Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Breiddeformat

Mangfald, i uttrykksmåte og i livshaldning, må vere eit stikkord for Torgrim Eggen, som har skrive i gjennom­snitt éin artikkel i veka gjennom dei siste 40 åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torgrim Eggen er forfattar og skribent. I 2017 fekk han Brageprisen for biografien om Axel Jensen.

Foto: Grethe Nygaard / Cappelen Damm

8754
20241213

Torgrim Eggen

Fødd 29. oktober 1958 i Oslo

Tidlegare journalist i Dagbladet, redaktør i musikkavisene Puls og Beat på 1980-talet, og i Natt & Dag

Skriv nå meldingar for Dagens Næringsliv og Klassekampen

Debuterte som forfattar i 1992 med romanen Gjeld, og har skrive bøker i mange sjangrar

Fekk Brageprisen for biografien om Axel Jensen, Fra smokken til ovnen i 2019

Aktuell med boka Bredt fokus – artikler i utvalg 1983–2023 på Cappelen Damm

Litteratur

redaksjonen@dagogtid.no

Torgrim Eggen har verka som skrivande og farande fant i over førti år. Cappelen Damm gav i haust ut ei samling utvalde artiklar frå 1983 til 2023 med tittelen Bredt fokus. Den produktive groruddølen har òg skrive mange bøker. Artiklane i Bredt fokus er delt inn i temaa musikk, mat, visuell kunst, litteratur, reise og generelle meiningsytringar.

– Når eg les artiklane, slår det meg at du må ha hatt det gøy. Kva – av alt det du har skrive om – tenkjer du tilbake på med mest glede?

– Det må kanskje vere reiseskildringane frå 1990-talet. Eg fekk sett verda på oppdrag og leverte reportasjar frå fleire verdsdelar, Asia, USA og Mexico i tillegg til Europa. Slikt er fantastisk når ein er ung, og eg er glad eg fekk gjort det då. Det er ein spennande måte å vere journalist på. Ein ruslar rundt utan nokon fasttømra plan for kva ein skal skrive, møter nokre folk, kjem i snakk, og gjennom desse møta blir ein ført inn i kulturen og historia på staden.

Han har også hatt lengre utanlandsopphald medan han jobba med romanprosjekt, og han har gitt ut to bøker om byar, Manhattan og Berlin.

– Det er meininga eg skal skrive ei bok til, om Oslo, etter same mønster som dei andre to, som har stor vekt på det kulturhistoriske. Ofte har tematikkar eg har vore opptatt av i bokform, runne vidare over i artikkelformatet.

«Litteraturen er mindre viktig i dag enn då eg var ung. Det er sørgjeleg.»

Torgrim Eggen, forfattar og skribent

– Dårleg rykte

Eggen har vore mykje i utlandet, men er Oslo-gut. Ein stor del av oppveksten hadde han på Romsås, der han framleis bur. Drabantbyen vart utbygd frå slutten av 1960-talet, og då han kom dit i 1972, var det framleis ein plass med «kaos og leire». I ein lang artikkel (opphavleg eit foredrag) om plassen understrekar han at dette kaoset var laga av «helt vanlige, gammaldagse nordmenn», utan hjelp frå nokon andre. Byplanleggarane hadde tenkt godt på papiret, men oversåg ein del sosioøkonomiske faktorar når så mange menneske brått skulle flytte inn på eit avgrensa område.

– Romsås har endra seg mykje i di tid?

– Romsås har eit dårleg rykte. Då eg var barn, fekk vi store rusproblem, og mange av dei eg kjende, er døde. Det er mykje rolegare der no. Det er fint for barn der, frisk luft og vakker natur, og det er rimeleg sentrumsnært. Dei som er av ikkje-norsk opphav, er svært ueinsarta. Språket eg høyrer mest, er spansk, det er mange latinamerikanarar der. Nordmenn flyttar no på nytt til området.

Eggen har vore opptatt av innvandring, også i fiksjonsprosaen. Romanen Hilal frå 1995 var ei av dei første skjønnlitterære bøkene i Noreg som handla om livet til unge innvandrarar i Oslo, eit tema som 30 år seinare framleis er høgaktuelt.

– Visste du tidleg at du ville skrive?

– Det var musikk eg var opptatt av som ung. Eg spelte i band, hadde bandet The Cut i fire år. Eg byrja difor som musikkskribent, og fekk på trykk intervju, kritikk og reportasjar. Far min underviste i litteratur på Blindern, og eg oppfatta tidleg at bøker og lesing var viktig, noko sentralt i verda. Men eg er sjølv meir av ein praktikar, ikkje så teoretisk interessert.

Rølpete stil

Teoretisk eller praktisk, i alle høve er det eit godt stykke frå akademia til den skrivestilen unge Eggen la seg til som musikkskribent på 1980-talet. Dette var tida for den såkalla gonzojournalistikken, ein rølpete og uærbødig skrivestil der journalisten dessutan ikkje berre skulle skildre, men sjølv vere delaktig i hendingane.

– Du er rimeleg tøff i trynet i ein del av dei tidlege artiklane dine. Korleis ser du no på det du skreiv den gongen, stilen du hadde då? Tar du avstand frå sarkasmen og råskapen?

– Når du er ung, eg var 21 då eg starta, og jobbar for slike rockemedium, så prøver du deg litt fram og må bruke tid på å finne ut kvar grensene går. Puls og Beat, Nye Takter, vi hadde ikkje nokon Ver varsam-plakat, var ikkje medlem av Redaktørforeininga. Det hende ikkje så sjeldan at vi vart konfronterte direkte ute på byen med det vi hadde skrive. Det er likevel ikkje mykje av det eg skreiv då, som eg ikkje kan stå inne for i dag. Men nokre formuleringar var kanskje på kanten. Det hende folk reagerte, blei fornærma.

– Ja, det vil eg tru! Eg tenkjer særleg på reportasjen din frå Melodi Grand Prix i Bergen, frå 1986.

At Eggen var kritisk til pengebruken frå Bergen kommune, høyrer til vanleg, kritisk journalistikk, men den rå måten han skildra fleire høgt profilerte kulturpersonlegdomar på, med namns nemning, er vel noko ein skal leite lenge etter i ein tilsvarande reportasje i dag. Mot slutten av teksten fortel han ganske direkte om seg sjølv når han er ute på byen i den i meir enn éi meining fuktige bergensnatta.

– Er det i det heile tatt mogleg – eller tilrådeleg – å skrive slik i våre dagar, etter metoo og med den krenkings- og kanselleringskulturen som no pregar ordskiftet?

– Eg meiner framleis at ein bør kunne ta i offentlege personar med hard labb. No er ein svært forsiktig, det er ein ny type varsemd i dag, ei frykteleg varsemd. Eg opplevde til dømes at Dagens Næringsliv strauk eit avsnitt i ein reiseartikkel der eg viste til Finn Skårderud. Det eg skreiv, hadde ingenting med varsla mot han å gjere, men sidan han har kome i unåde og er blitt giftig, vil ingen ta i han. Om det går direkte ut over ytringsfridomen, veit eg ikkje. Men folk blir nok redde for å uttrykke seg og skrive fritt. Det er eit anna klima, kanskje mindre leikent?

Eggen seier seg einig i at den nemnde Grand Prix-reportasjen inneheld nokre dryge formuleringar, men held på at sirkuset i Bergen den gongen var heilt vanvitig. Og det ironiske i forteljinga om den famøse teksten er at han vart pensum på journalisthøgskulen, der Eggen sjølv hadde søkt utan å kome inn.

Personleg forteljestil

Når det gjeld metoo, hamna skribenten midt i den striden mange år seinare, med boka Forbindelsen frå 2017, om Cappelen og Jensen-saka. Han skreiv at han såg for seg aktor i saka i lakk og lêr i rettssalen. Den fekk han kjeft for.

– Du er ganske personleg i ein del av artiklane dine?

– Eg har i alle fall ein personleg forteljarstil og brukar eigne erfaringar. Det ligg ein slags sjølvbiografi i artiklane mine. Om ein set dei saman, gir dei eit bilete av kva for eit liv eg har levd. At eg har vore personleg i sakprosaen, har redda meg frå å vere sjølvutleverande i romanane.

– Det er ei stund sidan du byrja som skribent. Kva tenkjer du om sjansane unge skrivande har i dag, som må manøvrere i ein vrimmel av digitale hjelpemiddel og med KI som pustar dei i nakken? Brukar du sjølv digitale plattformer?

– I møte med unge journalistar kan eg lukte at det helst er bilet- og filmmediet dei har lyst på. Den trykte pressa, det er ikkje lenger der det skjer. Sjølv var eg faktisk tidleg ute med å ta i bruk internett som forfattar. Hilal vart først publisert som gratis føljetong på nettet, som den aller første i verda, har eg lese ein plass. Det gav boka mykje merksemd.

– Gøy så lenge det varte

På Facebook er han passe aktiv, seier han.

– Det går i periodar og mest når eg sjølv har noko nytt ute. KI brukar eg ikkje. Det blir interessant å sjå kva det på sikt vil føre til for den litterære produksjonen: Får vi reine KI-romanar, og kjem vi til å merke at dei er det? Får vi KI-meldarar som melder KI-bøker?

– Er tida for lesing totalt sett på hell?

– Å krangle i sosiale medium er i alle fall ikkje det same som å lese. Samstundes held jo folk på med podkastar som kan vare i tre timar. Den store fordelen med lesing er at ein kan gå attende, lese på nytt om ein ikkje forstår. Augneblinksmedia manglar det. Lesing er ein langsam aktivitet som krev konsentrasjon. Rapportar viser jo at unge menneske no ikkje greier å lese ei heil bok sjølv om dei går på universitetet. Litteraturen er mindre viktig i dag enn då eg var ung. Det er sørgjeleg.

– Men du blir ikkje deppa av dette?

– Nei. Og eg har ikkje imot lydbøker, eg likar sjølv å lese inn. All tekst er potensiell lyd, eg er alltid opptatt av klangen i det eg skriv. Kanskje kan ein heller vri på det og seie: Det var gøy så lenge det varte. Eg har i alle fall fleire prosjekt eg er i gang med.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Torgrim Eggen er forfattar og skribent. I 2017 fekk han Brageprisen for biografien om Axel Jensen.

Torgrim Eggen er forfattar og skribent. I 2017 fekk han Brageprisen for biografien om Axel Jensen.

Foto: Grethe Nygaard / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Breiddeformat

Mangfald, i uttrykksmåte og i livshaldning, må vere eit stikkord for Torgrim Eggen, som har skrive i gjennom­snitt éin artikkel i veka gjennom dei siste 40 åra.

Hilde Vesaas

Johan Wolfgang von Goethe, malt i 1828 av Joseph Karl Steiler. Andreas Faye (1827), malt av Peter Petersen (1794–1858)

Ordskifte

Audiens hos diktarkongen i Weimar

Søndag 15. mai 1831 stod ein spent og nervøs 28-årig nordmann føre eit stort hus på Frauenplan 1 i Weimar.

Ernst HåkonJahr

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis