Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Hytteliv som institusjon

Hytta har overteke funksjonen som heimegarden hadde for familiar og slekter før, meiner sosialantropolog og professor Marianne Lien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det finst ein halv million hytter i Noreg. Fleire av bileta frå boka til Lien og Abram skal synast fram på ei utstilling hjå Norsk Folkemuseum frå april til oktober.

Foto: Haakon Harris

7053
20190322
7053
20190322

Litteratur

eva@dagogtid.no

Syden og meir eksotiske feriedestinasjonar kjem stadig nærare og vert billegare og billegare å kome til ved hjelp av flyselskap som definerer «travellers» som framtida.

Likefullt ferierer nordmenn flest mest i eige heimland, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I fjor vart det endåtil gjennomført rundt fem millionar fleire feriereiser innanlands enn i kvart av dei ti føregåande åra.

Kor mange av desse feriereisene som går til private hytter, seier statistikken ikkje noko om. Men truleg er det mange. I alle fall har nesten annankvar nordmann i dag tilgang til ei eller fleire hytter. Samla finst det no i underkant av ein halv million hytter i Noreg, og talet aukar år for år. Det skriv sosialantropologane og professorane Marianne Lien ved Universitetet i Oslo og Simone Abram ved Universitetet i Durham i England i boka Hytta. Fire vegger rundt en drøm, som nyleg kom ut på Kagge Forlag. I Hytta har dei studert norske hytter og hytteliv og kva som gjer hytta så viktig for både enkeltpersonar, familiar, slekter og generasjonar.

– Hytta er for mange eit høve til å skape seg ei lengre line, både framover og bakover, når heimegarden ikkje lenger finst. Barndomsheimar kan seljast og bustader skiftast, men hytta vert ofte verande. Ho vert ein viktig del av livet, ei viktig kopling til slekta og til barndomen, og for somme òg kanskje til sitt eige liv som biografi. Mange er tilbake på hytta år etter år, og slik vert hytta eit stabilt haldepunkt i livet, seier Marianne Lien.

Bygg med historie

Boka spring ut av forskingsprosjektet «Materialiseringer av slektskap: livssyklus på norske hytter» ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo, finansiert av Norges forskingsråd i samarbeid med Norsk Folkemuseum.

Samla har dei to forfattarane og ein stipendiat vitja rundt 50 hytter frå nord til sør og snakka med folk om bruk og dugnad, familieband, slekt, arv og arvestrid, sameige, konflikt, fortid og framtid på norske hytter.

– Det har vore spanande å sjå kor ulike hytter kan vere frå familie til familie. Dei ser jo ganske like ut utanfrå, men kan fylle så mange behov. Kanskje er det difor hytta har ei så sentral rolle i norsk kultur. Det er enorme variasjonar både i bruk og utforming, korleis folk tenkjer om hytta, og korleis hytta er bygd. Mange av hyttene vi har vitja, har òg teke opp i seg delar av norsk historie dei siste 100 åra, seier Lien.

Ho trekkjer fram Mo i Rana, der det i etterkrigstida vart bygd hytter at materiale som var til overs då Jernverket reiv gamle arbeidarbustader for å få plass til eit nytt industrianlegg, og Kirkenes, der det er bygd hytter av brakkevegger som tidlegare gav husly for dei som mista alt dei eigde under bomberaid i krigsåra.

Samlar og splittar

Eit generelt trekk ved hyttene, ifølgje boka, er at dei oftast er bygde for å vare og for å gå i arv til nye generasjonar. For mange familiar har hytta ein verdi som langt overstig marknadsprisen i kroner og øre. Hytta er viktig for identitet og tilhøyrsle.

– De skriv om ei som vert kalla «eit hyttemenneske» fyrste gong ho er med svigerfamilien på hytta. Kva skil hyttefolk frå andre?

– Det kjem nok an på. Ho som vert kalla det, forklarar det sjølv med at ho kunne finne seg til rette på små flater med folk utanfor den næraste familien. Å klare det og å friksjonsfritt vite korleis ein skal innrette seg, kva som skal gjerast til ei kvar tid og korleis, kan krevje litt erfaring. Har du vakse opp med hytte, veit du korleis, og ikkje minst: Du kan det å setje pris på det, seier Lien.

– Kva betyr hytta for slekt og nære relasjonar?

– Ho er ikkje berre samlande. For nokon er ho det, fordi dei til dømes får kontakt med kusiner og fettarar, kanskje òg slektningar endå lenger ut, gjennom hytta, men det finst òg mange tragiske døme på konfliktar, anten om kven som skal få vere på hytta til kva tid, kven som skal arve og kven som skal gjere kva. Hytteliv krev jo òg mykje arbeid og ressursar, seier Lien og omtalar det som «ei øving i samarbeid».

– Gras mellom tærne

Hytteliv har ikkje alltid vore så utbreidt i Noreg. Hundre år tilbake i tid fanst det i hovudsak koier, buer og setrer til praktisk bruk, i tillegg til meir luksuriøse landstader, sommarvillaer og lystgardar for dei rikaste, skriv Lien og Abram. Dette endra seg med innføringa av åttetimarsdagen i 1918–19, ferielova frå 1947 og deretter etterkrigstidas aukande velstand, då folk flest gradvis fekk meir av både tid og pengar til å feriere. I 1960- og 70-åra auka difor hyttebygginga, og i ettertid har mange av hyttene vorte oppgraderte.

– Den delen av historia som var mest overraskande for meg, er kva hytta hadde å seie for den fyrste generasjonen som flytta frå småbruk og gardsbruk og inn til byar, tettstader og industri. For dei som plutseleg sat i ei lita arbeidarleilegheit ein eller annan stad, avskorne frå naturen og familien dei hadde vore nærare tidlegare, vart hytta noko meir enn ferie, status og auka velstand. Det vart ein måte å kome tilbake til det kjende på, kome ned på bakkeplan att og få gras mellom tærne, seier Lien.

nøkkelferdig

I dag er draumen kan hende ikkje lenger ei audeliggjande hytte med innebygde minusgrader, utedo og brønn. Han kan òg vere eit godt isolert hus med bilveg til døra, doble vindauge, straum, vatn og kloakk, og for somme òg TV, internett, boblebad og vinkjellar.

– Kva vert neste steg i utviklinga, trur du?

– Vi kan vel ane alt no ei vending tilbake til dei primitive og enkle hyttene: den minimalistiske trehytta som kjem som ein reaksjon på hyttene som har vakse og vakse.

– Trur du stadig fleire kjem til å få seg hytte?

– Marknaden er i alle fall stor, men det kjem jo av fleire ting. Då foreldra mine bygde hytter tidleg i 60-åra, tok dei sjølv kontakt med ein grunneigar for å spørje om tomt, og dei fann sjølv snikkarar som kunne byggje hytta. I dag tener eigedomsutviklarar enorme summar på at store skogsfelt og fjellområde vert lagde ut som hyttefelt, og dei reklamerer og leverer nøkkelklare hytter. Det ligg kommersielle interesser i å få fleire til å ville ha hytte og ofte samsvarar dei med kommunane sine interesser for skatteinntekter.

Fleire enn i andre land

«Hytte-Norge er flerkulturelt», skriv SSB, men enno er over 90 prosent av hyttene i landet eigde av det SSB definerer som nordmenn. Ifølge Lien og Abram er hyttetradisjonen uansett ikkje noko særeige norsk.

– Det mest særnorske er nok fyrst og fremst spørsmålet om kva som er særnorsk med hytte, seier britiske Simone Abram.

Ho seier det finst tilsvarande feriehus i Sverige, Danmark og Finland, men at både feriehus og feriehustradisjonar i land som Storbritannia og Russland er annleis.

På eitt felt skil Noreg seg frå andre land, ifølgje Lien:

– Vi har fleire hytter per innbyggjar enn i noko anna land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Hytta er for mange eit høve til
å skape seg ei lengre line.

Marianne Lien, sosialantropolog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis