Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rjukan-Notodden industriarv vert teken inn på lista til UNESCO.

Foto: Per Berntsen

2319
20180323
2319
20180323

Kronsprinsparet til Rjukan

Rjukan-Notodden industriarv vart skriven inn på Unescos verdssarvliste 5. juli 2015. Det er eit stort område med ei viktig industrihistorie som dermed har kome inn på denne prestisjefylte lista. Med denne innskrivinga har eit stykke norsk soge vorte ein viktig del av den globale kulturarven. No melder Riksantikvaren at anlegget får storfint besøk. Kronprinsparet besøkjer Notodden og Tinn 3. mai for å delta i markeringa av den nye verdsarvstaden Rjukan-Notodden industriarv. Markeringa vil byrja på føremiddagen i Hydroparken på Notodden og bli avslutta på ettermiddagen på Rjukan torg. Det er òg planar om ei tilstelling på Mæl i Tinn når fylgjet fer frå Notodden til Rjukan.

Born skjønar ironi

Ny norsk forsking viser at born kan skjøne ironi alt i barnehagen. Det har alt kome forskingsresultat som provar dette, i 2010 kom canadiske forskarar fram til at born skjønar ironi alt frå dei er seks år gamle. No fylgjer Universitetet i Oslo opp denne forskinga. Ingrid Lossius Falkum leiar eit nytt forskingsprosjekt om born og ironi: Her har forskarane mellom anna prøvd å bruke eit overdrive tonefall som tydeleg signaliserer at det her er snakk om noko dei ikkje meiner.

«Det som er interessant med vår forsking er at fire– og femåringane, som jamt over gjorde det dårlegare enn dei som var eit par år eldre, vart betre viss ironien vart uttrykt med eit overdrive parodisk tonefall, seier Falkum til NRK.

Liv laga Dun-tradisjonen

I tidlegare tider var sanking av egg og fjør frå reir svært vanleg i Noreg. Skikken finst framleis i Noreg, han blir halden levande av innbyggjarar på øyar der det fanst dunvær, og av andre entusiastar. Interessa for dunværa finst òg hjå forskarar. Professor ved Institutt for arkeologi og kulturhistorie ved NTNU Vitenskapsmuseet, Birgitta Berglund, har studert dunværa, stadene der folk sanka egg og dun frå sjøfugl, og den spesielle kulturen på helgelandskysten sidan 1970-åra. Ho har mellom anna forska på kor langt attende i tid tradisjonen med dunvær går. Til forskning.no fortel ho at sjøfararen og stormannen Ottar frå Hålogaland sa til kong Alfred av Wessex på slutten av 800-talet at han budde lenger nord enn nokon annan nordmann. Han fortalde at han tok imot ti sekker dun som del av skatten frå dei gjævaste samane i området.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis