. Rim og rytme sit perfekt. Kva er nøkkelordet?
Det er «fjorde» – dialektord for «fjerde». Dimed er diktutgangen gjeven. Dette er ein verbal eleganse, som ein kunne kalla rokokko – trass i alkoholismens grumme tema. Eit dikt som er både norsk og unorsk.
JAN ERIK VOLD
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.