Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjefredaktør i VG, Gard Steiro, har opna opp for bruk av nynorsk på redaksjonell plass i avisa.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

2192
20171020
2192
20171020

Målprisen til VG

Tysdag 17. oktober delte Noreg Mållag ut Målprisen 2017 på Det Norske Teatret i Oslo. I år gjekk Målprisen 2017 til Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG.

– Eg må fyrst seia at det er ei stor ære å vinne ein slik pris. Samstundes ser eg på lista over tidlegare prisvinnarar at det er mange som har gjort mykje meir for nynorsken enn det eg og VG har gjort, sa Gard Steiro på tilstellinga.

– Etter at Gard Steiro overtok redaktørstolen i VG, har det vorte ei oppmjuking av språket. Journalistane kan no bruke nynorsk der det er naturleg. Han har med andre ord sett døra på gløtt for nynorsk i VG, fortalde leiar for Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Vi har mjukna opp nynorsklinja fordi vi skal vera ei avis for heile folket. Då er det underleg med eit forbod mot nynorsk, var det kloke tilsvaret frå Steiro.

– Taj Mahal er bygd av svikarar

Det meiner den indiske politikaren Sangeet Som frå Bharatiya Janata-partiet (BJP) som sit i regjeringa i landet. For nokre veker sidan var det kjende marmormausoleet, som er ein av Indias største turistattraksjonar, fjerna frå turistbrosjyrar i området det ligg i. Det seier seg sjølv at dette har ført til sinne og diskusjon, og no har det altså kulminert i den ekstreme kommentaren til Sangeet Som. Det handlar sjølvsagt om religion. Shah Jahan, som bygde Taj Mahal til minne om yndlingskona si i 1643, var muslimsk mogul. Shah Jahan fór ille åt med hinduar i samtida. Sangeet Som er sjølv hindu.

Nalin Kohli, ein annan medlem av BJP, har tatt avstand frå utsegna til partikollegaen.

– Taj Mahal er ein viktig del av historia vår. Det som har skjedd, kan ikkje viskast ut, seier Kohli.

Taj Mahal tek imot om lag seks millionar turistar i året.

Årets norske sentrum

Norsk Sentrumsutvikling heldt sin årlege sentrumskonferanse i Kristiansand denne veka. Dei arbeider for at næringsliv og styremakter skal fremja gode by- og tettstadsentrum i Noreg. Det er viktig, for byspreiing og kjøpesenterutvikling hindrar tette, trivelege sentrum. Norsk Sentrumsutvikling deler ut ein årleg pris for god sentrumsutvikling. I år vann Fredrikstad prisen. Fredrikstad vart tidlegare i år også kåra som Noregs mest attraktive stad.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis