Kultregissør på krigsstien
REYKJAVIK: Først laga han film om mannen i hesten og hesten i mannen. No byr han på feelgood om ei miljømedviten kvinne på krigsstien.
Benedikt Erlingsson er oppteken av både klimaendringane og å ta vare på den vakre islandske naturen.
Foto: Harald Hognerud
Bakgrunn
Benedikt Erlingsson
Fødd i Reykjavik i 1969
Skodespelar, teaterinstruktør, filmregissør, stand up-forteljar
Spelefilmdebuterte med Om hester og menn i 2013
Har fått Nordisk råds filmpris og mange andre prisar
Opnar Bergen internasjonale filmfestival med Kvinne på krigsstien 26. september
Kinoaktuell i Noreg i februar

Film
ottar@dagogtid.no
Islendingen Benedikt Erlingsson debuterte som spelefilmregissør med Om hester og menn og fekk kultstatus i filmverda. «Dette er ein svært hyggeleg film frå den ville sida av den ville sida. Det er ei kjærleikshistorie om og med hestar, nesten som ein stumfilm med ord», skreiv The Guardian.
– Hestekulturen er det einaste som er att frå dei første som busette seg på Island, uttalte filmskaparen.
Erlingsson er oppvaksen i Reykjavik, men som tiåring fekk han eigen hest, Roshildur, oppkalla etter mormora. Den hadde han i tretti år, og framleis har han hest, eller rettare sagt fem hestar.
For hestefilmen fekk islendingen meir enn tjue internasjonale prisar, blant dei Nordisk råds filmpris og publikumsprisen på filmfestivalen i Tromsø.
Miljøaktivist
Fem år etter kan han by publikum på ein ny film som mange kjem til å setja stor pris på. I Reykjavik har filmen stått på plakaten sidan mai, og framleis kjem folk for å sjå han.
Filmen handlar om ei som tek den globale klimakrisa på alvor. Halla er ei sjarmerande, einsleg, middelaldrande kvinne som er kordirigent om dagen og miljøaktivist, med stort og hemmeleg engasjement, på fritida. Ho fører ein privat geriljakrig mot monstermastene og kraftlinene som sørgjer for straum til den islandske tungindustrien. For nokre år sidan søkte ho om å få adoptera eit barn frå Ukraina, og midt i striden kjem meldinga om at Halla skal verta mor.
Filmen fekk fire prisar og mykje merksemd på filmfestivalen i Cannes.
– Sidan har det vore eit stort halleluja, konstaterer regissøren.
Neste veke opnar Kvinne på krigsstien Bergen internasjonale filmfestival. På nyåret står han på programmet på filmfestivalen i Tromsø, og etter det kjem han på norske kinoar.
Barbari
Smilande dukkar Benedikt Erlingsson opp utanfor Mokka, ein av dei eldste og minste kafeane i Reykjavik, berre nokre hundre meter frå den monumentale Hallgrimskyrkja. Han gjer seg godt forstått på skandinavisk, men som islendingar flest finn han ut at samtalen glir betre på engelsk.
Han er teaterregissør og skodespelar, men av og til byr han på einmannsshow der historieforteljaren får fritt spelerom. Tidlegare har han turnert Norden rundt med Ormstunga, og i seks år var han historieforteljar i eit stykke om Egil Skallagrimsson.
Det er ikkje utan grunn at Erlingsson har laga ein film om ein miljøaktivist. Som tenåring lenka han seg til ei kvalfangstskute i Reykjavik i protest mot den islandske kvalfangsten.
– Eg lenka meg fast i maskinrommet, medan kameraten min låste seg til masta. Det var kaldt på den tida, men me greidde å stogga skuta i 24 timar.
– Det enda med at du vart arrestert?
– Nei, eg vart berga av ein lækjar som foreldra mine hadde sendt ut. Den islandske kvalfangsten var ulovleg på den tida, men sidan vart det drive noko som dei kalla vitskapleg fangst. Framleis er det fangst av finnkval på Island, sjølv om dei ikkje greier å selja kvalkjøtet. Den gongen me aksjonerte, var me i eit lite mindretal på Island, og media gjorde narr av oss. Nasjonalismen vart brukt som politisk våpen for å slå ned på miljøaktivistar, fortel Erlingsson og slår fast at det er ein nasjonal skandale at Island framleis fangar utryddingstruga kval.
Miljøengasjementet på Island har eksistert lenge, men det har vorte større blant folk flest. I samband med den store kraftutbygginga i Karahnjukar var det mange som protesterte. Nasjonen var delt. Fleirtalet var mot utbygging, men dei nådde ikkje fram. Det enda med store dammar og at aluminiumsverket i Reydarfjördur vart sett i drift.
– I prosessen vart det halde ei Nato-øving på Island, og styresmaktene valde scenario for øvinga. Det skulle handla om miljøaktivistar som gjorde sabotasje på ein dam, og dei vart rekna som terroristar. Allierte soldatar skulle trena ved å slå ned motstanden mot utbygginga av dammen, fortel filmskaparen før han trekkjer pusten og legg til:
– De nordmenn kjem frå kontinentet. De er langt meir siviliserte. Dette er barbari. Me har mykje å læra.
Aktivistar
I kampen for å ta vare på det islandske høglandet har det vore mange aktivistar. Det byrja med planane om å byggja ut Gullfoss, men der sette Sigrídur Tomasdóttir foten ned. Far hennar fekk tilbod om ein stor sum frå utanlandske investorar om han ville byggja ut fossen, men han svarte: «Eg sel ikkje ein av venene mine». I byrjinga av 1900-talet heldt dottera fram kampen. Sigrídur kjempa mot rike og mektige menn, og ho gjekk så langt som å truga med å hiva seg ut i det store, brusande fossefallet.
Det enda med at ho greidde å berga den storslegne fossen, og mange tusen turistar kan no jubla over synet av dette underet.
– På Island er det ofte enkeltindivid som tek opp kampen. Me har songaren Björk, programskaparen Ómar Ragnarson, forfattaren Andri Snær Magnason og skodespelaren Herdis Thorvaldsdóttir, som har teke opp kampen mot etablissementet, staten og det statlege samarbeidet med dei store selskapa. Det er ein merkeleg veikskap i demokratiet vårt at dei store selskapa har så lett for å manipulera staten, men det har vore til inspirasjon for denne filmen.
Erlingsson omtalar Halla i Kvinne på krigsstien som ein miljøaktivist, ei amasone, ei suffragette.
– Ho har Nelson Mandela, Mahatma Gandhi, Rosa Luxembourg, Ronja Røverdatter og Pippi Langstrømpe som førebilete. Sjølvsagt er miljøsakene komplekse, men utfordringa har vore å framstilla dei på enkelt og underhaldande vis.
– Finst det ein levande modell for Halla?
– Ja, det finst fleire, som bestemor til han eg skreiv manuset saman med. Herdis Thorvaldsdóttir var skodespelar og kjempa for miljøet. Ho var mot at fri beiting for den islandske sauen skulle forringa faunaen i høglandet. Men også mor, bestemor mi og systera hennar var store personlegdommar. Eg er nok eit produkt av det islandske matriarkatet, og filmen er ein hyllest til det.
Det har gått fem år sidan Erlingsson kom med den førre spelefilmen sin. Etter Om hester og menn reiste han på filmfestivalar i to år.
– Hotellrommet burde vera den perfekte staden når ein skal skriva filmmanus, med Det nye testamentet i skuffa og ein pornografisk kanal på fjernsynet. Ein skulle tru at det er eit kreativt rom, men slik er det ikkje. Eg freista skriva, men det viste seg å vera nesten umogleg.
Musikken vart laga før filmen, og han er eit kapittel for seg sjølv. Når tristessen er i ferd med å ta over i filmen, dukkar det brått opp ein trio med dyktige islandske musikarar, eller ein trio med ukrainske kvinnelege songarar, som ein slags kommentatorar til det som skjer.
– Då me skreiv manus, klekte me også ut dei musikalske ideane. Bak ligg det eit nært samarbeid med komponisten David Thor Jonsson og musikarane. Frå før hadde me fått ein overdose av den vanlege filmmusikken. I teateret arbeider eg nært med musikarar, og musikk er eit av dei viktigaste verkemidla ein har når ein skal fortelja historier. Eg ville bruka musikken til å lyfta nivået på historia og lata historieforteljaren stå fram med eit smil. Det kan også kalla det verfremdung, slik Bertolt Brecht gjorde. Fellini er blant dei som har vore ei inspirasjonskjelde for meg, og i teatret gjer me det på dette viset heile tida. Filmen har mykje å læra av teatret.
Benedikt Erlingsson arbeider med eit nytt filmprosjekt, men vil ikkje fortelja noko om det. Framleis reiser han mykje for å delta på filmfestivalar, men han er fullstendig klar over det paradoksale i å reisa verda rundt med fly for å fremja ein film om klimaproblema.
– Eg vert invitert og pressa til å reisa til alle desse festivalane, men det må det verta slutt på. For meg er all reisinga absurd. For kva gjer eg der? Eg bukkar framfor publikum, tek nokre cocktails og et nokre middagar, men intervjua kunne eg ha gjort på Skype. I framtida kan me ikkje reisa på dette viset. Me må endra livsstilen vår.
Så langt er det ikkje klart kven som vert islandsk Oscar-kandidat, men det vert laga oppsiktsvekkjande mange kvalitetsfilmar på Island.
– Kvifor?
– Me har ein teori. Alt botnar i Harald Hårfagre, kongen som kasta oss ut av Noreg. Det var etnisk reinsing, og me er alle flyktningar. Me var ei spesiell gruppe med historieforteljarar, og me hadde ikkje den rette etnisiteten. Me var som rohingyaane i Myanmar, men me tok med oss historieforteljarkulturen. Det er vel dokumentert i sagaene korleis me vart forfølgde, og korleis landet vart teke frå oss. Me har aldri fått ei orsaking for dette brotsverket, verken frå den norske kongen eller staten. Hadde me fått støtte frå eit mektig imperium, kunne me ha kome tilbake og laga ein ny stat i Hordaland, til dømes.
Islandsk koloni
Harald «med det skitne håret» er ingen helt for Erlingsson, og det illustrerer han med denne historia.
– Ein sommar kom det eit vikingskip frå Noreg til Reykjavik. Det var ått av ein rikmann, og han kalla skipet «Harald Hårfagre». Det var ein skandale. Korleis kunne han tora noko slikt? Veit dei ikkje kvifor me er her? Harald forfølgde folk for meiningane deira, og han torturerte dei som ikkje var samde med han. Slik vart den norske staten skapt. Ikkje gløym det. Og me er flyktningar frå den tida.
– Vikingskipet til rikmannen hadde ein stor drake i baugen. I den gamle islandske lova står det at når eit skip nærmar seg Island, må det ta ned draken. Men det norske vikingskipet kom til land med draken oppe, og det var teikn på krig. Eg vart så opprørt at eg gjekk ned på hamna for å diskutera både dette og namnet på skipet. Kjende dei ikkje til historia? Hadde dei inga interesse av å vera anstendige?
– Korleis gjekk det?
– Det var ikkje ein einaste nordmann i mannskapet, og ingen kunne svara. Eg måtte gå heim att med frustrasjonane mine.
– Me ser fram til den neste filmen du lagar?
– Det kjem til å verta ein science fiction om når me, islendingane, vender tilbake til Noreg og krev landet vårt tilbake.
– Er det sant, eller tullar du?
– Det er godt stoff. I denne historia er regimet på Island fascistisk, og me kjem i båtane våre. Nokre islendingar har kjøpt eigedommar i Noreg, og me etablerer ein koloni i Hordaland og Sognefjorden. Brått erklærer me vår eigen stat, og me har støtte frå både Russland og Amerika, seier islendingen med eit lurt smil.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Filmen er ei hyllest til matriarkatet på Island.
Benedikt Erlingsson, filmregissør
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.