Konkurrerer mot Egner
Barnebøkene til Arne Svingen er blant dei mest utlånte bøkene på norske bibliotek, men bestseljarar er dei ikkje.
Arne Svingen har skrive hundre bøker. Fleire kjem seinare i år.
Foto: Emma Johnsen Rødli
Bakgrunn
Arne Svingen
Forfattar fødd 10. juni 1967
Bur i Oslo
Skriv bøker for barn, ungdom og vaksne
Gav ut bok nummer 100 i januar
Bakgrunn
Arne Svingen
Forfattar fødd 10. juni 1967
Bur i Oslo
Skriv bøker for barn, ungdom og vaksne
Gav ut bok nummer 100 i januar
Barnelitteratur
emmajrodli@gmail.com
Arne Svingen har vore heiltidsforfattar sidan 1997 og skriv bøker for lesarar i alle aldrar. Spesielt brenn forfattaren for å skrive bøker som eignar seg som ei første lesaroppleving for ungar.
– Med somme bøker når eg ikkje-lesarane. Eg skriv slike bøker fordi eg vil lage ein inngangsport til litteraturen for dei. Dessverre heng mange gutar etter i lesinga, og eg vil gjere dei til potensielle lesarar med bøkene mine.
Svingen når gutar ved å skrive bøker med tematikk gutane er interesserte i.
– Eg spør alle skuleklassane eg besøker, kva elevane vil lese. 80 prosent svarar at dei vil ha alt som er skummelt. Dei vil ha spenningsbøker, slik vaksne lesarar vil. For ungar er det å lese noko skummelt ein måte å teste grenser på, innanfor trygge rammer. Fordelen med å oppsøke det skumle i litteraturen, heller enn i film, er at bøker kan latast att. Barna treng ikkje vise for andre at det blir skummelt.
– Kvifor er det viktig å få gutane til å lese?
– Gutane taper stort på at dei er dårlege til å lese og skrive. Den typen jobbar lesesvake gutar kunne få før, blir robotiserte og forsvinn. Vi sit igjen med jobbar som krev lesing og skriving. Dessutan er lesing god kognitiv trening, og det å kunne vere til stades i ein tekst over tid trengst i alle jobbar. Både jenter og gutar les mindre i dag enn før, men jenter les ikkje like lite som gutar. Eg trur dette er ein av grunnane til at 60 prosent av dei som tar høgare utdanning i dag, er jenter.
Finn ikkje litteratur
Svingen trur at éin grunn til at gutar les mindre enn jenter, er at dei har vanskar med å finne litteratur som dei likar.
– Barna har kanskje ikkje bøker på ønskelista og kjøper dei ikkje sjølv. Då må innkjøpa filtrerast gjennom dei vaksne. Når dei får Thorbjørn Egner-bøker til jul, taper Egner ti av ti gonger mot dataspel. Men på lista over dei 50 bøkene som er mest selde i Noreg dei siste ti åra, er Egner-titlar på plass nummer 22 og 25. Der har dei ingenting å gjere. Barn treng oppdatert litteratur, slik vaksne stort sett les oppdatert litteratur.
– Kvifor kjøper vaksne slike bøker til ungar?
– Det er vanskeleg å orientere seg, og kunnskapen i bokhandlar er variert. Skal du finne kunnskap om barne- og ungdomslitteratur, må du på biblioteket.
Svingens barnebøker er populære: I dag er han den tredje mest utlånte forfattaren på norske bibliotek. I bokhandlar, derimot, gjer bøkene hans det mindre bra. Han meiner det er fordi ungane sjølve vel kva bøker dei vil låne på biblioteket.
– Bøkene mine ser skumle ut. Foreldre kjøper heller koselege og oppbyggelege bøker. Svingens mørke verden, som er ein bokserie med skumle historier, er utvilsamt den største suksessen eg har hatt på biblioteka. Det har vore ville tilstandar på skulane eg har besøkt, men bokhandlar får ikkje selt bøkene.
Bok nummer 100
Sidan 1997 har Svingen skrive 100 bøker for barn, ungdommar og vaksne. Bok nummer 100 kom i januar. Barneboka Alle mine venner er vampyrer handlar om ein gut som veks opp i borgarkrig. Boka har ein tung tematikk og eit meir avansert språk enn dei lettlesne bøkene Svingen skriv.
– Boka er eit forsøk på å skildre ein krigskvardag sett med barneauge. Eg gjer meg sjølv til ein elleveåring som skaper ein kvardag med håp. Før skreiv eg i tredjeperson, men eg har vorte flinkare til å skrive historier frå eit førstepersonperspektiv. No klarer eg å sjå verda med barns auge, og det gir andre utvegar, for ungar ser andre ting enn vaksne.
Tung tematikk går igjen i mange av bøkene Svingen har skrive for barn og ungdom. Han set ikkje grenser for seg sjølv.
– Personane i historiene mine opplever livet på godt og vondt. Eg held ikkje tilbake og vurderer om barn kan tole det eg skriv. Viss desse tinga skjer med barn, kvifor skal dei ikkje lese om det på ein måte som gir dei større innblikk og innsyn i saka? Eg tek likevel omsyn til lesaren, for eg formidlar historiene gjennom eit barneblikk.
Svingen vekslar mellom å skrive meir avanserte barnebøker og lettlesne bøker som kan opne litteraturverda for barn.
– Eg deler arbeidsåret i to. Det eine halvåret brukar eg på å skrive meir avanserte bøker. Dei er spennande å skrive, men sel vanlegvis lite. Resten av året brukar eg på seriane mine. Dei er raskare å skrive og mykje meir lesne.
– Du har hatt ein veldig stor produksjon?
– Ja, men nokre av bøkene er korte, og dei tar kortare tid å skrive. Eg har fått ein god rutine på å finne nye idear og å løyse korleis eg skal strukturere historiene. Eg har alltid noko eg vil i gang med når eg er ferdig med ei bok. Då treng eg ikkje pause, for eg elskar idéfasen av skrivinga.
– Er det fare for at bøkene du skriv, kan bli for like?
– Det finst sikkert formuleringar og måtar å bygge historier på som går igjen. Men eg trur eg varierer ein del, med mindre bøkene handlar om den same personen. Då skaper eg eit univers som eg brukar i fleire bøker, og så varierer berre historia.
Gjennom over 20 år som barnebokforfattar og skulebesøk meiner Svingen at ungar har andre lesevanar i dag enn dei hadde då han starta karrieren.
– Lesing har fått sterk konkurranse dei siste åra. Eg har gått tilbake til å tilrå lesing på senga, for på dagtid er det for mange distraksjonar. Om dei opparbeider ein vane med å lese på senga, kan dei kanskje oppleve det eg gjorde: Anten er boka så dårleg at dei sovnar, eller så blir dei liggande oppe lenger enn planlagt fordi boka er så god.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Skal du finne kunnskap om barne- og ungdomslitteratur, må du på biblioteket.
Arne Svingen, forfattar
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.