Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Italiensk mafiafeide

Innanriksministeren i Italia trugar med å ta politivernet frå den kjende forfattaren Roberto Saviano.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kjende forfattaren Roberto Saviano går knallhardt ut mot innanriksministeren i Italia.

Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix

4044
20180803
4044
20180803

Kultur

ottar@dagogtid.no

I 2006 gav Saviano ut romanen Gomorra, som handlar om mafiaen i Napoli. Boka var ein stor suksess, og i Italia vart det selt 1,3 millionar eksemplar. Gomorra vart sett om til mange språk, og Saviano vart ein av dei mest kjende italienske forfattarane. Boka er filmatisert, og det er laga fjernsynsserie av henne. Sidan har Saviano skrive om den internasjonale kokainhandelen.

Boka om mafiaen førte til at Saviano fekk drapstrugsmål, og det vart så gale at han måtte ha politivern. Men trass i trugsmåla har Saviano valt å ha ein høg profil, og han har vorte ei kjend røyst i den italienske samfunnsdebatten. Han har spalte i avisa L’Espresso og er ofte å sjå på fjernsynet og offentlege arrangement. Han har vore ein engasjert intellektuell.

I det siste har Saviano kome med kraftige åtak på innanriksminister Matteo Salvini og innvandringspolitikken han fører. Blant anna har han hevda at statsråden ikkje tek det alvorleg nok når små born misser livet når dei freistar å ta seg over Middelhavet.

«Dårleg italienar»

Saviano skriv blant anna i The Guardian, og nyleg skreiv han at Italias krig mot migrantane har fått han til å frykta for framtida til landet. Det er ikkje så lenge sidan Italia fekk ei høgrepopulistisk regjering, og Saviano har vore ein av dei hardaste kritikarane, blant anna av innanriksminister Salvini. Dette har ført til at statsråden meinte det var på tide å sjå på Savianos politieskorte på nytt som ein del av gjennomgangen av Italias pengebruk. Salvini viste til at Saviano ofte er i utlandet, og at alvoret i trugsmåla mot forfattaren må vurderast. Leiaren for det høgreeksteme partiet Fratelli d’Italia, Giorgia Meloni, har skulda Saviano for å vera ein «dårleg italienar» som «går til åtak på fedrelandet frå ei loftslelegheit i New York».

Harde skuldingar

Savianos støttespelarar har hevda at dette er eit uttrykk for at Salvini misbrukar makta si som innanriksminister, og at han trugar dei demokratiske verdiane i Italia.

Men Savianos hyppige kritikk av det italienske samfunnet og den politiske korrupsjonen kan også ha irritert folk. I åtaket på Saviano kan det synast som Salvini har valt same side som dei som synest at forfattaren har vore for kritisk, skriv The Guardian.

Den tidlegare innanriksministeren Marco Minniti har i La Repubblica mint om at det er strenge og transparente prosedyrar når nokon skal ha politivern. Slike avgjerder er ikkje avhengige av kva personlege syn ein statsråd har på vernet av ein person.

Men Saviano kan ha gått for langt i kritikken sin. I alle fall hevdar han at Salvini lét seg velja til parlamentet i Sør-Italia med støtte frå den italienske mafiaen. Han seier at kjende mafiabossar deltok på Salvinis møte, og no har innanriksministeren svart med å gå til sak mot Saviano. Mafiajegeren svarar med å seia at han gler seg til å møta Salvini i retten, skriv Politiken.

Ein sekk med lort

– Eg aksepterer alle former for kritikk, men eg tillèt ingen å seia at eg hjelper mafiaen, ein sekk med lort som eg kjempar mot av alle krefter. Like så lite tillèt eg utsegner om at eg er lukkeleg når eit barn døyr, skreiv innanriksminister Salvini i ei melding.

Dette skal vera svar på ein tweet frå Saviano der han ikkje la noko imellom, men skreiv:

«Innrøm gleda di, du, som kallar deg far, når du ser uskuldige born døy på havet.»

Saviano har tidlegare skulda borgarmeisteren i Napoli, Luigi de Magistris, for å ignorera tilhøva i dei lutfattige og kriminelle forstadene. Magistris var tidlegare dommar, og han har skulda Saviano for å vera useriøs i bøkene sine om den napolitanske mafiaorganisasjonen Camorra. Borgarmeisteren skuldar Saviano for å tena pengar på Napolis rekning. I 2013 vart Saviano dømd for å ha plagiert artiklar frå den lokale pressa i Napoli i boka Gomorra, og ein amerikansk journalist har skulda han for plagiat i boka ZeroZeroZero. Men Saviano har avvist skuldingane, fortel Politiken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis