Kristine Bonnevie: – Kva ville ho med livet?
Kristine Bonnevie (1872–1948).
Foto: Wikipedia
Professoren
I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største

Kristine Bonnevie (1872–1948) ruver i kvinnehistoria til norske universitet. Ho var den fyrste kvinna som tok doktorgrad i naturvitskap ved eit norsk universitet (1906), den fyrste kvinnelege medlemen av Det Norske Vitskaps-akademi (1911) og – ikkje minst – den fyrste kvinnelige professoren i Noreg (1912). I tillegg tok ho på seg ei rekkje oppgåver sosialt og politisk, både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna i Folkeforbundet.
Kva var dei viktigaste forskingsprosjekta hennar?
Forskinga hennar dekkjer tre felt: marinbiologi, cytologi og genetikk. Ho studerte særleg korleis kromosom ter seg når celler deler seg. Ho jakta på fenomen både hos mus og menneske som kunne stadfeste lovbunden arv.
Kva meinte ho om samtida?
Bonnevie stod midt i striden om arvehygiene og rasehygiene (eugenikk) i ei tid då mange frå fagmiljøa hevda at det var klare skilnader på rasar, med dei kvite på topp. Ho støtta ikkje dette synet. Bonnevie var elles ihuga rojalist, og det ein i dag ville kalle sosial-liberalar. (Ho sat i bystyret i Kristiania for Frisinnede venstre.) Ho var ikkje spesielt glad for framgangen for sosialistane og «landsmålet». Trass i dette aksepterte den ihuga riksmålsforkjemparen både «blautdyr» og «ålegras» i læreboka si i biologi for gymnaset.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Som ein kvinneleg pioner i akademia vart ho eit førebilete for unge kvinner, og ho var særs aktiv med å rekruttere kvinner inn i eiga forsking. Biologifaget har sjølvsagt utvikla seg enormt etter hennar tid, men nokre av publikasjonane hennar, til dømes om nedarving av papillærmønster i fingrar og hjerneanomaliar hos mus, vert framleis siterte, og ho har fått namnet sitt på ein hjernesjukdom hos menneske: Bonnevie-Ulrich-syndromet. Vi biologar ved Universitetet i Oslo held elles til i Kristine Bonnevies hus.
Var ho lukkeleg?
Det er det all grunn til å tru. Ho stifta aldri familie, men hadde ei uvanleg omsut for tanteborna – og ikkje minst for studentar. Ho såg at det grodde i spora hennar og gledde seg over at studentane – «borna hennar» – lukkast fagleg. Ho hadde eit lyst sinn og var ein stor altruist. Elles farga kjærleiken til faget og vitskapen heile livet hennar.
Var ho eit godt menneske?
Ja! Ho sørgde for matforsyning til studentar under både første og andre verdskrigen. Ho skaffa parsellar for potetdyrking med meir på Nordstrand for å skaffe føde til studentane. Ho etablerte Studenterhuset i Schultz’s gate 7 og Studiehjemmet for unge piker i Geitmyrsveien, og studentkantinar i både Aulakjelleren og Blindernkjelleren. Som det står i eit referat, var det «atter Bonnevie som stilte opp: Syk og med feber sto hun i krigens siste år i Blindernkjelleren, veide opp mel og gryn og fordelte danskepakker». Ho var også aktiv som matleverandør til folk som låg i dekning under krigen, og spela ei viktig rolle for å berge jødar trygt ut av landet.
Kven var ho i strid med?
Alle som fremjar vitskaplege teoriar, risikerer strid, og ho hamna i fagleg kontrovers med opponenten sin, Kristian Scheiner. Ho var også i fagleg strid med eugenikaren Jon Alfred Mjøen. Elles kasta ho seg ut i disputten når det gjaldt kvar Universitetet i Oslo skulle byggjast ut: Tøyen eller Blindern. Her stod ho på barrikadane, blant anna saman med svogeren, Vilhelm Bjerknes, for Blindern, og ho mislikte tanken på at arbeidsplassen skulle vere i eit «arbeidarstrok». Her fekk ho mektige motstandarar i professorane W.C. Brøgger og J. Nordal Wille som kjempa med nebb og klør for Tøyen, der dei naturhistoriske musea alt låg.
Trudde ho på Gud?
Nei, ho hadde ikkje nokon trong til det ho kalla ein «vitalistisk restforklaring». Ho var ein av dei første norske humanetikarane – endåtil før Kristian Horn fann opp omgrepet. (Horn var elles ein av studentane hennar.) Likevel var ho tolerant, og kan siterast: «Det vil alltid komme til å finnes rikelig plass for religiøs tro og for et religiøst livssyn, utenfor vår viten om de objektive kjensgjerninger.» Men vikepliktsreglane var klåre: Kjem tru i konflikt med «viten», er det trua som må vike.
Kva ville ho med livet?
Ho ville ikkje mindre enn å tene vitskapen og menneska. Sjå til dømes sitatet nedanfor.
Typisk sitat?
«Selv om dagens timer ofte nok kan ha vært fylt av andre gjøremål, så har det dog alltid vist seg mulig å finne en liten plass til det videnskapelige forskningsarbeide (…) Dette er det, mer enn noe annet, som har satt farven på min tilværelse, det har gitt innhold til hver ledig stund, og det ligger ennu alltid lokkende foran meg.»
Dag Olav Hessen og Inger Nordal
Dag O. Hessen er professor i biologi ved UiO. Han forskar på evolusjon og økologi og har skrive fleire populærfaglege bøker. Inger Nordal er pensjonert professor i biologi ved UiO. Saman med Thore Lie gav Hessen og Nordal ut Kristine Bonnevie – et forskerliv i 2012,
ved hundreårsjubileet for utnemninga av Noregs første kvinnelege professor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.