Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix

Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix

2119
20180105

Leucotomi
(utdrag av eit ti siders dikt)

Han heitte Lars, mors

syskenbarn.

Han fekk kirurgens skinande jarn

bora inn gjennom skallen

mot dei mjuke hjernecellene sine

i Molde by.

*

Eg les i Norges Offisielle Statistikk. XI. 38: Året

1948 døydde tre av dei lobotomiopererte pasientane

på Opdøl asyl. Dei 36 var rolege. Lars døydde

medan han stirde opp mot fuglane. Han sa

ingen ting,

byrja driva

i ein sjø i lufta, stille sjø

og han sokk langsamt ned

mot botnen, Lars,

mumla bobler

då fiskane nappa i han

i den myrknande sjøen.

KNUT ØDEGÅRD

Lobotomi vil seia å operera i ein lapp. Å fjerna ein hjernelapp vert kalla lobectomi, eller leucotomi. Antonio Egas Moniz, portugisisk professor i medisin, fekk Nobelprisen i 1949 for «påvising av den terapeutiske verdien av prefontal lobectomi ved visse psykosar».

Metoden er for lengst forlaten. Å bli skoren i hjernen var Gunvor Hofmos store angst som pasient på Gaustad sykehus. Overlegen på mannsavdelinga var ivrig tilhengjar, han på kvinneavdelinga absolutt motstandar. Mange lobotomerte døydde. Ein ikkje-namngjeven gravplass på Ris kirkegård går under namnet «Den ukjente pasients grav». Gunvor Hofmo slapp. Ho kurerte seg sjølv.

Men ikkje Knut Ødegårds slektning Lars, som er tileigna eit mektig dikt i Ødegårds nye diktsamling Tida er inne. Her er berre plass til å sitera frå innleiande og siste avsnitt.

Knut Ødegård, fødd 1945, skal ha applaus for den store innsatsen i norsk poesi etter debuten 1967: 13 eigne diktsamlingar, 3 diktutval, 10 bind med omsetjingar av islandsk, færøysk, irsk og makedonsk lyrikk, 4 bind med Edda-dikt 2013–2016 og ein heil del anna. Viktig er igangsetjinga av Bjørnson-festivalen i 1992 – den første litteraturfestivalen i landet – som han leia i 20 år. Dikta hans er omsette til 37 språk, visstnok meir enn nokon annan norsk lyrikar.

Ei from og kristen livserfaring lèt seg lese ut av skrifta hans i dag:

Eg veit ingen ting å seia dykk om dødsriket,

sa onkel Knut. Eg veit berre om ein bror

som går og slit sko på den tynne jordskorpa vår.

Men søkk vi ned i dødsriket,

så har jo Kristus vore der òg.

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis