Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kongeleg stallknekt til Dag og Tid

Gregor Falkner har jobba som slottsknekt. No har han ansvar for marknadsføringa i Dag og Tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gregor Falkner skal arbeide med annonsering og digital marknadsføring av Dag og Tid.

Foto: Dag og Tid

3073
20180406
3073
20180406

Marknadsføring

ronny@dagogtid.no

Gregor Falkner er ny marknadsansvarleg i Dag og Tid. Namnet har slett ingen nynorskklang, men folk av vidt ulikt nasjonalt opphav er velkomne i Dag og Tid, like til folk frå garpegenitiven sitt heimland. Gregor Falkner er tyskar, nærare bestemt austberlinar. Han var berre fire år då muren mellom Aust- og Vest-Berlin fall i 1989, og har dermed ikkje så mange personlege minne om livet i aust.

Men med Berlinmurens fall stod Vest-Europa open for familien Falkner.

– Det fyrste møtet mitt med Noreg var som barn på sumarferie på Vestlandet, i Sogn og Fjordane og Hardanger, ja, dei vanlege turiststadene. Men eg vart hugteken av Noreg og kom difor attende seinare i livet, fortel Falkner på flytande norsk.

Han oppheldt seg i Noreg i 2004, og kom attende – etter mellom anna eit toårig opphald i Danmark – i 2007. I Danmark og Noreg tok han utdanning innan marknadsføring og økonomi, han har mastergrad frå BI i Oslo, som den beste studenten i klassen.

Slottsknekt

I dag er han busett med norsk kjærast i Noreg, og han har ulike arbeidsrøynsler bak seg på norsk jord. Det mest merkverdige er jobben som slottsknekt hjå dronning Sonja og kong Harald.

– Slottsknekten var opphavleg hestemannen på slottet. Han gjorde klar hestane når kongen eller dronninga skulle ut og ri. No har slottsknekten meir ein funksjon som altmogelegmann, mellom anna tok eg imot gjester som skulle i audiens hjå kongen.

Falkner fortel at han som slottsknekt fekk innføring i alle rare ting som kunne skje på slottet, som: Kva skal gjerast om dronninga sit fast i heisen? Heldigvis slapp han slike uhell. Snart oppdaga dei kongelege Falkners teft for kroner og øre og gav han jobben som skattmeister – eller på moderne norsk: Han fekk jobb i økonomiavdelinga på slottet.

Digitale kampanjar

Og vegen frå dei kongelege til Dag og Tid er sjølvsagt stutt. Gregor Falkner arbeidde deltid med digitale kampanjar, marknadsføring og sosiale medium i Dag og Tid då han studerte. No har hatt fått fast stilling med same ansvarsområde. Men stillinga i Dag og Tid er ikkje det fyrste møtet hans med avisverda.

– Eg kjem sjølv frå ein tysk journalistfamilie. Både mor og far er utdanna og har jobba som journalistar. Aviser som Die Zeit, Der Spiegel og Frankfurter Allgemeine Zeitung var ein naturleg del av oppvoksteren min. Eg kjenner meg difor heime i ei avis som Dag og Tid.

Falkner talar perfekt norsk, han har òg gjennomskoda at bokmål er dansk utkledd som norsk:

– Då eg budde i Danmark, tala eg norsk med tysk uttale, det gjekk forundrande lett.

– Er du klar for overgangen til nynorsk?

– Eg er på jakt etter eit nynorskkurs, så eg kan bruke nynorsk på jobben. Det er heilt naturleg i og med at det er ein nynorsk arbeidsplass. Eg er elles oppglødd for nynorsk, det har ein høgtideleg klang over seg som bokmålet vantar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg kjem sjølv frå ein tysk journalistfamilie. Både mor og far er utdanna og har jobba som journalistar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis