Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Fagforeiningsleiaren

DnFs nye leiar skreiv bøker i 20 år før han vart invitert til litteraturfestivalar. No turnerer Brynjulf Jung Tjønn med fleire dikt som tidlegare har vorte refuserte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brynjulf Jung Tjønn er ny leiar i Den norske Forfatterforening og har eit godt samarbeid med det konkurrerande Forfatterforbundet.

Foto: Eva Aalberg Undheim

9326
20230915
9326
20230915

Litteratur

eva@dagogtid.no

– Eg har ingen agenda på eigne vegner. Skal det stå att noko etter mi tid som leiar, håpar eg det er at eg gjorde ein real, grundig og ærleg jobb på vegner av medlemmene.

Det seier Brynjulf Jung Tjønn, forfattaren, lyrikaren og forlagsredaktøren som tidlegare i år vart valt til ny leiar i Den norske Forfatterforening, interesseorganisasjonen for norske skjønnlitterære forfattarar.

Han har aldri hatt ønske om å leie noko, seier han, men han var likevel ikkje i tvil då han vart spurd om å stille.

– Eg har alltid vore oppteken av forfattarens vilkår og økonomiske rettar, og nett no er det mykje som står på spel for norske skjønnlitterære forfattarar, seier han.

Eg møter han på det nye kontoret i Vika terrasse i Oslo, der han flytta inn like før sommaren. Rommet er lyst opp av låg septembersol og møblert med langt møtebord, full bokhylle og eit stort skrivebord.

Dei to største sakene han har på bordet no, er forhandlingar om ein ny normalkontrakt for skjønnlitterære forfattarar, og problemstillingar knytte til kunstig intelligens (KI).

Trugslar

Normalkontrakten er ein standardavtale mellom skjønnlitterære forfattarar og forleggjarar og regulerer mellom anna kva forfattarane får i royalty per selde bok. Tjønn er oppteken av at forfattarane skal få meir att av kvar bokkrone enn i dag, og at dei ikkje skal verte hardare råka av dei økonomiske nedgangstidene enn andre.

Når det gjeld kunstig intelligens, er fyrste jobb å sikre at norske skjønnlitterære forfattarar og verka deira ikkje vert brukte i programma og språkmodellane som skal trene KI-verktøy. Det har alt skjedd i USA, der forfattarar har gått til søksmål mot selskapet Open AI, som står bak ChatGPT, for brot på opphavsretten, og det har skjedd i Danmark.

– Vi er opptekne av at alle kunstnarar skal kunne motsette seg at materialet deira vert brukt til å trene kunstig intelligens. I tillegg må det finnast kompensasjonsordningar for dei som seier ja til slik bruk. Mange fryktar at kunstig intelligens skal redusere høva deira til jobb, og det er også mange som spør om KI kan erstatte forfattarar og andre kunstnarar, seier han.

– Er det reell fare for det?

– Førebels kan KI-verktøy berre skrive enkel formellitteratur. For at dei skal kunne skrive skjønnlitterære verk av ein viss litterær kvalitet, må dei jo få medvit. Det verkar usannsynleg. Samtidig veit vi at OpenAI jobbar nettopp med å utvikle generell kunstig intelligens. Og så ser vi at yrkesgrupper som omsetjarar og manusforfattarar alt er truga, og vi stiller oss solidariske med dei. Mange skjønnlitterære forfattarar jobbar jo også som omsetjarar og manusforfattarar i tillegg, seier Tjønn.

Pris etter pris

Også Tjønn brukar å gjere fleire ting samstundes. Alt tidleg på 2000-talet, før han hadde gjeve ut nokre av dei 13 bøkene han så langt har skrive, skipa han eige forlag og litteraturmagasin. Jung Forlag var nettbasert og hadde som mål å hjelpe fram unge potensielle forfattarar som dei store forlaga ikkje hadde oppdaga enno, fortalde han i eit NTB-intervju i 2001.

– Det utvikla seg og vart ganske bra. Vi oppdaga fleire debutantar som seinare kom med bøker, og fleire har vorte betydingsfulle forfattarar, seier han og nemner namn som Endre Ruset, Jan Roar Leikvoll og Morten Langeland.

Samstundes skreiv Tjønn sjølv, og i 2002 debuterte han som romanforfattar med Eg kom for å elske.

Sidan har han gjeve ut både romanar, barne- og ungdomsbøker, diktsamlingar og noveller og fått ein god del merksemd. I 2013 vart han tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er, og i 2018 gav han ut ungdomsboka Smadra, som er kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter 2000. For diktsamlinga Kvit, norsk mann, som kom ut i fjor, er han tildelt både Kritikerprisen for norsk skjønnlitteratur, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.

Hardare konkurranse

Trass i prisane deler Tjønn frustrasjonen forfattar Agnar Lirhus skreiv om i Aftenposten i fjor haust, om at avisene i dag knapt gjev merksemd til andre bøker enn dei få marknadsavdelingane i forlaga på førehand trur vil selje best.

– Då eg debuterte i 2002, vart boka meld i 16–17 aviser, og eg vart intervjua av både Aftenposten, Dagbladet og NRK. Då eg i 2021 gav ut Kvar dag skal vi vere så modige, kom fyrste intervjuet fyrst då eg vann P2-lyttaranes romanpris nesten eitt år etterpå. Eg har vore forfattar i 20 år utan å verte invitert til litteraturfestivalar. Det syner korleis det kan vere å vere forfattar i Noreg i dag. Vi har ein svært vellukka litteraturpolitikk som bidreg til stor breidd og stort mangfald i sjanger og type bøker som vert gjevne ut, men konkurransen i media vert hardare og hardare.

Refusert form

Diktsamlinga Kvit, norsk mann knekte i alle høve alle kodar og har medført både spalteplass og formidlingsoppdrag landet rundt. Dikta handlar om sider ved det å vekse opp som adoptivbarn i Noreg og vart av av Aftenpostens meldar omtalt som «en vemodig protest mot rasisme».

Boka er per no trykt i fem opplag og 6600 eksemplar.

Tjønn byrja å skrive denne boka då Johanne Ihle-Johansen, som var adoptert frå Kina, vart drepen av bror sin i Bærum i ei rasistisk motivert handling. Året etter kom koronaviruset til Noreg, og Tjønn, som sjølv er adoptert frå Sør-Korea, opplevde at folk gjekk omvegar om han eller spurde om han hadde vore i Kina nyleg.

Då det vart klart at dikta kunne verte bok, skreiv han samlinga ferdig så fort som han aldri før har skrive. Det var også fyrste gongen han skreiv så personleg.

– Kor lenge hadde du då hatt tematikken i arbeid?

– Nokre av dikta hadde eg frå eit manus frå 2012. Det året drog eg tilbake til Sør-Korea etter å ha gjeve ut romanen Kinamann i 2011. Eg skreiv fleire dikt på turen og sende til forlaget, men dei vart refuserte mellom anna på grunn av forma. Knekkprosa, kallar ein det, prosa sett opp med linedeling.

Flesteparten av dikta i Kvit, norsk mann er derimot nye, men alle er skrivne på same måte som dei som vart refuserte, ifølgje Tjønn.

– Kva trur du er grunnen til at dikta no har fått så stor merksemd?

– Eg trur éin grunn er at det finst få forteljingar om å vere adoptert i Noreg. Førestillinga mange har, er at ein som adoptert er heldig og skal vere takksam for å ha fått kome hit. Det igjen gjer at det er få adopterte som fortel korleis det kan opplevast å verte behandla annleis på grunn av hudfargen. Eg tenkte òg lenge at dette er ein del av livet mitt, dette må eg berre tole. Men no tek rasisme til å verte teke meir og meir opp i litteraturen. Vi har Zeshan Shakar, Abid Raja, Camara Lundestad Joof og fleire som skriv tett på eige liv og bakgrunn, og det har opna opp og skapt større interesse for temaet blant fleire.

– Generelt sett les vi derimot stadig færre bøker. Kva kan gjerast for å få oss til å lese meir?

– Eg skulle gjerne hatt eit godt svar på det. Mykje handlar nok om tid, og om konkurransen frå andre medium, så for forfattarar handlar det eigentleg berre om å skrive best mogleg bøker. Det er også høg kvalitet på bøkene som vert gjevne ut i Noreg.

– Får du sjølv tid til å skrive no?

– Ikkje mykje. Eg har nokre små oppdrag, antologiar og slikt, som gjer at eg får halde det litt ved like, men større prosjekt og manus som skal verte bok, krev meir tid over lengre tid enn eg har no. Men eg opplever at vervet og det eg jobbar med no, er svært meiningsfullt.

– Fint med litt krav

Forfattarforeininga har i dag nærare 750 norske skjønnlitterære forfattarar. Det konkurrerande Forfatterforbundet, som vart skipa i 2018, mellom anna som reaksjon på dei strenge opptakskriteria i Den norske Forfatterforening, har ifølgje eigne nettsider i dag drygt 500 medlemmer.

Tjønn seier dei to har eit godt samarbeid og felles mål både i forhandlingane med Den norske Forleggerforening om ein ny normalkontrakt og når det gjeld utfordringane knytte til kunstig intelligens.

– Kan de ikkje berre slå dykk saman?

– Det er ikkje opp til meg å avgjere, men medlemane. Og då må begge organisasjonane ha felles syn på litteraturpolitikken, seier han.

– De har òg hatt andre utmeldingar dei siste åra. Korleis pregar det jobben din no?

– Eg startar på nytt og med blanke ark, og det viktigaste for meg er kjerneverksemda til forfattarforeininga, som er å jobbe for dei økonomiske vilkåra til norske forfattarar.

– Du starta forlag for å hjelpe fram forfattarar som ikkje hadde fått innpass hjå dei store forlaga, men leier no den forfattarforeininga det er vanskelegast å kome inn i. Er ikkje det eit paradoks?

– Nei, forlaget eg starta, skulle vere eit første steg for skrivande talent, som seinare kanskje kunne få utgi bøker på eit etablert forlag. Inntakskravet for å bli medlem i Forfatteforeningen har også blitt endra dei siste åra. Ein må ha gjeve ut to bøker, og éi av bøkene må halde litterær kvalitet. Og blant dei to kan det vere ei gjendikta. Dessutan er ikkje forfattar noko du tek seks års utdanning eller går noko profesjonsstudium for å verte, slik det er i ein del andre typar fagforeiningar, så då tenkjer eg det kan vere fint at det stillest litt krav.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis