Foto: Hugo Wickman / Nasjonalbiblioteket / Wikipedia
Tømmer
Det er godt det finnes tømmer ennå i verden
og velteplasser nok
ennå.
For det er en stor fred i tømmeret
og et stort lys i det
som kan skinne langt inn i kveldene
om sommeren.
Det er god trøst i bråterøk
og i god kvae som trenger ut i store perler
dypt inni skogene.
Lukten av tømmer minner om søt valmue og korn.
Det er godt det lyser av tømmer nok på moene ennå
ved Ångermanelven og Deep Creek, Columbia,
som en søle efter solstrålene
rundt om i verden, en sovende styrke på jorden, en hemmelig kraft
som skal vare i slektledd, nesten som jern.
Det har brødets farve og kvinnekroppens
og den skinnende viljen i sig som kanskje kommer av
stor kjærlighet.
For tømmeret er en del av den store våren i verden.
Det kommer fra kilder som ødeleggeren ennå ikke har nådd.
– – –
Det er de store elvene som tar sig av det.
Er det en elskov mellem treets kraft og vannets?
De fører det sakte rundt store nes i en stille rytme
som minner om dans.
– – –
Det er disse ting stjernehimmelen er satt over:
De dødes ensomhet, ungdommens mot og tømmer
som føres langsomt avsted på store elver.
Rolf Jacobsen

Kan ein god diktar skriva ei dårleg diktline? Vel, vi har Bjørnson, som skreiv: «Og fjellene selv ropte langt hurra.» Og Gunvor Hofmo, som opna eit Afrika-dikt med: «Zambia, du med tigre/ mellom flodene». Ein kritikar peika på at det ikkje finst tigrar i Afrika.
Kva med Rolf Jacobsen? I diktet «Gummi» frå 1935 nemner han eit bildekk som set avtrykk i landevegssanden, med bokstaven K for «Kelly». Etter krigen, då dekkfirmaet Kelly ikkje lenger finst, rettar han teksten til bokstaven G for «Goodyear». Vert diktet meir tilgjengeleg av den grunn?
Diktet denne veka, «Tømmer» frå 1954, er eitt av dei mest kjende og populære dikta til Jacobsen. Her finst éi line som skurrar i mine øyre og i øyra til sume andre.
Eg trudde lenge det var ein trykkfeil i strofe 3, line 3 – at det skulle vera: «som en søile efter solstrålene», slik det stod i pocketutgåva av Samlede dikt frå 1973. Men denne diktendringa er seinare oppheva. Det skal stå «søle». Jacobsen les det, på LP-plata Til Jorden, med Egil Kapstad, i 1978, men med eit tillegg: «som en slags søle...».
Søyle var lett å tenkja, om ein såg på tømmeret vertikalt. Men søle kan ikkje vera vertikal. Søle er noko som ligg på bakken, horisontalt. Då må det vera velteplassar for tømmer diktet spelar på – eller barkeplasser, som han les på plata – eit ope felt der stokkane er stabla i lunnar, og ligg helst tørt. Søle er vått. Diktperspektivet er globalt («rundt om i verden»), frå Norrbotten i Sverige til British Columbia i Canada.
Ordet søle er eit uheldig val. I diktsamanhengen må det forståast abstrakt: restar, synlege prov. Å lesa «som en slags søle» kunne tyda på at diktaren òg ana uråd. Eller er det barken som ligg som søle?
Jan Erik Vold
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.