Paul McCartney skriv på ei barnebok som etter planen kjem ut neste haust.
Foto: Scott Audette / AP / NTB scanpix
McCartney skriv barnebok
Barnebarna har inspirert Paul McCartney til å skriva godnattbok for barn og besteforeldre, melder Politiken. Blant alle dei kjende songane han har skrive, er «Hey Jude», og no skriv han på barneboka Hey Grandude.
– Eg har åtte barnebarn, og alle er dei herlege. Ein dag sa ein av dei til meg «Hey Grandude». Eg sa: «Kva?!» Og så tenkte eg at dette sette eg pris på, og frå då av vart eg nærast berre Grandude. Så tenkte eg at det var ein god idé til ei bok, og så byrja eg å skriva historier, fortel den 76 år gamle McCartney.
Boka vert omtalt som ein «acitonmetta rutsjebanetur», og ho handlar om ein magisk bestefar og dei fire barnebarna som han har teke med på eventyr. Boka skal etter planen koma ut neste haust.
Charles Aznavour er død
Den franske songaren og låtskrivaren Charles Aznavour er død, 94 år gamal. Men han heldt koken heilt til det siste, og i august kom han heim frå ein turné i Japan. Han var kjend for å ha ei unik tenorrøyst, og i store delar av etterkrigstida har han vore ein av Frankrikes mest populære songarar.
Han gav ut den første plata i 1946, og selde sidan 100 millionar album med franske songar, skriv Politiken.
Dessutan har han medverka i 60 filmar, og han er ofte omtalt som Frankrikes Frank Sinatra.
refsa KIM Larsen
Dei siste dagane har danske aviser heidra minnet om Kim Larsen på mange vis. Politiken var så modig at dei trekte fram ei platemelding frå 1983. Meldaren Anders Rou Jensen var nådelaus og hevda at det ikkje var «meget benzin tilbage i Larsen». Det var albumet Midt i natten han melde, men etter kvart viste det seg å verta det mest selde i danmarkshistoria. Den harde meldinga vart avslutta med at Larsen burde skru opp ambisjonsnivået og søkja nye utfordringar, flytta til New York, til dømes.
Olav Sletto-dagen
Olav Sletto-dagen har vorte ein tradisjon, og no vert dagen arrangert tredje året på rad. Det skjer i Ål kulturhus 13. oktober. Denne gongen skal det handla om Olavs kjærleik, relasjonen hans til kritikarane og om brevskrivaren Olav Sletto.
Hyttehallingen Erling Lae skal ta for seg korleis det var å vera Per i Hol og Erling i Gol. Rettshistorikaren og forfattaren Jørn Øyrehagen Sunde har etter kvart vorte ein kjend og kjær førelesar for Olav Sletto-selskapet. Denne gongen vil han ta for seg brevskrivaren. Eva Almhjell har arbeidd med breva mellom Olav og Kari, og ho vil gje smakebitar frå brev som er fulle av eld og attrå.
Mektige Anna Odell
Kvart år utarbeider den svenske avisa Fokus ei liste over dei 75 mektigaste i det svenske kulturlivet. Denne hausten er det filmregissøren Anna Odell som toppar lista. Ho var ansvarleg for filmen X&Y. Nummer to er Sara Danius frå Svenska Akademien. På niande plass finn me norske Eirik Stubø, som er sjef på Dramaten og tidlegare sjef på Nationaltheatret i Oslo.
«Det krävdes ett underbarn från Norge för att förstå sprängkraften i en särskild Bergmanfestival på teaterns nationalarena Dramaten», kommenterer tabloidavisa Expressen.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.