Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

2209
20181102

Olaf Bulls død

Tomhet for tomhet nærmer seg din time

og livet trer til side, vender bort

fra denne engel som er hul og sort

som glemsel. Merker du den siste strime

av dagslys inn vinduet? Eller falmer det

slik våren falmet i ditt brente sinn?

Og merker du den hånd som binder din

til seg og livet? Eller viker det,

som ebbe sjø, og levner ingenting

og død. For det er engelens rett å få

sin døde med. Men ikke vår garant

mot det å glemmes, dine vers, din pant

i livet, dikter, som du oppgir nå

i skyggesuset av en veldig vinge.

Jan Jakob Tønseth

Jan Jakob Tønseth (1947–2018), aktiv og produktiv Oslo-forfattar: poet (åtte samlingar), romanforfattar (trilogien om Hilmar Iversen i den spanske borgarkrigen), tre andre prosautgjevingar, to essaysamlingar, gjendiktingar (saman med Arne Kjell Haugen) av Rimbaud, Mallarmé, Apollinaire, Michaux – Tønseths samla poesi kom ut i fjor, under tittelen Mellom drøm og nærvær.

Han var ein gamalmodig modernist som skreiv sonettar og tok lærdom av Nerval og Baudelaire, av Claes Gill og Emil Boyson – med debut i 1971, då andre skrivemåtar var i vinden. Men Tønseth heldt på sitt, og når han i 2015 gjev ut sin siste poesi Muntre dødsdikt og andre dikt, har han sjølvstende nok til å alludera til Wergelands strofer frå sjukesenga: «Jeg ligger i min seng på hospitalet/ from som et lam og nylig operert./ Nå er jeg sammen sydd og bandasjert./ Jeg våken er og er i det reale.»

Der mange kollegaer valde heltane sine blant USAs modernistar, peika Tønseth på Frankrike, Spania og Europas surrealistar. Olaf Bulls stein, den som fell og fell gjennom rommet – Tønseths dikt «Fall» er på to liner: «Å, det å kjenne/ sitt hjerte falle gjennom eterdypet!»

Samlinga Motgift (1994) har to andre dikt til same poet – eit begynner slik: «Hva med lykken?/ Den er hørensagen/ og fortid./ Du fordrer ikke mye./ Mai-sol mot gardinet, kanhende,/ noe mot nevrasteni.»

Sjukdomserfaringa vart Tønseth til del tjue år seinare, ein cancer han overlevde – for ei tid. Som lækjebot drog han til sitt elska Fagervann i Nordmarka, for å sjå solnedgangen.

Å verta gløymd, å verta hugsa – i skuggesuset av ei veldig vengje – om det handlar diktet «Olaf Bulls død», også frå 1994.

Jan Erik Vold

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis