JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Frå fiesta til fiasco?

Benito Pérez Galdós (1843–1920) skulle heidrast som Gran Canarias store son og Spanias store forfattar i år, men det vart skriveri.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Benito Pérez Galdós (1843–1920).

Benito Pérez Galdós (1843–1920).

Foto: Wikimedia

Benito Pérez Galdós (1843–1920).

Benito Pérez Galdós (1843–1920).

Foto: Wikimedia

5371
20201120
5371
20201120

Benito Pérez Galdós drog 19 år gammal til Madrid for å studere jus, men hoppa av frå studia og kasta seg ut i daglegliv og kulturliv i hovudstaden. Han vart avis- og bladmann, debuterte med ein realistisk roman i 1870, gav ut 31 romanar, tendensromanar på 1870-talet, samtidsromanar frå 1881 til 1889 og såkalla novelas espirituales, sjelelivsromanar, mellom 1891 og 1897, Tristana (1892), Nazarín (1895) og Halma (1895). Mange hugsar dei frå filmar av Luis Buñuel på 1960-talet. Halma, filmatisert som Viridiana, gjekk til topps i filmfestivalen i Cannes i 1961.

Benito Pérez Galdós skreiv òg dramatikk, og mellom 1873 og 1912 gav han ut 46 historiske romanar i sjangeren han skapte og kalla Episodios nacionales. Dei fortel om utvalde episodar frå spansk historie mellom 1805 og 1880, med innblanding i politikk frå kongehuset Borbón og dei tenestevenlege medløparane deira. Dei kjem ikkje direkte fram på scena i tekstane, der fiksjonspersonar frå underklassar opplever konsekvensar av autoritær maktbruk og vanstyre frå toppane høgt over plasseringa dei har i det sosiopolitiske systemet.

Forteljeteknikk

Benito Pérez Galdós utvikla forteljeteknikkar som seinare vart brukte i latinamerikansk diktatorroman i Samtale i Katedralen (1969, utgjeven på norsk i 2013) av Mario Vargas Llosa, i ein episodio nacional frå Peru om offer for diktaturet til general Manuel Odría frå 1948 til 1956, og i dokumentarromanen La noche de Tlatelolco (1971) av Elena Poniatowska. Ho skreiv avslørande forteljingar om maktbruk i Mexico, i «munnlege vitnemål» frå massakrar på studentar 2. oktober 1968, då dei protesterte mot OL i Mexico by.

Benito Pérez Galdós vart Spanias første profesjonelle forfattar, han ville leve av og overleve med skrivearbeid, eit bibliotek har laga liste med 2757 titlar, kvantiteten er grundig dokumentert, og så døydde han einsam og ruinert i 1920. Heidringa av forfattaren starta i november i fjor med minneutstilling i Nasjonalbiblioteket i Madrid. Utstillinga kom forseinka til Las Palmas på grunn av pandemien og vart opna i barndomsheimen hans 23. september i år. Feriebyen hans, Santander, hadde markeringar fram til november i år; tre nye biografiar såg dagens lys, professor emeritus ved Universitetet i Las Palmas, Yolanda Arencibia, fekk Comillas-prisen for beste biografi i 2020, og alt såg endeleg ut til å gå på hjul for forfattaren, med planlagde teaterframsyningar, nyutgåver av bøker, fagkongressar og seminar.

Tvil om kvalitet

Så ville yngre forfattarar i Spania ha eit ord med i laget. Den 9. februar kom Javier Cercas (1962) med ein artikkel om Galdós i avisa El País. Der sådde han tvil om kvaliteten på romankunsten til ein forfattar som ikkje hadde studert Flaubert. Romanane er ikkje objektive og upartiske, dei er didaktiske, moralistiske og oppbyggande. Lesaren står ikkje fritt til vurderingar, og Benito Pérez Galdós har vorte overvurdert i Spania.

Antonio Muñoz Molina (1956) kom 14. februar med eit polemisk tilsvar i avisa, med åtak på Cercas, forsvar av romanar og innlegg mot undervurdering av Galdós. Cercas gjekk til åtak på kollegaen den 19. februar, om han som føler seg fram med blindestokk og korkje veit att eller fram.

Det som var eit litterært faderdrap på Benito Pérez Galdós, vart også litterære broderdrap på samtidige forfattar. Innlegg i media i heile kongeriket delte seg mellom «galdosianarar» og «antigaldosianarar». Alle hadde meiningar om Javier Cercas og Antonio Muñoz Molina, og Benito Pérez Galdós vart atter offer for ei spansk tidsånd som hadde forfølgt han heile livet.

I skuggen

Galdós kom endå ein gong i skuggen, og la fiesta var i ferd med å bli fiasco. Mario Vargas Llosa kunne ikkje dy seg. Den 19. april kom artikkelen «En favor de Pérez Galdós» i El País i Spania og i La República i Peru. Der ville han mekle mellom motstandarar og slår fast at Galdós var Spanias fremste forfattar i det 19. hundreåret, at han nok var den første som levde av skriving. Når han går inn på romankunst og litterær kvalitet, går han i spora til Cercas og ser på Galdós som preflaubertianar. Forteljaren er alltid allvitande og veit det umoglege om tanke- og kjenslelivet til karakterane. Forteljaren hjå Flaubert vart hovudperson i teksten, ei oppfinning som gav objektiv romankunst og styrkte realismen.

Så kom polemiske innlegg mot Llosa frå professor Germán Gullón, forfattar av studiar om forteljaren i romanar frå det 19. hundreåret og om Galdós som ein «moderne klassikar». Han skriv at Mario Vargas Llosa vil gjere Benito Pérez Galdós liten for sjølv å framstå som stor og viktig smaksdommar. I Mexico kom innlegg frå forfattaren Eloy Garza om «Hestehandlaren Mario Vargas Llosa» som alltid vil stå fram som viktig forfattar ved å selje andre som underlegne. Og Llosa hadde i sin tur innteke plassen Galdós skulle hatt.

Benito Pérez Galdós var nominert til Nobelprisen i 1913 og 1915, og konservative grupper protesterte mot han. Ein delt pris hadde i 1904 utruleg nok gått til José Echegaray, og i 1922 gjekk prisen utruleg nok til Jacinto Benavente. Båe er i dag så godt som gløymde, medan Benito Pérez Galdós set merke på kulturlivet i Las Palmas, Madrid, Santander, Lima og Mexico by.

Birger Angvik

Birger Angvik er professor emeritus.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis