Har dokumentert 26 norske bokbål
Frå tidleg på 1900-talet og fram til 2005 har nynorsk- og samnorskmotstandarar ved minst 26 høve laga bål av bøker.
Forfattar Ottar Grepstad har gått til historiske kjelder og skrive om bokbål mot språk her i landet.
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB
Historie
redaksjonen@dagogtid.no
Den tidlegare leiaren av Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad gjev i desse dagar ut boka Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912–2005. Ifylgje Grepstad har bøker vorte brende i minst 3000 år – og her inkluderer me både skinnrullar, leirtavler og andre medium for skrivekunsten.
I Europa strekkjer bokbåltradisjonen seg i alle fall åtte hundre år bakover i tid, kanskje meir. Og her i landet har Grepstad dokumentert 26 tilfelle der nynorske bøker har gått opp i røyk på open scene i tidsrommet 1912–2005. Den fyrste kjende aksjonen kom i 1912. Sidan brann det jamt og trutt i åra fram mot andre verdskrigen.
På Hamar brende gymnasiastane kladdane til landsmålstilane sine på eksamensdagen 27. mai 1914. I Bergen brende gymnasiastane landsmålsbøkene sine på eit bål ved Permanenten 23. mai 1922. To år seinare «drukna» bergensruss landsmålsbøkene sine i sjøen ved Sukkerhusbryggen på eksamensdagen 27. mai. Endå fjorten år seinare «jordfesta» riksmålsartianarar i Hansastaden lærebøkene sine i landsmål.
Fenomenet
Grepstad definerer fenomenet bokbrenning og føremålet med det slik: «Å brenne bøker er ei rituell eller symbolsk øydelegging av skrifter, som regel utført offentleg, av ideologiske, religiøse, politiske eller moralske grunnar. Ei av dei eldste formene for sensur er å gjere til inkjes bøker ved brann eller på anna vis. (…) Slike øydeleggingar blir utførte av religiøse eller verdslege styresmakter, interessegrupper eller enkeltpersonar. Bokbrenning markerer standpunkt og grenser, men kan også svekkje ein kulturtradisjon, eit skriftspråk eller det kollektive minnet i ein fellesskap.»
Nazisamanlikning
– I boka opnar du med historia om bokbåla til nazistane i 1933, der målet var å utrydda all «ikkje-tysk» kultur. Er ikkje ei samanlikning mellom bokbåla til nazistane og brenninga av nynorskbøker sterk kost?
– Likskapen er at dei går inn i same tradisjonen. Det handla om å fjerna noko bokbrennarane ikkje ville ha. Og dei var begge ideologiske, i den forstand at det var autoritære handlingar, på same måten som makthavarar gjennom tusenvis av år har brent bøker for å forby og verta kvitt noko som var uynskt, anten det var språk, kultur eller innhald. Og nazistane var langt frå dei fyrste som brende bøker i Tyskland, seier Grepstad.
Dei norske språkbåla
Gjennom intervju med mange tidsvitne og nitid leiting i digitaliserte aviser og bøker meiner Grepstad å ha funne det som kan dokumenterast av bokbål. Grepstad trur likevel at mørketala er store. Om årsakene til at mange bokbål kan ha vorte forbigåtte i det stille, seier han:
– Grunnen er todelt. For det fyrste handlar det om bagatellisering; bokbåla vart sette på som ungdomspåfunn. Til og med som sjarmerande handlingar av tiltakslystne ungdomar. Og det trass i at gymnasiastar og andre bokbrennarar insisterte på å verta tekne på alvor. Den andre grunnen er diverre at altfor mange avisredaktørar sympatiserte med intensjonane bak bokbåla. Det finst endåtil døme på at ungdomane vart rosa på leiarplass. Samstundes var det få, om nokon, som tok eit oppgjer med bokbrennarane. Ikkje eingong i Dag og Tid har eg funne leiarar mot bokbåla. Så boka mi er nok ikkje noko festskrift for Norsk Redaktørforening.
Kjende nordmenn
Lista over kjende riksmålsfolk, forfattarar, politikarar, musikarar og andre tilhøyrande den norske intelligentsiaen som var med på bålbrenninga eller støtta denne, er lang. «Nokre av bokbrennarane blei advokatar, direktørar, embetsfolk, folkevalde, forfattarar, journalistar, kunstnarar, lærarar, professorar», skriv Grepstad. Og til dei meir kjende namna høyrer Sigurd Hoel, Johan B. Hjort, Arnulf Øverland, André Bjerke, Ole Paus og – i nyare tid – Høgre-politikaren Harald Victor Hove i Bergen. Fleire av dei som framleis lever, som Paus og Hove, tek i dag sterk avstand frå handlingane sine.
Skremmande symbol
– Minst like skremmande som bålbrenninga er bruken av dødssymbol. 29. april 1907 bar russ i hovudstaden ei likkiste gjennom byen, fordi dei skulle gravleggja landsmålet. Både drukning, henging og jordfesting har vorte brukte i tillegg til å brenna bøker på språk eller med ei rettskriving som ein ville fjerna.
I 1912 brende russ på Hamar ei dokke i full storleik. Oplandenes Avis omtala opptrinnet slik: «Nu hadde de rigget ut en ‘maalprofet’ som de i høitidelig optog kjørte op paa Stortorvet. Figuren, som var baade godt og vel impregnert med brændbare stoffer, blevet stillet op paa en liden tønde og stukket ild paa, efter at en af de unge mennesker hadde holdt en høitflyvende offertale til maalets hæderlige begravelse.»
Andre døme på «drukning» og «jordfesting» er alt nemnde.
– Kva gjer alle desse dødsmetaforane og denne ordbruken med unge og usikre språkbrukarar, spør Ottar Grepstad.
Han legg til at ein heilt klar intensjon med bokbåla nettopp er at dei skal verka skremmande.
– Det er autoritær og symbolsk vald.
Bokførar
Forfattaren omtalar seg sjølv som bokførar i boka. Og då i den utvida og historiske tydinga, som går langt ut over det å føra rekneskap.
– Ein bokførar samlar saman informasjonen og presenterer denne. Eg har lagt vinn på å lata dei bokbrennarane eg har fått i tale, få forklara kva og korleis dei tenkte og handla – den gongen. Eg trur ikkje det er tvil om kva eg sjølv meiner, men eg moraliserer ikkje. Eg er bokføraren, så får lesaren sjølv konkludera.
Grepstad kan ikkje koma på eitt einaste døme der brenning av bøker kan seiast å vera på sin plass.
– Når ein går til det steget å brenna bøker, har ein slutta å argumentera – i den grad ein på noko tidspunkt har argumentert.
Kor upartisk han enn freistar å vera, er det ikkje til å stikka under stol at fleire av dei som støtta bålbrenninga og aksjonane mot nynorsk, representerte partiet Høgre og generelt høgresida i norsk politikk.
– Det er rett, seier Grepstad.
Han legg til at det sjølvsagt er legitimt å gå inn for å avskaffa obligatorisk sidemål – nynorsk – i skulen.
– Men språkbruken nokre av representantane for Unge Høgre og Framstegspartiets ungdom nyttar og har nytta, er kritikkverdig. Her saknar eg at leiarane i desse organisasjonane seier klart frå om at slik språkbruk ikkje vert tolt.
Ikkje slutten
I vår digitale verd skulle ein kanskje tru at det å brenna bøker har utspelt si rolle, både symbolsk og fysisk. Ottar Grepstad er ikkje så sikker på det.
– Det er vel ikkje meir enn drygt to veker sidan ein norsk organisasjon mot innvandring brende Koranen på bål i hovudstaden, så svaret på spørsmålet om me har sett det siste bokbålet, er nok diverre nei.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når ein går til det steget å brenna bøker, har ein slutta å argumentera.
Ottar Grepstad, forfattar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen