14. juni 1960
I går kveld gjekk Gjengangere på Voss, frå Nationaltheatret. Maurstad spela snikkaren, far til Regine, Tore Segelcke – fru Alving, Nordrum Osvald og Straume Manders.
Tja. Jau. Merkeleg. Denne knuten, denne floken, kor levande og aktuell! Her kjem dei, desse fine, tørnar saman so ulike dei er, som ljos-strålar frå kvar sin kant. Alle er dei noko, alle stend dei for noko, alle er dei typar, berarar for kvar sine livskrav og sine livsformer, sine tankar, sine idear. Alle desse ideane, desse kravi, dei er ikkje dagsaktuelle teoriar, dei er evige, gyldige og dukkar upp hjå kvar i si tid.
Dette er Ibsen. Ikkje so lett å verta ferdig med. Der er alltid brøkar som stend uløyste att, spursmåli opnar seg til alle sidor, stend der. Og kjem til å stå der. No skynar ein kvifor Ibsen kunde ta Hamsunds kritikk med slik ro. Gresk, me kjem i hug Oidipus. Blodskam, spursmålet stend der og. Og den evige Manders. Men denne karen er ikkje so lett å verta ferdig med. Victoriatidi i eige person. Berar av eit livssyn, trass alt og ikkje til å blåsa av.
Men dei er menneske alle. Og alle fell dei på kvar sin måte, og sigrar på sin, vekkjer medhug på sin. Men ein ting er visst: Ibsens syn på den udana, den råe, det lågare vesen som ein fatigmann gjerne er. Her vert eg forviten. Det skulde vore moro å granska bønder og arbeidsfolk hjå Ibsen, lesa han med det for augo?
Det var ikkje for ikkje at Schjøtt, professoren i gresk, forsvarar Gjengangere då ho kom. Han såg dei store linone og det greske i spelet. Bjørnson forsvarte verket, men i Garborg fekk småmannen yvertaket – han fordømte boki, segjer Koht.
Det er betre å ha selskap med keidsame kvardagsmenneske enn med stygge og gjeruge tankar.
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.