Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Jan Jakob Tønseth (1947–2018)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan Jakob Tønseth var omsetjar og forfattar og gav ut bøker i mange sjangrar.

Foto: Maja Hattvang

2870
20181019
2870
20181019

Diktaren Jan Jakob Tønseth, den lærde alvorsmannen, den tagale humoristen, er død, 71 år gamal. Det er ikkje tragisk, men det er jævlig trist – og dette er hans eigne ord, i diktet «Ars vivendi» frå diktsamlinga Muntre dødsdikt: Alt med meg blir borte – «og det er det som er så jævlig trist». Det låg vel i tittelen som eit omen at Muntre dødsdikt frå 2015 vart den siste diktsamlinga hans. Året før hadde han fått diagnosen som kunne lesast som ein dødsdom, og den tok han ordrett med i eit anna dikt: «Mamma carcinum cum met. (skjelett)». Latinen løynde ingenting for den språkmektige pasienten, han visste frå før at «en dag, en time er det over uansett». Merk at det rimar.

Jan Jakob Tønseth var makelaus som lyrikar. Han dikta helst i sonettform, som dei store forgjengarane Baudelaire og Nerval. Diktaren Emil Boyson såg på den 24 år unge debutanten i 1971 som «den sterkaste debut i norsk poesi sidan Claes Gill». Tønseth var høgt heva over den gjengse modernismen, slik han òg var framand for tidsånda under seinkapitalismen i det såkalla forbrukarsamfunnet og like fjern frå venstresidas ideologiske materialisme. Poesien var for han ein motstandskamp, dømd til nederlag i heroisk resignasjon. Han er noko så sjeldan i vår tid som ein metafysisk diktar.

Dei tre romanane om Hilmar Iversen, som må seiast å vere Tønseths store publikumssuksess, handlar òg om nederlag – i krig, politikk og kjærleik. Ein typisk tittel er Resignasjon og portvin. I denne trilogien og i novellesamlinga Von Aschenbachs fristelse skapte Tønseth ein stilisert gammalmodig prosa som plasserer teksten i samtida for handlinga. Det er meisterleg gjort. I den lyriske diktinga nyttar han eit sobert klassisk riksmål, når han då ikkje, som i den siste samlinga, slepper laus den arkaiserande trongen i seg og blandar inversjonar og liturgisk språk med brotstykke av wergelandske dødsdikt. Det er ein avansert galgenhumor i desse dikta, eit slags underfundig alvor, som nokon har kalla det.

Jan Jakob Tønseth hadde sans for humor, han har jamvel skrive ein apokryf biografi om humoristen Kjell Aukrust. Ikkje alle veit at han òg var ein habil langdistanseløpar. Han sprang ikkje for å vinne laurbærkransen, men truleg for å vinne over seg sjølv. Han var ein lærd mann og ein gåverik attdiktar av framand lyrikk i klassiske verseformer, med ein hugnad for surrealismen som einaste tributt til det moderne. Av prosa omsette han mellom anna den spanske grublaren Miguel de Unamuno og ein tobinds roman av Jean-Paul Sartre. Innsiktsfulle essay om dikting og liv skreiv han fleire av.

Jan Jakob Tønseth vart fødd i Oslo og budde all si vaksentid på Sagene, dei siste åra som enkjemann etter Grete Moen, som døydde altfor tidleg, med to born som no er vaksne, og ein stor katt som heiter Sanssouci. Mange venner minnest Jan Jakob med glede og sorg.

Tom Lotherington

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis