Kjende personar på frimerke?
Ifylgje Wikipedia finst det 31 norske popmusikarar på frimerka våre, frå Rocke-Pelle og Jahn Teigen til Inger Lise Rypdal og Åge Aleksandersen. Og éin jazzmusikar: Nils Petter Molvær. 45 idrettsutøvarar. Og 13 poetar, frå Petter Dass og Wessel til Wildenvey og Halldis Moren Vesaas (1907–1995).
Den siste er, så vidt eg ser, den einaste som har fått nokre diktliner siterte på frimerket (men med feil linedeling):
Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set seg i gang.
Linene står der, frimodige og tenåringsaktige, når ein ikkje kjenner samanhengen. Dette er den aldrande diktarinna med kjærasten Gisle Straume (1917–1988), dei heldt saman på 1980-talet. Er det den «rampete» Halldis vi plutseleg augnar, i denne sjarmerande bagatellen frå siste samlinga Livshus (1995)? Tarjei Vesaas (1897–1970) fekk eit frimerke til hundreårsdagen i 1997, avbilda med eit strengt andlet. Når Halldis får tilsvarande ti år seinare, ser ho sprudlande livsglad ut. Desse to utgjevingane står dårleg til kvarandre. (Derimot finst «Ferdaminne frå vinteren 1965» i same bok, som handlar om Halldis og Tarjei.)
Skulle ein hatt eit sentralt Moren Vesaas-sitat, er det mykje å velje mellom. Første strofe i «Ord over grind» frå 1955 har mange merka seg. «Løyndomen» her er at det er ikkje skrive som eit kjærleiksdikt, men eit dikt om venskap, retta til Halldis’ finske poetkollega Solveig von Schoultz:
Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.
Elles går vi filatelistar og ventar på frimerke til heider for slike som Obstfelder, Uppdal, Olaf Bull, Claes Gill, Inger Hagerup, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge.
JAN ERIK VOLD

Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.