Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Landet som ­haltar

– Noreg har mista kontakten med det som skapte nasjonen, seier Kaj Skagen. Han har skrive ein biografi om Noregs indre historie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kaj Skagen har skrive biografien om norsk kulturen. Det handlar ikkje om den ytre, men den indre soga om Noreg.

Foto: Toril Apelthun

10553
20180323
10553
20180323

Litteratur

ronny@dagogtid.no

I Europa har kulturell identitet atter kome på dagsordenen. I grannelanda Danmark og Nederland kjem det ut oversikter over den kulturelle kanonen – der er politiske hendingar, bøker og kunstnarnamn lista opp. Om ei slik bok om norsk kultur skulle skrivast, ville det vera naturleg å ta med årstal som 1814 og 1905, saman med Edvard Munch.

No har det kome ei bok på norsk som varslar ein karakteristikk av vårt lands kultur, Norge, vårt Norge. Et lands biografi av Kaj Skagen. Men her er 1905 knapt nemnt.

– Realhistoria med 1814 og 1905 kjenner alle til. Men dei tankemessige og idéhistoriske bakgrunnane for korleis vi ser verda og oss sjølve, er meir uklåre for oss. Korleis hamna vi i dei skarpe konfliktane som pregar samtida vår? Til dømes vart ikkje kristendomen i Noreg berre svekt på 1800- og 1900-talet; han søkk òg i sekulær form inn i det sosiale medvitet. Her ligg ei av forklaringane på kvifor det politiske ordskiftet mellom venstre og høgre er so krast, seier forfattaren.

– Er du ikkje redd folk vil falle av lasset, dei som vil lesa om flagget og stavkyrkjene?

– Nei, lesaren vert varsla alt i føreordet om at dette langt frå er ei skulebok. Alle kan gje to slag handlingsreferat av livet sitt: på basis av ytre hendingar og ei indre utvikling som kan skildrast psykologisk, filosofisk og idéhistorisk. Boka mi er det sistnemnde, men om landet vårt.

Mange vil no tenkje sitt: Kaj Skagen, forfattarar av den illgjetne romanen Bazarovs barn, kjem no med atter eit oppgjer med dei kulturradikale og marxistiske 1970-åra.

Nei, denne gongen går linene både lenger fram og lenger attende i tid. Ifylgje Skagen er Hans Jæger, Christiania-bohemens frontfigur, ein mann som levde for 150 år sidan, helten til borgarskapen i dag, og hjå Henrik Wergeland finn Skagen frampeik til Houellebecqs Underkastelse frå 2015, boka som spår eit islamsk Europa.

Den norske identiteten

Det blæs kring Noregs flagg, nasjonale og internasjonale vindar. På omslaget av litteraturvitar Jon Haarbergs Nei, vi elsker ikke lenger. Litteraturen og nasjonen går jamvel skot gjennom flagget. På hi sida har Terje Tvedt skapt stor oppsikt med Det internasjonale gjennombruddet.

Vel, både Tvedt og Skagen skriv for Dag og Tid.

– Kjem boka di som eit framhald av Tvedts prosjekt, men no som ein litteraturfilosofisk versjon av same historia?

– Nei, på ingen måte. Eg hadde skrive boka ferdig og levert manus før Tvedts bok kom ut, og eg viser ikkje til henne i boka. Det finst likevel ei og anna overlapping mellom meg og ei tidlegare Tvedt-bok, Verdensbilder og selvbilder frå 2002, der Tvedt skriv om Dag Solstad og maoismen, og her måtte eg vise til Tvedt.

Når det gjeld Dag og Tid, vil somme lesarar nok kjenne att artiklar Skagen har hatt på prent, som analysane av norsk skulepensum, men som sagt er lerretet vidare denne gongen: Den norske identiteten er kompleks. Og vi tek det med éin gong, lesaren får halde pusten:

På den eine sida er den norske identiteten samansett av mystisk-kristne og humanistiske straumdrag, med røter attende til haugianisme og grundtvigianisme, og på den andre sida vitskapleg-positivistiske og seinare kulturradikale straumdrag. Viktige premissleverandørar for det sistnemnde er den franske filosofen Auguste Comte, far til positivismen, og seinare kulturradikalarar som dansken George Brandes og den nemnde anarkisten Hans Jæger, før meir kjende namn stig fram – kulturradikalarar som Jens Bjørneboe og Georg Johannesen, og samtidige politikarar for det Skagen kallar «tredjeverdismen».

Men i denne prosessen gjekk den norske metafysiske tradisjonen frå Hauge, Wergeland og grundtvigianarane tapt, og landet tok til å halte på det eine beinet.

På dette grunnlaget kan Skagen koma med følgjande konklusjon: «plutselig satt Georg Johannesen med all sin forakt for den stedfortredende veldedighet på Kjell Magne Bondeviks fang med kollektluen i hånden, side om side med anarkisten Jens Bjørneboe som hadde skrevet Uten en tråd i protest mot kristenfolkets makt i politikken».

Norsk mystikk

Men Skagen strekar under at boka på ingen måte er ei nostalgisk lengt attende til ei harmonisk kristentru. Difor handlar òg andre kapitlet, med tittelen «Mystikeren fra Tune», om Hans Nielsen Hauge:

– Det handlar om striden og samspelet mellom dei ulike straumdraga, det fanst òg ei indre spenning mellom dei kristne straumdraga haugianismen og læra etter Grundtvig, samtidig som denne metafysiske orienteringa tok opp i seg ein moderne horisont av fornuft, personleg fridom og politisk demokrati.

– Du kallar haugianisme ei mystisk rørsle, er ikkje det å ta hardt i?

– Nei, eg meiner ikkje det. Den personlege gudserfaringa hjå Hauge var opplagt det vi kallar ei «mysterierøynsle», ei direkte røynsle av det oversanselege, og noko meir enn tru og kjensler. I heile den pietistiske tradisjonen med vekta på det personlege og inderlege ligg det ein dragnad mot mystikken, sjølv om han sjølvsagt ikkje alltid er like genuin. Hauge let seg òg inspirere av den tyske mellomaldermystikaren Johannes Tauler.

Men Skagen strekar under at det han kallar ein norsk metafysisk tradisjon, ikkje berre var noko innettervendt og individuelt. Som døme på korleis den kristne mystikken òg vende seg mot den ytre verda, skriv han om den praktiske sida av haugianarrørsla, og om folkehøgskulerørsla.

«Ein varm straum»

Norge, vårt Norge. Et lands biografi omtalar ei imponerande lang rekkje av forfattarar, filosofar og politikarar. For å få puslespelet til å gå opp opererte Skagen med plansjar under arbeidet med boka, så kan betre kunne fylgje straumdraga, røper han. Somme av namna reknar vi som sjølvsagde nasjonale strategar, som Ernst Sars og Bjørnstjerne Bjørnson. Men ofte er det tenkjarar som i dag er ukjende for oss, som med engasjementet sitt har hatt langtidspåverknad på kulturen vår.

Kven går omkring og tenkjer på arven etter Kristian Schjelderup eller Christopher Bruun i dag? Når det gjeld sistnemnde og arbeidet hans for folkehøgskulen, kan det ikkje undervurderast, seier Skagen. I boka fortel han korleis eleven Andreas Austlid reagerte på lærar Bruuns pedagogiske evner: «Ein varm straum for igjenom meg, eg kunde ikkje gaa, eg maatte springe (…) Eg såg klaar himmel att no, fyrste gongen kanskje sidan eg var reint liten.»

Ikkje nett ein «forventningshorisont» ein ventar å finne i moderne læreplanar.

– Når kom vendepunktet?

– I 1960-åra. Då forsvann dei siste etterverknadene frå Grundtvig ut av den norske skulen.

Biletstorm

Skagens bok inneheld ei reorientering i norsk kulturhistorie. Skagen tek eit oppgjer med ein av ungdomsheltane sine, Jens Bjørneboe – mange minnest debatten som kom i etterkant av Tore Rems Bjørneboe-biografi, der Skagen forsvara Bjørneboe i ei rad artiklar.

Omtalen av andre forfattarskapar i denne boka har ikkje mindre debattpotensial i seg. Formuleringar som «vi er alle frihetselskende og liberale relativister og determinister snytt ut av Jægers rennende nese», er tydeleg i bodskapen. Skagen legg heller ingenting imellom i si nylesing av Om den norske tenkemåten av Georg Johannesen: «Litterært er den verdiløs», skriv han.

– Du er klar over at du omtalar ei bok som Dagbladet har kåra som Noregs viktigaste sakprosaverk?

– Boka er interessant som ei krønike frå 1950-åra, ho var den gong viktig for ein ny generasjon radikale forfattarar, men i dag er det eit verk heilt utan relevans og verdi.

Men den største overraskinga er Skagens omtale av Wergeland, sjølvaste nasjonalskalden vår. Han «var utilregnelig i både poetisk og alkoholisk rus», heiter det mellom anna. Skagen har skrive ei bok som kritiserer den kulturradiale biletstormen i norsk åndssoge, men utfører han ikkje sjølv biletstorm?

– Det veit eg ikkje, eg har nærma meg Wergeland så godt eg kan utan fordommar, og trur eg har teke høgd for både det geniale og det asosiale hos han.

Wergeland og Allah

– Du har plassert omtalen i Wergeland i kapitlet om «positivistene», altså motsetnaden til mystikk og grundtvigianisme. Kvar blir det av den metafysiske poeten?

– Eg skjønar denne inndelinga er kontroversiell, fordi Wergeland er både metafysikar og opplysningsmann. I så måte er han eit godt døme på den norske tradisjonen som vil sameine religion og vitskap. Fyrst hadde eg Wergeland i eit eige kapittel, fordi han er så allsidig og kompleks. Men eg meiner det skjer ei utvikling hos Wergeland bort frå metafysikken. Det vil seie at han omformar kristendom og mystikk til ein sosial framstegsutopi. Dette ser vi særleg i omarbeidinga hans av Skabelsen, Mennesket og Messias til Mennesket, der verket endar opp som eit sosialt evangelium som peikar fram mot det irreligiøse sosialdemokratiet i seinare tid.

Skagen viser til dei siste utsegnene frå den døyande Wergeland. I 1945 skreiv han til far sin: «Jeg døer som Deist, som en Allahs oppriktige Dyrker.» Han gjekk nærare inn på kritikken av kristendommen i samtalar han hadde med Wilhelm Lassen, ord som var så sterke at Lasson skreiv dei ned på fransk.

Skagen peikar her på eit idéhistorisk samantreff mellom Wergeland-samtala på dødsleiet og Michel Houellebecqs roman Underkastelse frå 2015. Nett slik som Wergeland taler vel om islam som ein betre religion enn kristendomen, ser hovudpersonen i Underkastelse, François, inga framtid i eit Europa, uthola av rasjonalisme, individualisme og ateisme, og han konverterer til islam.

– Er det ikkje å dra parallellen for langt?

– Det er ikkje eg som snakkar slik om kristendom og islam, det er Wergeland og Houellebecq. Eg veit heller ikkje om samantreffet seier noko djupare. Men eg har sans for slike merkelege symptom i historia. Det er heller ikkje utan grunn at Wergeland, metafysisk rasjonalist som han var, kunne ha sans for ein udogmatisk islam. På fråstand kunne islam stå fram som fornuftig gudstru utan det mirakuløse og naturstridige som prega kristendomen med Guds inkarnasjon, krossfesting og oppstode. Det låg i tida, vi finn noko av det same hjå Goethe. Men eg meiner langt frå at Wergeland var muslim. Både i liv og tenking var han nærast altomfemnande. Eg kallar han òg for «landets ukronede, virkelige konge, samtidig et forvokst barn og en nedstegen hero». Det er sjølvsagt ein tilspissa formulering. Eg skriv ikkje fagprosa. Eg skriv essay.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Realhistoria med 1814 og 1905 kjenner alle til. Men dei idéhistoriske bakgrunnane for korleis vi ser verda og oss sjølve, er meir uklåre for oss

Kaj Skagen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis