Ei å rekne med
Få norske bildebøker kjem ut i andre land. Skjer det, vekker det lite merksemd her heime. Hadde Kristin Roskifte skrive bøker med berre ord, hadde ho vore kjendis, for ho er overalt.
Kristin Roskifte med myldreboka ho vann Nordisk råds litteraturpris for, her på japansk. Til høgre ser vi oppfølgaren som nyleg kom ut, der ho har teikna over 13.000 personar.
Foto: Marita Liabø
Kristin Roskifte
Fødd i Oslo i 1975, oppvaksen i Moss
Utdanna ved Cambridge School of Art og Kingston University i London med mastergrad i illustrasjon
Bokdebuterte med Alt vi ikke vet (Cappelen) i 2003
Gav nettopp ut si niande bok, pluss ei bok i lag med Helene Uri
Har blant anna vunne Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris og vore nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis og World Illustrations Awards
Driv Magikon forlag saman med illustratør Svein Størksen, som ho er gift og har tre barn med, på Kolbotn

Litteratur
marita@dagogtid.no
Kristin Roskifte teiknar menneske, eitt og eitt, med historie og karakter, i fellesskap der alle tel. Det er nitid arbeid, og ho har rett nok vunne nokre prisar her heime, men no har dei ho teiknar, fått bein å gå på. Alle sammen teller, som ho mellom anna har vunne Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris og Kinas nasjonalbiblioteks pris for, er så langt omsett til 42 språk – store, som engelsk og kinesisk, og små, som samiske språk og katalansk.
Nyleg kom Alle sammen teller ut i Portugal, mens den tyske utgåva er ute i opplag nummer fem.
Samtidig er oppfølgaren, Alle sammen reiser, under omsetting både her og der.
– Eg er letta. Alle sammen reiser er den niande boka mi, men eg har sett på henne som ei krevjande andrebok. Ho måtte bli ulik den første. Folk skal føle at dette er noko anna. Eg blei glad då ho fekk fyldig omtale i Aftenposten. Bildebøker blir sjeldan melde.
Roskildes superkraft ligg i å skape hundrevis av personlegdommar som vi klarer å halde frå kvarandre, skriv Aftenpostens Guri Fjeldberg. Og forfattaren moraliserer ikkje over at folk reiser. «Boken legger til grunn at folk faktisk flytter på seg», skriv ho.
– Eg vil lage håpefulle bøker, seier Roskifte.
– Folk får til mykje bra saman. Det treng ikkje gå til helvete.
2768 indre liv
Roskifte vann nyleg gull i Visuelt for Rare ord, ei faktabok for barn der Helene Uri står for teksten. Juryen omtaler boka som eit «ambisiøst stykke arbeid» som «kommer til å ha et langt liv» – ein skatt, rett og slett, som ein kan sjå at illustratøren har lagt mykje kjærleik i.
Men Roskifte er altså meir enn ein illustratør. Det som går igjen i omtalene, er at bøkene hennar er tankevekkande, humoristiske og poetiske. Ho har tidlegare skrive ABC-aktige bøker der bokstavar og ord står i fokus; desse er det naturlegvis vanskelege å omsette. I Alle sammen teller, ei myldrebok der du leitar og finn og får hint og nye gåter undervegs, står tala sentralt, knytte til store spørsmål. Du møter folk i fengsel, på dugnad og på stranda. Éin gut ser på stjernene, og tusen menneske ser på ein sjeldan komet. Du oppdagar stadig nye detaljar.
– I ei av dei første bøkene dine, Still deg i kø, står 225 personar i dokø. Få av dei seier noko, men blikka, utsjånaden og kroppsspråket seier mykje. I Alle sammen teller har du teikna 2768 personar som har sitt eige indre liv. Blir du ikkje lei av å teikne folk?
– Ikkje lei, nei, men i arbeidet med dei to siste bøkene har eg tenkt: «Dette går ikkje. Det er ikkje er mogleg å komme i hamn.» Det er så tidkrevjande. Derfor er det ekstra givande å bli lesen.
Preferansar og sensur
Her blir vi avbrotne av telefonen, som ho må ta: Det belgiske forlaget har nokre spørsmål.
– Det blir ein del dialog rundt omsettingane, vedgår ho.
– Folk har ulike preferansar i ulike land.
Det blir jo mange detaljar å halde styr på. På eitt av bilda i Alle sammen reiser, der 1000 menneske ber alle verdas flagg, er det så vidt vi ser det russiske flagget bak eit stort hår som går igjen og skjuler ting. Men så er det uaktuelt å omsette boka til russisk no. Alle sammen teller blei omsett til russisk før krigen – med eit homofilt par.
– Kanskje forlaget ikkje såg desse to?
Roskifte ler. Utan at sensur er morosamt. Eit iransk forlag måtte trekke seg etter å ha kjøpt bokrettane, fordi formynderiet ikkje tillèt at menn og kvinner er halvnakne i lag eller kyssar.
«Du må kle på dei, og du må skilje menn og kvinner», sa dei. Det blei for mykje å endre.
I Alle sammen reiser er det 13.000 personar, så her er det endå lettare å gøyme seg. Men kven veit: Kanskje kinesarane vil be om å få flytta kvinna med håret til det taiwanske flagget?
Med på karusellen
Ein blir ikkje rik av å teikne 13.000 individ. Då hjelper det å ha arbeidsplassen heime, på Kolbotn, der Roskifte bur i lag med mann og tre barn. Det hjelper òg at ho og ektemannen driv sitt eige forlag. Svein Størksen er illustratør, men fungerer no mest som agent og redaktør.
– Snakk om boble. Blir det litt kjedeleg?
– Nei, eg kosar meg. Eg har hatt det gøy heile vegen. Og det ganske absurd at smale bøker som mine får så mange lesarar. Då eg jobba med Alle sammen teller og skulle forklare andre kva eg heldt på med, fekk eg gjerne eit blankt blikk i retur. Teljing og filosofi, liksom?
Å få delta på messer og festivalar er ein stor bonus, legg ho til.
– Framfor å stresse med å lage ei ny bok, har eg vore med på karusellen. I fjor var eg på Filippinane, i Mexico, på Island, i Polen, i India… Å få treffe forlagsfolk og ikkje minst barn i så forskjellige kulturar, er fantastisk. Eg får sjå kor ulike skulesystema er, og kor ulik tilnærming folk har til oppseding og korleis barnebøker skal vere. Det er inspirerande og påverkar måten eg jobbar på.
– Kor går neste reise?
– No vil eg vere heime med barna ei stund. Eg skal til ein flott festival i Sigulda i Latvia i oktober. Der har dei laga eit teaterstykke av Alle sammen teller, pluss ei orienteringsløype. Eg er gammal o-løpar, så no lagar eg kart til løpet.
Det beste
Av store opplevingar trekker ho fram det å lese for 350 åtteåringar i India, då ho deltok på kanskje verdas største litteraturfestival i Jaipur.
– Eg kom inn i salen, og det var underleg stille. Heilt stille. Først då eg bad barna hjelpe til med å leite etter detaljar på storskjermen, blei det litt lyd i dei, og fleire og fleire våga seg fram. På slutten var det kaos. Anarki. Lærarane var fortvilte. Dei var ikkje vande med slikt. Eg elska det.
Då ho deltok på ein bokfestival i Vilnius i Litauen i fjor, fekk ho sjå at rutebussen i sentrum var dekorert med personar frå Alle sammen teller. Både utanpå og inni.
– Karakterane var sydde fast i seta, slik at folk sat på fanget deira. Det var stas.
Men det beste er å få brev og meldingar frå lesarar.
– Å få bilde av barn og vaksne som les boka i Brasil, Tyrkia eller Thailand, og kanskje dei skriv at dei har lese boka kvar kveld i ein månad... I går fekk eg eit bilde frå Myanmar. Det er så fint.
Endå eit språk
Folk les altså bøker, framleis, same kor dei bur. Og dei aksepterer at ei bok krev litt av lesaren.
– Det har hendt at utanlandske forlag ønsker å gjere boka meir «småbarnsvennleg». Gjere bodskapen tydelegare. Ta bort det filosofiske aspektet. Det går eg ikkje med på, seier Roskifte.
Det at boka får eit anna omslag, er greitt. Det er utbreitt.
– Men ingen har endra omslaget mitt, uvanleg nok, og det er eg glad for. Enkelte vil ha eit anna format. Den japanske utgåva er mindre. Det handlar om hylle- og lagringsplass, kanskje porto. Eg var skeptisk, men dette er yndlingsutgåva mi.
Alle sammen teller har foreløpig ikkje komme ut i noko afrikansk land.
– Mykje speler inn, men ofte handlar det om personlege relasjonar. På ein litteraturfestival i Frankrike ville Svein og eg gå ut og ete lunsj aleine ein dag, men då det viste seg at nokre andre internasjonale gjester hadde bord attmed oss, blei det ein jobblunsj likevel, og vi blei kjende med ein rwandisk forleggar. Kanskje kjem det noko ut av det?
Abantu bose barabaze, i så fall. Alle bør få telje på sitt eige språk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.