Kunsten å utmatte elevar
– Den teoretiske overvekta er større i skulen i dag enn han var i den gamle latinskulen, seier lektor og forfattar Egil Børre Johnsen.
Skuleungdom blir nedlest i teori og tekst, meiner Egil Børre Johnsen.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
SKULE
ronny@dagogtid.no
Egil Børre Johnsen har jobba ein mannsalder som lærar, og han har skrive over femti bøker, mange av dei er skule- og lærebøker. Han er hovudredaktør av Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995. Lærebøker og skulestell har altså stått i sentrum av livet hans.
I år er han aktuell med Kunsten å utmatte ungdom. Streiftog i skolespråket (Svein Sandnes bokforlag) som handlar om vidaregåande skular i Noreg. I boka gjer han nedslag i ulike periodar av norsk skulehistorie: latinskulen på 1800-talet, gymnaset i hans eiga elevtid, frå 1950 til 1955, og stoda i dag.
I dei to fyrstnemnde periodane tek han utgangspunkt i skulen han sjølv gjekk på: Aars og Voss’ skole i Oslo, som vart grunnlagd av lærarpionerane Peter Christian Voss (1837–1909) og Jacob Jonathan Aars (1837–1908). Aars og Voss’ skole var ein av dei mest søkte høgare undervisningsinstitusjonane i Noreg. Skulen vart nedlagd i 1969.
Det heiter gjerne at dei pedagogiske reformene i dei siste tiåra av 1900-talet moderniserte skulen, førte han bort frå puggeskulen med autoritære lærarar til ein skule med meir sjølvstendig arbeid for elevane og meir pedagogiske lærebøker.
Johnsen meiner det er feil. I boka omtalar han tema som er oppe i den generelle skuledebatten i landet. Johnsen skriv kritisk om «evalueringsspesialistene», «et befengt test- og prøvehysteri» og «partipolitikernes kvasiakademiske pedagogismespråk».
Lærarane
«Vor skoles styrke har været dens lærerpersonale», sa Peter Christian Voss ved 25-årsjubileet til Aars og Voss’ skole i 1913. Liknande utspel høyrer vi i dag, seier Johnsen, men då stikk det ikkje så djupt. Frå 1990 til valet i 2017 hadde Noreg ni skuleministrar. Johnsen har kika på dei og er ikkje imponert:
– Alle hadde dei for vane å uttrykkje begeistring for lærarane, akkurat som Aars og Voss-leiinga i si tid gjorde. Dei talar om to verdiar: «fast styring og gode lærarar». Men statsrådane har ikkje meistra balansegangen, dei har klamra seg til hundretals administrative tiltak i staden for å respektere lærarrolla.
Johnsen nemner fyrst Gudmund Hernes og dei nye læreplanane hans:
– I ei ironisk bokmelding eg skreiv om Reform 94, kalla eg reforma ein dårleg roman: den megalomane teksten druknar i sitt eige overflodshorn.
Om Torbjørn Røe Isaksen skriv Johnsen: «Han skrev ikke lærebokreformer, men tygde i stedet på små biter og tilbød tiltak mot alt – mobbing, karaktersikt, matteangst, overvekt, lesevegring, skrivesperrar, barnehagespråkmangar, osb.» Johnsen nemner vidare:
– Kravet om 4 i matematikk frå Isaksen. Det oppstod eit hylekor i pressa om kor veike enkelte lærarar er i matematikk. Straks fylgde eit vedtak frå Kunnskapsdepartementet: Kravet skal vera 4 i matematikk frå vidaregåande skule, same kva fag dei skal undervise i. Det er meiningslaust, seier fortattaren:
– Eg har undervist på vidaregåande praktisk line med kurs for tømrarar. Der galdt karakteren 2 i norsk, elles fekk dei ikkje fagbrev. Eg hadde ein heil jobb med å få dei opp på det nivået. Og gjekk det ikkje, gav eg dei to likevel; dei Men skulle jo ikkje bli norsklærarar.
Johnsen er heller ikkje overtydd av stortingsmelding nr. 25 frå 2016–2017, «Humaniora i Norge», som stammar frå Isaksen, som insiterte på betre kontakt mellom universitet og skule.
– Meldinga tyder ikkje på at ein vil lukkast med å styrkje fag som musikk, biletkunst og litteratur. Utan ei opprustning på dette området kan ein ikkje tala om ein skule med respekt for humaniora.
«Overlæsselse»
Eit anna punkt som Johnsen tek opp i boka, som har språkbruk om og i skulen som hovudmotiv, er lærebøkene. I 1897 sette Det kongelege kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ein komité som skulle granske læreboksituasjonen. Ein konklusjon var: «overlæsselse er af de største onder, en skole kan have at kjæmpe mod».
– Vettuge ord, som dette lyse hovudet av ein komité kom med for 120 år sidan! Dessverre er forfattaren ikkje namngjeven. Men i lærebøker i dag finst det ikkje otte for «overlæsselse», berre eit knefall for han. Forlaga skor seg på blytunge bøker som skapar avstand mellom fag og elev, og mellom skule og elev.
I boka peikar Johnsen på bruken av digitale hjelpemiddel som ein del av denne «overlæsselsen». Johnsen meiner det som vert kalla «digitalitet», eksisterte før digitale hjelpemiddel kom inn i skulen.
– Det heiter at digitale hjelpemiddel er kaleidoskopiske, altså mangfaldige. Men lærebøkene har vore kaleidoskopiske alt før Google: Gjennom tiår har brødteksten vore tulla inn i pilar, rammer, understrekingar, kontrollspørsmål, skraveringar og så vidare. No blir det «overlæsselse» på «overlæsselse».
Om lærebokforfattarane skal koma ut av dette uføret, må dei bryte med alt-skal-med-prinsippet, seier Johnsen: «I hvert fag trenger elevene til enhver tid en vakker, tynn, rolig bok som kanskje til og med får plass i lommen, en fagets vekkelsesbibel med fortellingenskraft almanakkens trygghet», dette som grunnlag for orienteringa vidare på nettet.
– Meiner du då at lærebøker skal lære av skjønnlitteraturen?
– Nei, her er det ikkje tale om den loslitne motsetnaden mellom «fiksjonsprosa» og «sakprosa». Eg etterlyser ein meir fullstendig sakprosa, for mottoet «alt skal med» fører med seg ei komprimering av stoffet. Dermed droppar forfattaren ledd og samanhengar som gjer teksten utilgjengeleg for ungdom som ikkje har den same referansebakgrunnen som vaksne spesialistar.
Men Johnsen strekar under at det handlar ikkje berre om lærebokforfattarane – der mange er dyktige lærarar, som han seier – men òg om forlaga.
– I 1990-åra deltok eg i kampen for få avskaffa den såkalla godkjenningsordninga for lærebøker. Dersom den forsvann, ville vegen til fornying liggje open for forfattarar og forlag, tenkte eg.
Ordninga fall i 2000. Men sidan har det vist seg at ordninga har overlevd i forlagsredaksjonane. Der tenkjer ein enno: Alt skal med, koste kva det koste vil. Di meir, di dyrare!
Danninga
Eg lurer på om forholda ved ein eliteskule som Aars og Voss’ skole har overføringsverdi på oss i dag. Johnsen skriv jo sjølv: For hundre år sidan var elevane «privilegerte unge i et ikke-demokratisk utdanningssystem som henviste bud, proletarer og fattige til kjøkkenoppgangen». I dag, derimot, kan alle stille på same startstreken. Nett difor er det viktig at det praktiske får plass att i skulen, seier han:
– Den vidaregåande skulen bør vera samansett av ei fyrste samlande år for alle elevar. I dei to påfylgjande åra bør elevane bli delte inn spesialiserande retningar, der ein ikkje blir nedlest i teori, men der ein får fylgje evnene sine.
Sist knyter Johnsen det praktiske til omgrepet danning:
– Hjå Aars og Voss fanst det ein balanse mellom kunnskap og danning. I 2018 er denne balansen skipla inntil det brutale. Danning er bruksretta kunnskap, det er ikkje tilfeldige oppslagskunnskap som blir henta inn frå Google på ti sekund. Vi treng ein felleskunnskap som blir sitjande, om det er i hjernen eller hjarta. I dag stykkjer vi opp undervisninga i porsjonar som sprikjer i alle retningar. Men når kunnskapane sprikjer, vil danning òg gjera det. Det krevst ei ny ideologisk overbygging over skulen, men ingen av dei politiske partia våre har program i ei slik retning.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I lærebøker i dag finst det ikkje otte for «overlæsselse», berre eit knefall for det.
Egil Børre Johnsen, forfattar og lektor
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.