JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ingen revolusjon

Den nye kringkastingssjefen tek over eit mediehus med solid forankring i folket. No må ho overtyde nye generasjonar om å velje NRK.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vibeke Fürst Haugen er ny kringkastingssjef i NRK.

Foto: Ole Kaland

7987
20220506
7987
20220506

jesper@dagogtid.no

I mars vart det klart at Vibeke Fürst Haugen tar over for Thor Gjermund Eriksen som kringkastingssjef. Måndag var første dag på jobben for den nye kringkastingssjefen. Dag og Tid møtte henne bak dei doble dørene til kontoret på Marienlyst. Ho har vore her på huset lenge. Heilt sidan 1994. Dei siste åra har ho vore leiar for nettopp Marienlystdivisjonen.

Fürst Haugen byr på eit glas Coca-Cola. Vi spør kva som er ein god TV-kveld for den nye kringkastingssjefen.

– Då må eg nesten seie mediedøgn.

– For du tenkjer i mediedøgn? TV-kvelden er ut?

– Det er den, altså. Det passar ikkje inn i døgnet mitt at noko skjer til eit gitt klokkeslett.

Allmennkringkastaren ho er vorten leiar for, har i dag ein sterk posisjon. Ni av ti nordmenn seier at dei anten høyrer, ser eller les NRK kvar dag.

– Om vi skal klare oppretthalde den posisjonen, må vi heile tida utvikle oss og verte endå litt betre. Stadig nye internasjonale, kommersielle aktørar med enorme ressursar kjem til. Med dei konkurrer vi om tida og merksemda til folk. Difor er det viktig at vi har eit godt tilbod på eit språk som speglar den røynda som folk lever i, seier Fürst Haugen.

Færre unge

Det å nå ut til yngre sjåarar vert ei av hovudoppgåvene til den nye kringkastingssjefen. Ifølgje den årlege Mediebarometer-undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) er det heile éin av tre i aldersgruppa 16–24 som ikkje får med seg nyhende i dei tradisjonelle media.

– Éin av tre unge vaksne seier dei ikkje hentar informasjon i tradisjonelle medium. Det bør vere ganske urovekkjande for ein allmennkringkastar.

– Ja, og vår jobb er å gjere noko med det. Vi må klare å tilby innhald, også nyhende, som dei unge meiner er relevant og viktig. Dei siste åra har vi brukt veldig mange ressursar på å snu situasjonen. Det er viktig å lære bort gode medievanar og gi unge tilgang til nyhende tilpassa deira alder.

– Kva er grunnen til at så få unge vel tradisjonelle medium?

– Dei er vande med å verte raskt oppdaterte på mobilen. Eg trur mange i NRK for seint skjøna kva som var i ferd med å skje. Når berre godt vaksne har ansvaret for innhaldsutvikling og produksjon, vert det vanskeleg å forstå akkurat kva som skal til for at ei jente på tretten år skal velje tilbodet til NRK. Det å heile tida klare å tilpasse både organisasjonen, måten vi arbeider på, og måten vi publiserer innhaldet på, er ein mykje viktigare del av arbeidet no enn for berre nokre få år sidan. Vi treffer greitt den vaksne delen av befolkninga, men dei yngre slit vi meir med.

– Samstundes seier framleis 46 prosent av befolkninga at dei ser lineær-TV kvar dag. Vil det lineære formatet framleis vere eit satsingsområde i åra framover?

– No fell den lineære bruken ganske raskt. Stadig fleire vaksne vel det digitale tilbodet. Så det er nok den vegen det går. Likevel må innhaldet vårt, anten det er lineært eller digitalt, vere så godt at folk vel å bruke det.

Språk

– Er det stor nok vektlegging av språket i NRK?

– Det korte svaret er nei. Vi i NRK har eit spesielt ansvar for språkutviklinga. Eit levande språk er avgjerande for at vi skal lukkast med å nå ut til folk.

– Fleire har fått dispensasjon til å tale dialekt i Dagsrevyen. Er det ikkje viktig at nyhenda vert presenterte slik at lyttarane til kvar tid skjønar kva som vert sagt?

– Jo, og difor er normert nynorsk og bokmål norma. Språkoppdraget vårt er stort og handlar om fleire ting: norsk og nynorsk, dialektane, dei samiske språka, teiknspråk og alle dei andre minoritetsspråka. Uansett om det er munnleg eller skriftleg, er det viktig at vi har eit godt språk som folk forstår.

– Dag og Tid har korrekturlesarar. Kvifor ser ikkje NRK seg råd til det. De har jo eit særleg ansvar for å kvalitetssikre det som kjem på trykk.

– Eg veit ikkje korleis dette går føre seg i alle avdelingane til NRK. Når det gjeld den skrivne nynorsken, har vi sett i gang ei rekkje tiltak. Vi har nett vore gjennom ei runde med kursing, og alle på huset har tilbod om ein nynorskfadder. For oss som ikkje skriv nynorsk i det daglege, kan det vere ei utfordring.

– NRK har over 3000 tilsette. Det hadde ikkje vore ein alt for stor ressurspost.

– Det kan godt hende at det er det nokre stader. Men det er ikkje noko vi har overalt heile tida. Det er mange ting vi skal få til, så vi må prioritere.

– Du har i eit tidlegare intervju etterlyst meir mangfald i «språk, kultur, funksjonsevne og perspektiv» i NRK. Kva legg du i det?

– Vi har som oppdrag å spegle befolkninga i innhaldet vårt. Då må vi også gjere det i organisasjonen, og det gjer vi ikkje i stor nok grad i dag. Vi har til dømes ikkje vore flinke nok til å rekruttere folk med fleirkulturell bakgrunn. Det har vi no teke tak i. Vi skal ikkje vere ein einsarta organisasjon, men spegle dei som bur i landet vår i større grad. Då må vi setje mål og ha ei leiing som seier at dette er viktig.

– Du nemner mangfald i perspektiv. Ein stadig kritikk er at NRK har politisk slagside.

– Det skal ikkje vere politisk slagside i NRK. Vi skal vere objektive, nøytrale og balanserte over tid. Det er det vi strever etter.

– Lukkast de med det i dag?

– Det veit eg at det er mange ulike meiningar om. Det er mykje debatt rundt det vi gjer, heile tida. Og det er bra. Det skal vere debatt rundt det NRK gjer.

– Men kva er di personlege meining?

– Eg opplever ikkje at NRK har politisk slagside. Kravet til nøytral og uavhengig journalistikk står sterkt hos oss.

– Somme har peikt på at spesielt unge høgrevridde menn ikkje finn seg til rette i NRK sitt innhald.

– Då gjer vi ikkje jobben vår. Vi skal vere for alle. Om vi ikkje vert oppfatta som relevante, har vi ein jobb å gjere. Breidda i oppdraget vårt er at alle skal finne noko som er relevant for dei.

Mediemangfald

– På NRK.no kan de levere nyhende gratis som andre må ta betalt for. Er det eit urettvist forsprang at de kan tilby innhald gratis, medan andre må ta betaling for det?

– Eg opplever at vi i Noreg har eit veldig godt og solid mediemangfald. NRK har i oppdrag å levere på alle plattformer og gjere det på ein måte vi meiner er bra for publikum.

– Men kan det òg øydeleggje det same mediemangfaldet?

– Det ser ikkje slik ut. Det går ganske bra med dei fleste norske media for tida. Eg opplever at vi har eit godt samarbeid med dei andre, og at mediemangfaldet er bra for publikum.

– NRK har gått saman med TV2 for å kjøpe rettane til både fotball-VM og -EM dei neste åra. Er det rett å bruke statlege midlar på å den pengegaloppen som har oppstått rundt store idrettsarrangement?

– Vi skal vere til stades både i breiddeidretten og ved dei store sportsarrangementa. Det er ein del av det vi skal levere på. Men du har heilt rett i at det er enorme summar, det kostar mykje å kjøpe rettar til sportsarrangement. Difor har vi vore opptekne av å finne ut av korleis vi kan gå i partnarskap med andre norske aktørar, slik at publikum får tilgang til desse arrangementa. Fotball-VM er ei stor sportshending som mange er veldig opptekne av, og som samlar eit stort publikum.

– No i vinter kjem det eit VM i Qatar som har vore under sterk kritikk. Kva tenkjer du om å gi merksemd til dette arrangementet?

– Vi har vore opptekne av å dekkje dei kritikkverdige forholda journalistisk. Å drive med kritisk og undersøkjande journalistikk er ein del av oppdraget vårt.

– Men er det rett å gi sjølve meisterskapen i Qatar plass på sendeflata? Ein kunne ha drive med kritisk journalistikk utan å overføre kampane?

– Dette er eitt av dei største idrettsarrangementa i verda. Alle land stiller. Eg meiner at vi både kan formidle idrettsgleda og samtidig drive kritisk journalistikk på regimet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Uansett om det er munnleg eller skriftleg, er det viktig at vi har eit godt språk som folk forstår.

– Det er mykje debatt rundt det vi gjer, heile tida. Og det er bra. Det skal vere debatt rundt det NRK gjer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis