Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Journalisten Vinje gjorde urett mot Anne Evenstad

I forteljinga «Kaksen» gjer A.O. Vinje skam på alt han vert rosa for: tvisynet for å finne fram til sanning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anne Evenstad (1830–1909) tok over storgarden Evenstad i Østerdalen og stifta fleire legat til samfunnsnyttige føremål.

6098
20180420
6098
20180420

Kommentar

I jubileumsåret får vi høyre at Aasmund Olavsson Vinje skapte ein ny journalistikk. I staden for å sitje på eit kontor og klippe saman nyhende, som vanleg var, gjekk han ut og observerte og skreiv om det han sjølv såg og høyrde. Han stilte spørsmål, var kritisk og såg alltid ei sak frå minst to sider.

Ferdaminne frå sumaren 1860 kom fyrst som føljetong i avisa Dølen, og må vel kunne reknast innan journalistikken, som reisebrev. Men i stykket «Kaksen» har Vinje berre høyrt på bygdesladderen. Då Vinje var i Stor-Elvdal sommaren 1860, var det gått vel eit år sidan dei dramatiske hendingane på Evenstad etterjulsvinteren 1859, som han skildrar i «Kaksen». Det er ikkje kaksen som blir hovudperson, men husmannsjenta Anne Olsdatter Kjøllhamar (1830–1909).

Som ei novelle

Livet til Anne Kjøllhamar blei som ei vekebladsnovelle. Frå å vera husmannsjente og seinare tenestejente på den største garden i bygda, blei ho kone på same gard. Men det førte til mykje sladder og stygt prat om Anne i bygda, og dette ser det ut til at Vinje har lytta til då han var i Stor-Elvdal.

Å høyre på sladder var ulikt Vinje, skulle eg tru, og særleg om ei husmannsjente når han sjølv var husmannsgut. Den einaste forklaringa er at han ville gjeva eit spark til dei rike storbøndene og dei svarte sidene ved herrelivet hjå mange østerdølar, at mange «forkjem av drykk og gode dagar», som han skriv. Og så kjem han med denne forteljinga: «Kaksen». Det er ikkje vanskeleg for samtida å sjå at det gjeld Evenstad. Rett nok brukar han andre namn og kallar gutane på Evenstad Sigurd og Svein. Men Anne, husmannsjenta, fekk behalde namnet sitt.

Husmannsdotter

I stykket «Kaksen» skriv Vinje: Anne var ei snill husmannsdotter og så måteleg fager som folk er flest; men hennar opplæring og livsvane og indre strev havde henne ikkje opp frå si stilling; ho var husmannsdotter og lagleg til å vera husmannskone atter; og ingen annan enn ein mann som Sigurd kunne falla på å lyfta henne opp.

Anne var husmannsdotter frå Atneosen. Men ho hadde lært å lesa og skrive, og ho var flink med hendene sine. Tolv år gamal kom ho til Evenstad som gjetarjente og blei seinare verande der. Etter kvart blei ho husmora Ragnhilds høgre hand på kjøkkenet, og då ho døydde i 1848, blei Anne hushaldar. Evenstad var største garden i bygda, med mange menneske ute og inne. Det var eit stort hushald Anne fekk ansvar for, berre 18 år gamal. Og det var sjølvsagt fordi ho var dyktig og flink.

Festglade ungkarar

Evenstad-karane heitte Ole Olsen, den eine etter den andre. Dei var lensmenn i generasjonar, og O.O. nr. 2 var også eidsvollsmann. Ole Olsen nr. 3, som Vinje kallar «kaksen», var no enkemann, med to søner: Ole (f. 1827) og Tollef (1834).

Vinje legg stor vekt på at dei to gutane er bortskjemde og fåkunnige. Dei drikk og øyder opp pengar, og alle bra jenter held seg unna, skriv han. Ein positiv eigenskap nemner Vinje: Det var eit godt huglynde i dei.

Ja, dei var sikkert festglade ungkarar. Og det var mykje inngifte i ætta som kunne ha svekt både fysikken og karakteren, er det blitt sagt. Så gjekk det slik at den eldste sonen – Ole – og Anne blei glade i kvarandre. Far hans godkjente forholdet. Dei blei forlova i 1858, og det blei stelt til bryllaup på nyåret. Det var på høg tid, brura var med barn, men slikt har hendt før. Ole drar til Kristiania for å handle inn til laget. Det er januar og bitande kaldt. På veg heim får han høyre at broren Tollef er død. Han skundar seg heim og får sjølv ein helseknekk. Den 12. januar 1859 døydde Tollef, og Ole den 24. januar.

Dobbel gravferd

Vinje framstiller dette slik. Då «brudgommen», som er på veg heim, får høyre at broren har drukke seg i hel, sprengkøyrer han heim medan han drikk. Vinje unndreg seg ikkje for å seie at det truleg var av tanken på at han no var vorten dobbelt så rik.

I staden for bryllaup blir det dobbel gravferd. Den 3. mars døyr også faren av sorg. Innan det skjer, skriv han eit testamente, der han overlèt alt til «pigen Anne Olsdatter Kildehammeren og det barn hun var fruktsommelig med».

Den 26. mars 1859 får Anne ein son, Ole Olsen Evenstad, som blei nummer fem i rekka. Og innan året er omme, ordnar slekta med giftarmål mellom Anne og søskenbarnet til Ole, som skulle ha blitt mannen hennar.

Ikkje rart det vart mykje snakk i bygda. Og no, sommaren 1860, går sladderen framleis, og Vinje lyder kritikklaust. Vinje budde fleire dagar på Akselstu Møkleby og kunne lett ha oppsøkt Anne. Garden Evenstad ligg beint over på andre sida av Glåma.

Det blir fortalt at då lensmann Aars las opp testamentet for slekta, som i dette høvet var samla på Evenstad, måtte han ut på kjøkkenet og fortelje Anne kva som stod der. Anne stod og stampa grauten like roleg. «Men forsto du ikke hva jeg sa da, Anne? Du har fått Evenstad og hele rikdommen.» «Døm lyt da full ha kvelvorden følk for det», sa Anne.

Velgjerar

Anne Evenstad viste seg å vera lagleg husfrue på ein stor gard. Ho var myndig og klok, og blei ein stor velgjerar for bygda. Alt i 1859, altså året før Vinje er i bygda, oppretta ho eit legat, «Lensmann Evenstads legat» som hjelp til skolegang for fattig, men evnerik ungdom. Slik takka ho og æra svigerfar sin, og slik hjelpte ho andre til skolegang som ho sjølv hadde sakna. Same året gav ho pengar til orgel i Stor-Elvdals hovudkyrkje.

Sorgene tok ikkje slutt for Anne. Mannen hennar døydde tidleg, men ho hadde sonen Ole. Berre 32 år gamal døyr også han, utan arvingar. Men Anne lever vidare og held fram med å gjeva store legat til beste for bygda og samfunnet. Då ho døydde i 1909, sørgde heile bygda. Anne Evenstad og sonen Ole Olsen Evenstad nummer fem ynskte at garden Evenstad skulle bli eit sentrum for skogkultur i landet. I 1912 opna Evenstad skogskole. I dag er skulen ein del av Høgskolen i Hedmark, med skog- og utmarksfag.

Åsta Østmoe Kostveit er
lærar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Anne Evenstad viste seg å vera lagleg husfrue på ein stor gard.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis