JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ein sjukepleiar i bagasjerommet

REYKJAVíK: – Gjennom latteren kan ein forsona seg med eksistensens harde vilkår, seier Bergsveinn Birgisson og siterer den russiske filosofen Mikhail Bakhtin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei av dei viktigaste oppgåvene for kunstnarar er å fortelja kva som eigentleg held på å skje i samfunnet, seier Bergsveinn Birgisson.

Foto: Harald Hognerud

9261
20211029

Bergsveinn Birgisson

Fødd i Reykjavík i 1971

Doktorgrad i norrøn filologi

1992: Debuterte med diktsamling på islandsk

2010: Svar på brev frå Helga, roman, teater, film

2013: Den svarte vikingen, sakprosa

2014: Soga om vêret, roman

2016: Soga om Geirmund Heljarskinn, roman

2020: Mannen frå middelalderen: historikeren og morderen Tormod Torfæus, sakprosa

2021: Kolbeinsøy, roman

Litteratur

ottar@dagogtid.no

I desse dagar kjem den norsk-islandske forfattaren med romanen Kolbeinsøy, og der vekslar han kvikt mellom det tragiske og det komiske.

I boka tek «forteljaren» kontakt med ein depressiv ven som er innesperra på psykiatrisk avdeling. Men det er ikkje problemfritt, for der rår ein kjenslelaus sjukepleiar som er så horribel at den einaste løysinga er å kidnappa henne og plassera henne på ei aud øy langt ute i havet.

Byggjer grendehus

Bergsveinn Birgisson (50) har bak seg både romanar og sakprosabøker.

– Men Kolbeinsøy er i ein annan kategori, og det var på tide, slår han fast.

– Det byrja i 2014 då eg skulle skriva ei poetisk-biografisk forteljing, som alle skriv no for tida. Men så byrja det å krypa inn både metaforar og metamorfose, og til slutt handla det om tre personar. Heldigvis tok eg meg sjølv og alle personlege element ut av heile prosjektet.

Han har nett kome tilbake til Reykjavík frå Strandir på Nord-Island og eigedommen han har teke over etter besteforeldra. Der er han i gang med å pussa opp den gamle låven, som skal verta grendehus, men det vart ein dramatisk tur med snøstorm og bergingsaksjon. Nye sperrer og plater var på plass, men stormen øydela platene og fylte bygningen med snø.

– Det var ikkje mogleg å vera ute, fortel Bergsveinn og varslar att han må nordover att for å byggja tak på låven før vinteren.

Utsyn over havet

Bergsveinn Birgisson budde i Bergen i meir enn tjue år, men har vendt tilbake til eit vakkert utkikkspunkt i den islandske hovudstaden, det gamle hamneområdet i Reykjavík. Der båtar av ulikt slag la til kai tidlegare, har det vorte butikkar, galleri og restaurantar i tillegg til både kvalmuseum, sjøfartsmuseum, sagamuseum, nordlyssenter og bustadblokker.

I fjerde etasje i ein kvit, stor, ny bygning lengst ute på neset bur Bergsveinn. Her har han langt betre utsikt til himmel og hav enn han hadde på Laksevåg i Bergen. Gjennom det store stovevindauget skimtar han eit kvitt fyrtårn og ein fiskebåt ute på havet. I fjorden rett utanfor ligg vesle Akurey. Ute i horisonten lyser sola opp bygningane i den vesle byen Akranes, og fjella i nord er vakkert dekorerte med snø på toppane.

Det er med andre ord langt frå denne idyllen til Kolbeinsøy, som har gjeve namn til den nye romanen. Øya er Islands nordlegaste punkt. Ute i havet stikk det berre opp eit par skjer or sjøen, og dei vert stadig mindre, men ikkje mindre viktige for islendingane. For dei er heilt avgjerande for den islandske fiskerigrensa, som vert rekna 200 mil frå det ytste punktet. Difor freista islendingane å byggja helikopterplattform på skjera, men den har for lengst havarert, og landområdet som stikk opp over havflata, vert stadig mindre. Kva som skjer den dagen havet vaskar skjera vekk for godt, har me ikkje fått svar på. Men i romanen får me vita kva som skjer når «forteljaren» og «venen» kidnappar den usympatiske sjukepleiaren, puttar ho i bagasjerommet, køyrer sørover og sidan nordover for å plassera kjerringa på skjeret langt ute i havet.

– Har du dårleg erfaring med sjukepleiarar?

– Ikkje personleg, men eg byggjer på mange samtalar. I sommar lét eg folk i det psykiatriske helsevesenet lesa boka for å sjå korleis dei reagerte. Ein direktør skreiv tilbake at det var bra, men at sjukepleiaren var i sintaste laget. Ein månad etterpå dukka han opp på fjernsynet. Det viste seg at det hadde vore ukultur på ei avdeling for psykisk sjuke, og pleiarane hadde brukt tvang, tvangsmedisinering og fysisk vald. Fleire av dei tilsette fortalde at dei ikkje orka meir, og styraren for avdelinga fekk sparken. Sjukepleiaren i boka er ikkje langt unna det som skjedde på denne avdelinga. Eg har møtt folk med store kunstnariske evner som ingen tek vare på, og dei misser fotfestet og greier seg ikkje. Det er ei kjensle som har vorte sitjande djupt i meg. Dei sterkaste partia i boka er nok draumane, som klargjer visse ting.

– Kjenner du nokon som har vore så ille ute som han som vert innesperra i romanen?

– Ja, både blant musikarar og forfattarar. Eg har nokså mange døme på det, og ein kan lura på kvifor dei vert råka meir enn andre.

Litt av inspirasjonen til Kolbeinsøy har Bergsveinn henta frå Noreg.

– Utan eg vil seia noko meir, seier han, men legg til:

– Om ein høyrer etter, får ein høyra mykje, men for meg er det ikkje noko tema i seg sjølv å kritisera det psykiatriske helsevesenet, verken på Island eller i Noreg. Eg er meir oppteken av å fundera på kva det er som driv folk ut i depresjon.

Absurd teater

Forteljaren i boka søkjer permisjon frå jobben for å berga venen ut frå institusjonen.

– Han er ein slik mann som middelaldrande menn skriv om – middelaldrande menn i eksistensiell livskrise. Det er som den eine legen på sjukehuset seier i boka: «Me har kome til det punktet i livet der ein stoggar opp og spør: Var dette alt?» Men først må forteljaren ta eit heftig tilbakeblikk for å skjøna kva det er som går føre seg inne i han. Det er snakk om studiar i grunnkjensler, som ofte er feil eller ulogiske, men styrer likevel korleis vi opplever og tolkar verda. Kanskje er det ein freistnad på å stogga opp og sjå seg tilbake.

Men i tillegg til humor og livskrise finst det òg ein kritikk av både helsevesenet og systemet i boka.

– Sjukepleiaren høyrer til blant dei som går med på alt. Ho tenkjer berre på å tekkjast systemet. I etterkant har eg skjøna at det handlar om min skrekk for samtida. Men eg har alltid vore begeistra for absurd teater og forfattarar som Eugène Ionesco, for i den sjangeren greier dei å få fram noko av det som ulmar under overflata i samfunnet. Både «forteljaren» i romanen og eg fryktar kva som skjer med humanismen og den fine fellesskapen som menneskeslekta har utvikla, når stadig fleire utviklar seg til tjukke, svære og grove «nashorn», for å sitera Ionesco, seier Bergsveinn.

– Surrealismen er veldig god – når han er blanda ut. Det er nett som med spriten.

– Forsvar for humanismen er eit kjernetema for deg?

– Ja, det kan ein vel seia for denne boka – og kanskje for alt eg gjer. Ei av dei viktigaste oppgåvene for kunstnarar er å fortelja kva som eigentleg held på å skje i samfunnet, korleis mediesamfunnet og teknologien tvingar fram visse mentale endringar i oss. Og kanskje skjer dette mykje raskare enn me torer å innsjå, og kanskje me ikkje greier å sjå meir enn toppen av isfjellet her. Denne romanen er eit lite bilete av det. Det handlar blant anna om korleis sjukepleiaren liksom kvittar seg med eit kjenslemønster som har vorte utvikla gjennom tusenvis av år. Sjølv er eg redd for samtida og effektivitetskulturen, den nye teknologien og utviklinga. Eg deler ikkje det synet at alt vert berre stadig betre. Det er farleg å meina det. Går me inn med ei ovanfrå og ned-innstilling til fortida, er me ille ute.

– Du skriv mykje om kjensler?

– Det opphavlege namnet på romanen var «Ei kjenslehistorie», og det heng saman med det som kognitiv nevropsykologi har påvist – at alt vert koda i minnet – gjennom kjensler. Byrjar ein å mista minnet, er det berre dei kjenslebaserte minna som sit att. Det er ei utbreidd haldning at det ein ikkje kan setja ord på, ikkje finst. Det synest eg er ei veldig skremmande innstilling. Tidlegare har eg drive med regresjonstankar og terapi, og litt av det prøver eg å kopiera på denne bilturen gjennom delar av Island. Ein går tilbake i livet og freistar å finna ut kva det er som har drive ein, og kva ein er redd for. Eg trur mennesket vert sterkare med tankar om slike ting. Ein vert meir klarsynt, og det vert klarare kva som har verdi. Eg ser på det eine fjernsynsprogrammet etter det andre som fortel at dagens utvikling ikkje kan gå lenger, og at det er kappløpet om eigedommar, verdiar og pengar som øydelegg mest. Essensen er alltid at det mentale, eller innstillinga til det heile, må endrast.

Det einaste biografiske

Men komikken er også til stades i Kolbeinsøy, og Bergsveinn vonar at folk også skal kunna lesa boka som ein road movie. Etter at bilen dei køyrer, stoggar langt ute i eit aude landskap, dukkar det opp ein gut med kassebil med motor.

– Den bilen laga eg då eg var tolv år, men bremsene var ikkje ferdigutvikla, og ein ven køyrde for fort inn i ein sving, velta og øydela bilen. Historia om kassebilen er det einaste konkret-biografiske i romanen, slår Bergsveinn fast.

I vår fekk han Bokhandelens sakprosapris for Mannen fra middelalderen: historikeren og morderen Tormod Torfæus.

Neste år kjem ein film basert på den kritikarroste romanen Svar på brev frå Helga. I tillegg har har Morten Tyldum & co sikra seg opsjon på filmatisering av Den svarte vikingen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Byrjar ein å mista minnet, er det berre dei kjenslebaserte minna som sit att.

Bergsveinn Birgisson, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis