Fotograf: Kristin Witberg
På Veitveit igjen
Jeg går de krappe drabantbyveiene
Gatelyktene er globusblå
Regnet et stille glassperleforheng
Det lukter lyn og løv
Bak et vindu på gløtt
Ligger jeg med tommelen i munnen
Alle kropper er bylter som dufter
Våre hoder rullet inn i søvnens bandasjer
Gene Dalby

Lyrikaren Gene Dalby blir sjeldan nemnd. Han er ein løyndom i norsk lyrikk som fortener større merksemd. Dalby var eit talerøyr for punkgenerasjonen i 1980-åra. Punk vekkjer ulike assosiasjonar: anarkisme, nihilisme, samfunnsopprør. Det handlar om dei mørke, nattsvarte sidene ved storbylivet.
Men punk er i grunnen ikkje noko nytt. Det er på mange vis det poetiske programmet til Charles Baudelaire og hans Les Fleurs du Mal, Dei Vondes Blomar, som får sin renessanse gjennom punkpoetane. Dalbys poesi kan òg sjåast på som eit framhald av Kristiania-bohemen: «Du skal skrive dit eget liv», heitte eit av dei ni boda deira. Men som litteraturvitar Kjetil Berthelsen skriv i ein artikkel: Dalby tenkte annleis, for han lyder bodet: Du skal skrive di eiga tid.
Gene Dalby debuterte i 1979 med diktsamlinga Linedanser på piggtråd. Så fylgde diktsamling på diktsamling som perler på ei snor. Dessverre har det vore stilt frå han sidan Angst kler meg ikke frå 2002.
Diktet ved sida av, «På Veitveit igjen», er henta frå Rå frå 1994. Dalby er sjølv frå Veitveit, som ligg i Groruddalen i Oslo – ikkje nett staden som kallar på dei poetiske himmelferdene. Men Dalby forvandlar drabantbyen til ein poetisk tilstand. Diktet er rikt på gode språkbilete som noggrant skildrar situasjonen i teksten. Det synest å handle om ei kveldsscene, mogelegvis etter ei kraftig regnbye med toreslag, slik som vi ofte opplever på Austlandet no i august månad: «Det lukter lyn og løv». Samtidig synest det å vera tale om ein situasjon fylt med ein sårleik: diktar-eget ligg «med tommelen i munnen».
Men det er på ingen måte eit svartsynt, nihilistisk dikt. Den språklege biletbruken er merkt av overskot: «Regnet et stille glassperleforheng» og «Våre hoder rullet inn i søvnens bandasjer». Den dystre kvelden på Veitveit blir positivt ladd med kjærlege metaforar. Om Dalby blir kalla punkpoet, sprengjer dikta hans slike kategoriar. Dei er metaforrike poetiske perler som lyfter lesaren.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.