Forfattar Linn Ullmann har skrive seks romanar.
Foto: Agnete Brun / Wikipedia
Linn Ullmann fekk Doblougprisen
Tysdag kveld fekk Linn Ullmann Doblougprisen 2017 av Svenska Akademien. Tildelinga skjedde under opninga av Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Juryen grunngjev prisen slik:
«Ullmanns forfatterskap er variert, uforutsigbart og eksklusivt. Ullmans bøker er utført med svært bevisst sans både for stil og struktur og for de skiftende temaer som tas opp. Fortellemåten og refleksjonsnivået har forandret seg gjennom forfatterskapet, men viljen til å ta opp de aller tyngste og vanskelige temaer viser noe av styrken i hennes kunstneriske vilje. (…) Ullmanns forfatterskap omfatter seks kritikerroste romaner som alle er oversatt til mange språk, og må karakteriseres som helt sentralt i den norske samtidslitteraturen».
Doblougprisen skal fremja norsk og svensk skjønnlitteratur gjennom årlege prisutdelingar. Tidlegare vinnarar av prisen er mellom andre Per Petterson, Dag Solstad og Hanne Ørstavik.
Pris frå Kritikarlaget
Julian Blaue, som er mest kjend for å hogga hovudet av høner på Black Box-scena, har skrive Årets kritikk 2016/2017 fortel Kritikarlaget i ei pressemelding. Teksta hadde tittelen «Allkunstverk Volksbühne 1992–2016: Hvil i krig» og vart publisert i Morgenbladet 5. august 2016. Prisen er på 15.000 kroner, og pengane må nyttast til reising. Utdelinga skjedde under Festspela i Bergen den 29. mai, der Kritikarlage og Festspela skipa til eit debattmøte om kritikk av kunst for barn og unge.
Nynorsk fotballstipend
Atle Berge har fått nynorskstipend frå Noregs Mållag for bloggen «Branndagboka», fortel Mållaget i ei pressemelding. Stipendet er på 50.000 kroner. Han fekk stipendet på Brann stadion før kampen mellom Brann og Ålesund. Bloggen dokumenterer livet hans som omreisande supporter av Sportsklubben Brann. Målgruppa er først og fremst andre Brann- og fotballinteresserte, men dei livlege skildringane av opp- og nedturar i livet for ein med eit hjarte som står i Brann, er morosam lesnad også for dei som berre er interesserte i god nynorsk.
– Nokre sjeldne skribentar kombinerer eldhug for fotball, humor og god skriveevne. Det ser ein til dømes i Fotball-VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. Branndagboka står seg i dette selskapet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Branndagboka inneheld hyppige dagboksnotat og statusoppdateringar frå supporterlivet med foto og videoklipp – nesten frå minutt til minutt. I tillegg finn ein lange tekstar som skildrar supporterkvardagen og andre Brann-fenomen i ein meir skjønnlitterær stil. Brann-podcasten «Bønder i Drammen» er også under vegs.
jon@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.