JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3225
20241011
3225
20241011

Som vanleg forsvinn Glenn ut døra og syklar av garde, utan eit ord. Vigdis aner ikkje kor lenge han har tenkt å bli borte. Kva anna er det vel å gjere enn å ta seg ein kosetur, som han kallar det, og slå i hel nokre timar før kvelden.

Han tråkkar av garde på eldstesykkelen, som Glenn ikkje greier å kvitte seg med. Han verkar jo heilt fint, men er for tung til å vere ein langtursykkel. Skal han på langtur, må han ta ein av dei andre to syklane, som er kjøpte i nyare tid, utan at Vigdis blei informert. Ho veit ikkje at det er meir verdi i dei enn i bilen.

Glenn gleder seg allereie til å ta ein pause og ete energibaren som ligg i lomma, imens held han blikket festa langt der framme og fokuserer på å synkronisere pusten med pedaltråkkinga.

Folk lurer på om han ikkje har noko anna å gjere enn å sykle. Vigdis prøver å ringje, men legg berre på når ho høyrer at det durar i telefonen som ligg på hylla i gangen.

Han er dårleg til å bruke gang- og sykkelstiar og ser seg ikkje skikkeleg føre i vegkryssa heller. Kan hende blir Glenn redda av at han syklar seint, i eit akkurat passe tungt gir. Det må vere litt motstand, men ikkje så mykje at det blir nødvendig å reise seg og stå på trøene opp bakken forbi dei nye leilegheitene bak skulen, der det alltid sit folk og fylgjer med i vindauga. Han held seg på setet, som har akkurat rett høgde, slik at knea ikkje stikk for mykje ut til sida når han tråkkar rundt. Glenn sig i jamn fart opp bakken som ingenting.

Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu. Han ligg heilt flat når han kjem ned att, og susar forbi den grøne kassen med strøsand før han held ytterbeinet strakt, lener seg inn i svingen og blir borte.

Vigdis har lagt merke til at syklinga i periodar går føre alt anna, men har fram til no tenkt at det beste er at Glenn får halde på med noko han liker. Men sykkelturane tek aldri slutt, ho går åleine på butikken, og det er lite hjelp å få heime, med alt som ikkje gjer seg sjølve. Folk treffer Glenn overalt, det verkar mest som han er ute og syklar langs alle desse vegane, til alle døgnets tider. Men det er nyttelaust å helse, han reagerer ikkje.

I helgane er det meir regelen enn unntaket at heile laurdagen og sundagen går fløyten. Vigdis må berre gjette når det passar å ha middagen klar, det er vanskeleg å planleggje noko som helst.

Plutseleg er Glenn tilbake og går rett i dusjen. Etterpå høyrer Vigdis at han mumlar eit eller anna om mat inne frå kjøkenet. Ho stiller seg opp i døra.

– Er du svolten? Eg måtte berre ete noko.

Han svarer ikkje, anten fordi Vigdis snakkar så lågt, eller fordi han er irritert. Ho spør opp att, og då spør han kva det var ho sa, og så spør ho opp att ein gong til. Glenn har spurt mange gonger om ho ikkje kan vere grei og snakke høgare, men det er berre slik ho snakkar. Det nyttar ikkje.

Vigdis spør om han har hatt ein fin tur, og om det ikkje var kaldt å sykle? Glenn han ingenting spennande å fortelje.

– Eg har så gode sykkelklede, seier han. Eg vert ikkje kald.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis