JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Teater til lesaren

Dordi Strøm er kunstnar og scenograf. Når ho no skriv romanar, veg det visuelle tyngre enn prat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dordi Strøm saman med hunden Kazan.

Dordi Strøm saman med hunden Kazan.

Foto: Privat

Dordi Strøm saman med hunden Kazan.

Dordi Strøm saman med hunden Kazan.

Foto: Privat

8233
20230908
8233
20230908

Litteratur

marita@dagogtid.no

Dordi Strøm er utdanna biletkunstnar, scenograf og kostymedesignar og har vore sentral i ei rekke teaterframsyningar, seinast i Abdul = Hkeem på Det Norske Teatret og Betenkningstid, som hadde premiere på Grusomhetens Teater. Dei siste åra har ho òg hatt verkstad i kostymedesign med tusenvis av elevar i Den kulturelle skulesekken. Nyleg fekk ho statens tiårige stipend for etablerte kunstnarar.

Samtidig har ho gitt ut si andre bok: Odel. Og ein kan sjå at forfattaren er scenograf – ei som finn glede i å dvele ved detaljar som i motsetning til fysiske rekvisittar, som hamnar på skraphaugen etter siste framsyning, blir ståande i boka så lenge ho finst.

– Korleis er det å sitte aleine over tastaturet når du er vand med å jobbe i eit hektisk miljø der folk kjem og går, og du må samarbeide med alle?

– Det er godt. Teateret har eit tempo som det kan vere krevjande å stå i, og eg nyt å vere fri frå rammevilkåra der, ikkje minst budsjetta. Når eg skriv, kan eg komponere bilde og scener i fred og ro og assosiere som eg vil. Hierarkiet i teateret er oppløyst. Eg kan gjere alt sjølv.

Naturhushaldet

Familien i Odel bur på ein gard utanfor allfarveg: Inga og Olov, barnebarnet Liv og sonen Ommund. Dottera Odel, som er mor til Liv, lever eit slags dobbeltliv som student i storbyen mot at ho «kjem heim kvar vår, vårvinter til lamminga, kalvinga, slåtten, hogsten, jakta. Slakting, sanking. Kvar haustsommar, haust, haustvinter når ho reiser igjen, får ho med seg varme klede, bær, sopp, saft, spekemat, innmat, tunge, lever, blodmat, aure, flatbrød, hjarte».

Vi kjem tett på naturen – jorda, skogen, elva og sjøen, buskapen og ville dyr – og tett på kroppen, med kjøt og blod, spytt, sveitte og oppkast, tenner, hudfiller og indre organ.

– Naturhushaldet minutt for minutt, kan ein nesten kalle det: gardsdrift, skogsdrift, garnfiske og hardt arbeid. Du skriv så detaljert om fisk, fugl og insekt, matauk, våpen og jakt, slakt og partering at ein nesten kan lukte det. Kor har du kunnskapen frå?

– Eg vaks opp nær naturen, på Hitra. Økologi og medvitet om kva vi er omgitt av, engasjerer meg. Eg ser opp til bonden og fiskaren. Mor mi er ornitolog, og eg har stor respekt for dyr generelt.

I dag bur Strøm på Bøler i Oslo. Rett før vi pratar saman, sender ho bilde frå skogen, av ein haug traktkantarell og hunden. Eitt år budde dei i Bremanger, ho og ektemannen og barna deira. Der er det mykje hjort, som på Hitra. Strøm kan skyte, ho treffer blink, men ho vil helst sleppe å handtere våpen.

– Men mor mi er ein briljant jeger. Odel er ikkje eit portrett av mor mi, men karakteren er til dels inspirert av henne. Ho snakkar ikkje mykje, men kan mykje. Ho er eit forbilde fordi ho tar seg tid til å sanse, og ho er handlekraftig.

Dordi Strøm er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er trønder busett i Oslo.

Foto: Tom Gustavsen

Det ingen snakkar om

Både Odel og den første romanen til Dordi Strøm, Flog, handlar om ein familie i tre generasjonar, om kvardagen, som til tider er brutal, og smerta dei ber på og ikkje snakkar om.

– Det handlar om mangel på kommunikasjon, om korleis det er for eit barn å vekse opp i ein heim der ein ikkje snakkar om ting.

I Odel blir det understreka, det at «dei held stilt», «ingen snakkar om det». «Det som hende, er borte, og snart er det ingen som hugsar det. Alle held kjeft.»

Mykje ser vi gjennom blikket til Liv, frå ho er lita, til ho er like gammal som Odel var då ho fekk henne, 15 år. Historia begynner med ei dramatisk ulykke, der vi følger det vesle persongalleriet i sanntid: «Odel har børsa i handa. Ho går med lange steg over tunet», «Liv ligg på låvebrua», «Ho ser tunet, vegen», «Bilen har ikkje høg fart», «Det kvin i bremser, straks etterpå – ein dump lyd.»

«Odel ladar børsa», «Annar hiv seg ned», «Odel siktar», «Ommund skrik», «I blodet i grusen ligg framtennene. Liv krafsar dei til seg»… Setningane er korte og liksom heilnorske, som hos forfattarar som Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Jon Fosse. Ord blir gjentatte: «Odel spring», «Odel spring, ho har eit godt forsprang».

Vi ser det som skjer, frå ulike perspektiv, inkludert hundens og hjortens, og blir rivne med, som i ein god krim, i ei jakt på svar.

Livsvilkår

Men så ligg det mykje mellom linjene, og når observatøren er eit barn, kan ein lure på korleis ting heng saman – kva som er verkeleg, og kva som er fabulering.

– Ønsker du å teste meg, eller trur du at eg er glupare enn eg er?

Dordi Strøm ler.

– Nei, eg er på lag med lesaren. I teateret er det ein uskriven regel: Vi skal ikkje villeie folk. Eg viser fram scener, og lesaren får dikte med. Eg skriv slik hovudet mitt funkar, assosiativt. Kanskje ein må senke tempoet og legge vekk kravet om det lineære. Det handlar om dei små bilda i det store, som i eit kaleidoskop eller ei kinesisk eske.

Eit urovekkande bilde som går igjen, er ålen: Han ligg i vatnet og vaker, kanskje to meter lang. «Ålen gjer som den vil, ingen veit kvar den er.» «Ålen er sterk, det er ein sværing.»

– Du kunne vel ha skrive ein tjukk krim- eller slektsroman, altså ein potensiell bestseljar?

– Det trur eg ikkje. Det er ikkje narrativt drive, det eg gjer. Eg er ikkje opptatt av historier i seg sjølv, men av hemmelegheiter, og korleis folk handterer dei.

– Sjølv ventar eg spent på svaret på Livs store spørsmål: «Kven er far min?» Vi får hint, og kan gjette svaret. Vil du gi eit hint til?

– Odel er ei samling historier om livsvilkår og relasjonar. Relasjonar kan ha mange uttrykk, og dei kan bli forskyvde. I praksis er kan hende Inga mor til Liv, mens Odel er meir som ei fjern søster ho ser opp til. Når det gjeld Olov, hadde eg stor glede av å gravlegge han i eit hol i isen. Han blir eit festmåltid for ålen.

Noko anna Strøm ønsker å formidle, er at dyr gjerne oppfører seg meir ærefullt enn menneske.

Tvillingmotivet

Odel er gjennomsyra av paralellar, og dyr inngår i fleire av dei: Hunden Bowie, som er speler ei viktig rolle, skambit Liv; Liv skamslår Annar. Annar er ein mann; Annar er ein hest. Katten føder; Odel føder. Ikkje minst er Odel og Ommund tvillingar.

– Det finst mange tvillingar i litteraturen, blant anna hos Karin Smirnoff, hos Agota Kristof, i Abraham Vergheses Alene sammen og i Leander Djønnes Oskespiralen. Kor kom dine frå?

– Det er eit freistande motiv, det at to som har dei same føresetnadane, får ulike eigenskapar.

Odel blei den sterke, som jaktar, trekker garn, følger kyrne til beite, køyrer traktor, fører rekneskap og haustar respekt. Ommund, som blei eit hovud lågare, er treskjerar, knivslipar og gitarspelar. Men bandet mellom dei er sterkt, sjølv om dei pratar fint lite.

Strøm fortel at ho er inspirert av forfattarar som Claire-Louise Bennett og Olga Tokarczuk, som ikkje skriv ei tydeleg forteljing, men fokuserer på underliggande tematikkar. Til dømes kan mangel på kommunikasjon vege tyngre enn dialog.

Eit hell

Dordi Strøm har stoff til ei ny bok, vedgår ho, der ho leikar seg med å finne hovud og hale.

– Eg har alt skrive om det å forlate bygda for eit akademisk liv. Kanskje eg legg handlinga til byen. Og så er eg opptatt av «tricksterar», hamskiftarar, som finst i mytologien i alle kulturar. Annar er ein slik. Han er god og vond, ein slags Loke eller Oskeladden som grev i grua og bruker det han finn.

– Du fylte 50 år det året du blei romanforfattar. Kva fekk deg til å skrive, og det på nynorsk?

– Eg snubla inn i det. Då vi budde i Bremanger, ønskte eg å svare på meldingar frå ein lærar, Jill Strand, på nynorsk, og eg skjønte at det er hjartespråket mitt. Eg jobba med eit stykke av Brynjulf Jung Tjønn på Sogn og Fjordane Teater og blei inspirert til å søke på eit barnebokseminar. Eg fekk ikkje plass; Samlaget meinte at teksten min passa betre for vaksne. Slik blei Flog til. Då pandemien kom, og vi mista produksjonar, fekk eg tid til å skrive, og eg kvilte i det. Det var eit hell.

Ho gjekk på skrivekurs ein gong, fortel ho. Kursleiaren meinte at han kunne lære deltakarane å skrive som Per Petterson. Det var bortkasta pengar.

– Per Petterson skriv jo intuitivt, han òg. Alle har sin metode. Sjølv hadde eg alt jobba med historieforteljing i mange år. Heldigvis såg eg at eg kunne skrive ei teaterframsyning for den eine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis