Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Med krigen på dørstokken

– Kvar dag får me høyra om kor mange menneske som har mist livet i krigen, fortel den ukrainske forfattaren Serhij Zjadan (43).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Igor Golovniov / AP Photo / NTB scanpix

10012
20170324

Bakgrunn

SERHIJ ZJADAN

Ukrainsk forfattar

Har gjeve ut romanar, lyrikk, essay og noveller

Fødd i Starobilsk i Luhansk i 1974

Busett i Kharkiv

Debuterte i 1995

Gav i 2005 ut Anarchy in the UKR

No kjem boka på norsk

Dette er den første boka som er omsett frå ukrainsk til norsk

Anarchy in the UKR er omsett til 15 språk

LITTERATUR

ottar@dagogtid.no

Det handlar om krigen mellom Ukraina og separatistane i Aust-Ukraina, og der er det framleis ingen fred å spora.

– Eg har mange kjenningar som har mist livet i krigen. Bak kvart menneske som vert drepe, løyner det seg ein tragedie for familien, slår Zjadan fast under lysekronene på Bristol i den norske hovudstaden.

Heime i Ukraina tek han del i hjelpearbeidet for pårørande som har mist sine kjære i krigen. Som rockemusikar arrangerer han velgjerdskonsertar der inntektene går til familiane til krigsoffera.

Men til Oslo har Zjadan kome for å snakka om den første romanen som er sett om frå ukrainsk til norsk. Rett nok finst det fleire ukrainske romanar som kan lesast på norsk, men Andrej Kurkov frå Kiev, som har vore flittig skribent her i avisa, skriv på russisk.

– Det er på tide at Ukraina etablerer seg som eit land med eigen kultur og litteratur. Det er rart at det ikkje er gjort før, for i Ukraina har me ein gamal kultur og lange kulturelle tradisjonar. Likevel har me vore usynlege for verda i lang tid. Det er hyggeleg at dette har endra seg dei siste 15–20 åra, seier Zjadan.

– Er det konflikt mellom russisk og ukrainsk språk i Ukraina?

– Ifølgje grunnlova er det eitt språk i Ukraina, og det er ukrainsk. Men ser ein på fjernsyn eller lyttar til radio, oppdagar ein at det er russisk som vert nytta. Men det er prosjekt på gang, og det ukrainske språket ekspanderer. Som eit resultat av krigen i Aust-Ukraina og det som skjer i landet, er det mange ukrainarar som tenkjer nytt og meir medvite om det ukrainske språket. Det er ikkje nokon språkkonflikt i landet, men somme brukar språket for å skapa konflikt. I vest lærer ungane ukrainsk i skulen, medan ungane i aust lærer meir russisk. Sjølv om dei ikkje lærer russisk på skulen, vil dei likevel læra språket, ettersom det vert brukt på internett og i media. Det er ikkje lett for foreldre i aust som vil at borna deira skal læra ukrainsk.

KOM TIL KHARKIV

Serhij Zjadan er busett i millionbyen Kharkiv i Aust-Ukraina, berre om lag fire mil sør om grensa til Russland. Då dei store demonstrasjonane gjekk føre seg på Majdanplassen i Kiev våren 2014, var Zjadan med på å arrangera majdandemonstrasjonar i heimbyen.

– Det var ikkje like mykje folk der som i Kiev, men me var der som ei støtte. Frå tid til annan møtte fleire tusen personar opp.

– Er du skuffa over det som vart oppnådd på Majdan-plassen?

– Majdan er ikkje avslutta for meg; det held fram. Dei fleste spørsmåla som vart reiste på Majdan-plassen, har enno ikkje vorte løyste, men det er ikkje grunn til å verta skuffa av den grunn. Det er berre grunn til å halda fram med arbeidet, og ein stor del av det ukrainske samfunnet er klar over det. Eg trur at Ukraina kjem til å gå gjennom store endringar i framtida, men diverre må me betala ein høg pris for desse endringane.

– Er Kharkiv ein by for norske turistar?

– Ja, så klart. Det er ein stor studentby. Det er ein by med spennande avantgardearkitektur. Det var ei offensiv utbygging av byen på 1920-talet, og mykje av den gamle arkitekturen finst framleis. Kharkiv er ein industriby med kulturelt potensial. Dessutan er det ein transittby ved russargrensa. Han ligg mellom Kiev, Moskva, Kaukasus og Krim, og det bestemmer grunndraget og temperamentet til byen.

– Er det konfliktar mellom ukrainarar og separatistar og russarar i byen?

– Den konflikten registrerte me i 2014, men han vart løyst i Ukrainas favør. Dei ivrigaste separatistane reiste frå Kharkiv til Donbass, og per i dag er Kharkiv ein fredeleg by, sjølv om det finst ein del prorussiske sympatisørar.

ANARKI?

Som eit forord i romanen siterer Serhij Zjadan nokre liner frå Sex Pistols «Anarchy in the UK», og sjølv har han kalla boka si Anarchy in UKR. Ho kom ut i Ukraina i 2005 – året etter den vidgjetne Oransjerevolusjonen. Romanen er omtalt både som ei poetisk rundreise gjennom Ukrainas postsovjetiske landskap og ei oppvekstskildring frå 1980-talet. Det siste kapittelet i den norske utgåva av boka skreiv Zjadan nær ti år seinare, våren 2014, og der handlar det om reisa han gjorde til Donetsbassenget – industriområdet i aust, populært kalla Donbass – like før krigen braut ut.

– Den første delen av boka hadde bakgrunn i at eg hadde lyst til å ordna opp i fortida mi: i barndommen, i minne og assosiasjonar. Eg ville skriva om enkle ting som følgde meg gjennom livet. Eg skriv subjektivt og partisk om fortida – ikkje om landet, det sosiale eller det politiske. Eg skriv om foreldra mine, om vener og korleis eg oppfatta verda, men eg har ikkje freista å idyllisera det sovjetiske. Det vart ein mosaikk og ei nokså privat bok. Fleire år etter at eg skreiv boka, la eg ut på den same ruta ein gong til, men det var ei heilt anna reise med ei heilt anna stemning. Det var på den tida krigshandlingane byrja i Donbass. Og på underleg vis vart det skrive eit nytt kapittel til boka, som eit slags postskriptum.

– I første delen av romanen reiser hovudpersonen ut for å skriva om den ukrainske anarkismen?

– Det er eit kapittel i ukrainsk historie, det også. For hundre år sidan var det krig i Ukraina, og anarkistane spelte ei viktig rolle. Når ukrainarane i dag skal reflektera over eiga historie, vert desse spørsmåla aktualiserte på nytt. No om dagen er Ukraina på leiting etter nye heltar, og det er ein viktig prosess for samfunnet når ein veltar dei gamle heltane, både bokstavleg og metaforisk, samstundes som samfunnet får kjenneskap til andre historiske personar.

– Du har kalla boka Anarchy i UKR. Vil du hevda at det er anarki i Ukraina i dag?

– Nei, men det ukrainske samfunnet er litt tiltrekt av anarkismen. Når eg snakkar om anarki i den samanhengen, meiner eg ikkje kaos, men ei kritisk haldning til maktapparatet.

FØR KRIGEN

Det var i mai og april i 2014 Zjadan reiste til Luhansk.

– Det var ei trist reise for meg og venene mine. På denne tida kunne ein framleis unngå krigshandlingane, men me såg korleis administrasjonsbygningane opna dørene sine og sleppte krigen inn. Det var ei underleg og svært ubehagleg kjensle å vera vitne til det som skjedde, og sjå at byen var forsvarslaus. Folk i dei austlege byane vart ståande utan å gjera noko – for å sjå kven som kom til å vinna. I kapittelet frå Luhansk i boka er det ei skildring av balansegangen mellom dei siste dagane av det fredelege livet og byrjinga på krigen. Då me drog frå Donbass, hadde separatistane okkupert fleire av byane i aust, og det var krigshandlingar i byen Slovjansk. Russiske støttespelarar kom inn og tok makta. Difor vart det krigshandlingar. Flyplassen i Donetsk vart stengd kort tid etter at eg reiste derifrå.

– Trur du Donbass-området kan verta ein del av Ukraina på nytt?

– Ja, så klart! Det er ukrainsk område. Eg trur at Ukraina kjem til å få tilbake alt det som var innanfor landegrensene – også Krim. Ukraina kjem ikkje til å la folk og område som høyrer til landet, gå frå seg. Men dessverre blanda Russland seg inn på kynisk og blodig vis. No er det fjerde året med krig, og ingen veit kva tid han kjem til å ta slutt.

– Er det farleg for deg å reisa inn i Donbass no?

– Berre somme område i Donbass er okkuperte. Der slepp eg ikkje inn, men grenseområda vitjar eg ofte, både med vener, musikarar og friviljuge. Me driv hjelpearbeid i dette austlege området, fortel Zjadan, idet han byrjar å leita i veska si. Han dreg fram ein brosjyre for Serhiy Zhadan Charitable Foundation, ein velgjerande organisasjon han starta sommaren 2014. Målet er å støtta humanitære hjelpeprosjekt i Aust-Ukraina, og dei har støtta både skular, barnehagar, foreldrelause born og sjukehus i området. Dei har halde konsertar og arrangert kulturfestivalar, og dei har sett i gang eit program for å hjelpa borna til soldatar som har mist livet i krigen, særleg familiar frå Donetsk-, Luhansk- og Kharkiv-regionane.

– Ser du for deg ei snarleg løysing i Aust-Ukraina?

– Ein stor del av løysinga ligg i Moskva. Det betyr ikkje at Ukraina berre skal la spørsmålet liggja til president Vladimir Putin eller nokon bestemmer seg for å gje området tilbake. Ukraina må stå på. Ingen har illusjonar om at andre skal løysa problema våre.

– President Petro Porosjenko hadde stor tillit då han vart valt, men han har mista svært mykje av støtta?

– Det vert stilt mange spørsmål både til presidenten og dei nye styresmaktene, og det er det all grunn til. Eg trur ikkje at Porosjenko er ein Messias, og det treng me ikkje. Me treng ein ærleg politikar som ikkje stel. Forstår ikkje regjeringa det, kjem ho heller ikkje til å vinna det neste valet.

– Er det vanskeleg å finna ein ærleg politikar i Ukraina?

– Ja, søkinga etter nye krefter er den største utfordringa. Det politiske systemet er svært konservativt, lukka og hermetisk, og det gjer alt det kan for ikkje å sleppa inn nye krefter.

UTVIKLINGA

– Kva voner har du til utviklinga i Ukraina?

– Eg vonar at krigen tek slutt med det første, og at spørsmålet om Donbass vert løyst i år, seier Zjadan.

Han har nett skrive ferdig ein krigsroman om det som går føre seg i Donbass.

– Romanen handlar om ein innbyggjar som ein vakker dag kjem ut frå huset sitt og vert klar over at frontlina går nettopp der han bur. Han er ein person som aldri har interessert seg for politikk, og som aldri har teke stilling. Han har meint at når han ikkje har interessert seg for politikk, så skulle politikken heller ikkje interessera seg for han. Men så viser det seg at ingen av oss har garantiar for at me ikkje hamnar i skotlina.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg har mange kjenningar som

har mist livet i krigen.

Serhij Zjadan, ukrainsk forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis