JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunngjeringarKultur

«Det viser seg at eg har gløymt ut korleis potetkanonen fungerer, og etter eit par mislykka forsøk byrjar eg å tvile på meg sjølv.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3248
20240405
3248
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Potetkanon

No er det altfor lenge sidan eg har hatt potetkanonen framme. Faktisk kjenner eg ei sitring i heile kroppen når eg ber han opp frå kjellaren. Eg finn nokre gamle skrukkete poteter i ein sekk som det ikkje er mykje om. Men til dette bruket er dei perfekt.

Det viser seg at eg har gløymt ut korleis potetkanonen fungerer, og etter eit par mislykka forsøk byrjar eg å tvile på meg sjølv. Ingenting skjer, ikkje noko smell. Poteta blir verande i røyret.

Eg ser ingen annan utveg enn å ta fram telefonen og ringje og spørje om hjelp.

– Du har no komme til hjelpetelefonen for potetkanonar, seier ei vennleg stemme.

– Trykk 1 for bedrift. Trykk 2 for privat. For English press 5.

Eg trykkjer på 1.

– Takk, seier stemma i den andre enden og held fram:

– Ein potetkanon er som namnet seier, ein kanon til å skyte poteter med. Konstruksjonen er enkel, berre eit tynt røyr som endar i eit litt kortare og tjukkare røyr med eit lite hòl i, som dannar eit kammer der du sprayar inn startgass som blir tend med ein peistennar. Poteta du har stappa ned i det tynne røyret, flyg til himmels om alt klaffar.

– Trykk 1 for å lære om korrekt handtering av potetkanon.

– Trykk 2 om du meiner du er potetkanonproff og vil komme i kontakt med andre potetkanonproffar.

Nok ei gong trykkjer eg på 1.

– Det er for tida stor pågang, ver vennleg og vent, seier stemma.

Eg høyrer noko låg panfløytemusikk. Eg ventar. Det går ei stund og så fadar musikken ned litt.

– Det er for tida stor pågang, ver vennleg og vent, seier stemma på nytt.

Musikken tek seg opp igjen, og eg ventar litt til. Musikken stoppar, og eg høyrer spraking.

– Trykk 1 for tips til å velje riktige poteter til potetkanon.

– Trykk 2 for å lære meir om fordelar og ulemper ved å skyte opp ting ved hjelp av blautt dopapir.

– Gjeld det bygging av eigen potetkanon? Trykk 3.

Men så vert stemma brått alvorleg:

– Me kan dessverre ikkje gjennomføre heimebesøk eller reparasjonar, og minner om at eigne prisar gjeld dersom du ringjer frå utlandet.

No høyrer eg ringjetonen att. Ei ny stemme kjem inn, men denne gongen er det noko irsk folkemusikk bak. Det verkar som ein reklame.

– Jaså du, så du bruker potetkanon med startgass? Følgjer du ikkje med i tida? Alle proffar har for lengst skaffa seg potetkanon med luftkompressor. Sjå heimesida vår, www.potetkanon.no, for meir info. Det held fram å ringje. Så kjem den gamle stemma tilbake.

– Om du vil snakke med ein potetkanonekspert, vent på svar.

Eg ventar. Etter ei lita stund høyrer eg ei kjend stemme. Eg fortel at det er trøbbel. Potetkanonen vil ikkje fungere.

Potetkanonproffen går gjennom dei viktigaste tinga eg må tenkje på, og ber meg vere nøye og ikkje slurve. Han forklarer at i kaldt vêr blir det noko rart med blandinga av startgass og oksygen, då kan det vere litt vanskeleg. Potetkanonproffen har hjelpt mange i same situasjon som meg, han veit kva han held på med. Eg noterer og blir på ny fylt av ei sterk tru.

Han fortel at han er saman med nokon som er over 80 år og nettopp har starta med potetkanon. Eg synest eg høyrer stemmene i bagrunnen som ler og skravlar.

Frank Tønnesen

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge
Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis