JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Djønne si tid

Etter å ha levd som kunstnar i ei rekke storbyar, flytta Leander Djønne heim til frukttrea, der han har skrive ein roman om arvesynd. Om hemn. Og om stein.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leander Djønne vann nyleg Lytternes romanpris for debutromanen sin.

Foto: Tora Sanden Døskeland

8040
20230609

Leander Djønne

Fødd i Odda i 1981

Fruktbonde på Grimo i Ullensvang i Hardanger

Kunstnarutdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, Kunsthøgskulen i Oslo, Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt og Lunds Universitet i Malmö, der han tok mastergrad

Har arbeidd med filmar med lyriske tekstar om fjell-, stein- og ørkenlandskap og korleis menneska betyr lite i naturens krinsløp, og blitt stilt ut i alt frå New York til Kabul og på blant anna Astrup Fearnley her heime

Har fått tiårig arbeidsstipend frå Norsk kulturråd

Gav i fjor ut sin første roman

Litteratur

marita@dagogtid.no

Det er søndag, fuglane syng, det er sol og den varmaste dagen i år, og Leander Djønne tar ein pause frå arbeidet med å støtte opp tre og slå gras. Han er fruktbonde, i tillegg til lærar, kunstnar og no forfattar: For debutromanen Oskespiralen vann han i vår Lytternes romanpris i konkurranse med langt meir omtalte bøker av Trude Marstein og Zeshan Shakar, blant andre.

– Eg blei veldig overraska, vedgår Djønne.

I P2-programma der juryen snakkar om boka hans, blir det sagt at ho burde hatt ein varseltrekant – ei åtvaring om at ho ikkje eignar seg for lesarar med bagasje. Éin medlem grudde seg til å lese boka, ein annan måtte ta ein dusj etterpå. Her er det blod, spy, slim og søle, mugg, ròte og skit. Det er rus og psykose, overgrep, svolt og kulde. Eit elende i elendig vêr. Etter to sider føler ein for å lukke auga, der Faren drar Mora gjennom Ura og slår henne med ein stein. «Ljoden hol og blaut mot hovudet hennar.»

– Du bli ikkje mørk til sinns av å skrive slik?

– Eg har ei armlengds avstand til stoffet. Eit usentimentalt syn på det. Mange lever med vald; dette er fiksjon. Dessutan finn ein nok av valdsskildringar der ute.

Han las Panserhjerte av Jo Nesbø, fortel han, fordi han var nysgjerrig på korleis dei skriv, krimforfattarar som sel millionar av bøker, og fann nærmast perverst fæl vald.

– Folk er vande med vald.

Steinen si tid

Oskespiralen handlar om to tvillingbrør som møtest etter mange år frå kvarandre. Den eine, Sonen, har vore innesperra på ein institusjon. Broren har leiarjobb, kone og barn og er predikant i ein slags kyrkjelyd. Begge er skadde etter ein oppvekst i harde kår, med mishandling, redsel og isolasjon.

På kvar sin måte har dei prøvd å meisle vekk minna, men no køyrer dei heim, til Garden på den veglause sida av fjorden, der Faren super «skjenk» og grev si eiga grav i ura: «Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. (…) Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho.»

Dette opptar Djønne meir enn folk flest: Stein og tid. Geologi. Romanen begynner slik: «Det var Fjellet si tid. Steinen si tid. Ei tid menneska ikkje begrip».

– Eg er opptatt av det store bildet. Det geologiske tidsaspektet.

Han zoomar ut i kunsten sin, opp frå antropocen, som vi kan kalle epoken vi lever i – menneskets tidsalder. Vi har ein idé om eit ekvilibrium, altså likevekt, forklarer han. Det er djupt nedfelt i kulturen og religionen. Men det finst ikkje i naturen.

– Vi betyr mindre enn vi trur. Naturen har ikkje noko forhold til oss som enkeltmenneske. Viss vi øydelegg jorda, bryr ikkje naturen seg om det.

Kvardagsstein

Djønne arbeider med skulptur, foto, lyd og tekst. Særleg filmane Øyde til Øyde og trilogien Bytestein, Søkkjestein og Kvardagsstein har vekt merksemd. Forholdet mellom natur og sivilisasjon står i fokus, og ja, essensen er stein. Stein som blir knust. Kollaps. Til bilde av tunellar og gruver i inn- og utland set han lyriske tekstar.

Då eit forlag spurde om han kunne skrive ein roman, gjorde han det. Det tok si tid.

– Då eg fekk tiårig arbeidsstipend og kunne gå ned til halv lærarstilling, fekk eg ro til å ferdigstille han.

Det var i 2015 at Djønne, «dritlei av Oslo», flytta heim til Hardanger og blei lærar, miljøterapeut og eple- og plommedyrkar ved sida av kunsten. No er han og Tora Sanden Døskeland, som romanen er dedisert til, attpåtil nybakte foreldre. Det kan umogleg bli mykje ro til å skrive.

– Eg har grei disiplin. Eg står opp klokka fem og skriv som regel i to timar.

– Mennene du har dikta opp, er plaga av tvangstankar. Broren er ein bibelsiterande pedant og innbiten oppdrettsmotstandar som avskyr fukt. Er du streng sjølv?

– Eg er detaljfokusert der det er naudsynt. Vil eg skrive, treng eg ikkje ha det ryddig rundt meg. Ein blir lett perfeksjonist i kunsten, men eg kan godt bli strengare med meg sjølv. Bilen og kjellaren blir fort rotete. Men badet er alltid reint. Slik blir det når ein veks opp med at alt er på stell.

Utbrytar

Djønne vaks opp som Jehovas vitne. Då han var 16 år, melde han seg ut. Han blei ekskludert frå familien og alt han kjende.

– Det er ei dyrkjøpt oppleving, å bli ståande aleine. Å få identiteten riven vekk. Å måtte reidentifisere seg. Det krev intellektuell kapasitet.

Gudstru og det åndelege er sterkt til stades i Oskespiralen. I alt det hyperkonkrete, naturalistiske ligg det magisk realisme: Når Mora blir drepen, blir ho ei ånd, «ei gullørn i svev over glitrande soloppgang» som ser ned på sønene. «Kom heim», kallar ho, lysande over mørket.

– Sonen har fjerna seg frå etikk og moral og vil berre ha hemn. Broren har ein ideologisk moralfilosofi der alt er enten rett eller gale.

«Alt er i oppløysing», seier Broren forarga. Han vil frelse bror sin og far sin, «leie dei inn i ljoset». «For står det ikkje i Galatarbrevet kapittel seks, vers ein og to: Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.»

– Kva forhold har du til Bibelen i dag?

– Bibelen, i lag med den eigenproduserte litteraturen til Jehovas vitne, var omtrent det einaste eg las fram til konfirmasjonsalderen. Når eg har førstehandskunnskap om å vere i eit religiøst fellesskap, nyttar eg meg av det. Skrivinga er på ingen måte terapeutisk. Dette er ikkje røyndomslitteratur. Dei som les romanen min, er truleg meir opptatte av språket.

Meisla språk

Lytternes romanpris-juryen og andre meldarar rosar språket. Dei korte, hogne setningane. «Rørte ved arret. Huda tjukk og trevlete. Så ei rasande kjensle.» Den vakre nynorsken. «Han sparka vekk ei grafse med knekt skaft frå dei rustne skjenene.» Djønne har valt ordformer som ljod, ljos, jol og sumar, ofseleg og hugteken.

– Eg er opptatt av etymologi, kor ord kjem frå, og der er nynorsken suveren, særleg i lyrikk.

Kapitla har namn som «Ura», «Søkkehòl» og «Sørpeskreda», men òg «Spørjeundersøkingane» og «Sjølvdrapsmeditasjonane». Naturelementa står i kontrast til miljøa vi først møter tvillingane i: institusjonen, puben, storbyen, familielivet, kyrkjelyden og kontorlandskapet, der språket er eit anna enn på heimgarden. Men same kor vi er, er det dramatisk. Brørne står som i eit konstant ras.

– Boka di fekk meg til å tenke på Jana Kippo-trilogien til Karin Smirnoff. Også her lid eit tvillingpar brutale skjebnar. Også her er språket eigenarta.

– Det har eg høyrt før, og eg venta med å lese Jeg dro ned til bror til etter at Oskespiralen var gitt ut. Eg venta òg med å lese Agota Kristofs tvillingtrilogi.

Samtidig skriv Djønne, i motsetnad til Kristof og Smirnoff, fram eit metafysisk perspektiv, der Mora kallar på sønene frå dødsriket.

– Ho representerer naturtapet, understrekar han.

Naturtap

Og med det er han tilbake i det geologiske tidsaspektet, der han ser utover landskapet han har vendt heim til. Han dyrkar økologisk, sjølvsagt, men har uansett eit større syn på det.

– For meg er naturtapet mest interessant frå innsida. Vi menneska prøver å rettferdiggjere det vi gjer, og ja, klimakriser krev samarbeid og unison solidaritet. Men naturen har ikkje noko rettferdsomgrep, ingen moral. Og det speler inga rolle om havet stig, viss vi får ein atomkrig.

– Er du pessimist?

– Nei, seier han.

Tida går; han må tilbake til trea og graset.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis