Meisterleg mørke i Miami
Oscar-håp Barry Jenkins gjer amerikansk film stor igjen.
lkblcbzxbzx
DRAMA/THRILLER
Regi: Barry Jenkins
Moonlight
Med: Alex Hibbert, Ashton
Sanders, Trevante Rhodes
Moonlight fortel om tre steg i ferda mot manndom for tause Chiron frå karrige kår i Miami. Ein trio deler hovudrolla: Som niåring (Hibbert) vert han kalla Little av ungar som mobbar han. Mora driv med dop. Den koselege karen Juan er litt oppe i langarhierarkiet og freistar trå til som farsfigur mot moras vilje.
Som sekstenåring (Sanders) går Chiron under eige namn. Han er ein hengslete og sårbar gut som freistar finne seg sjølv.
I siste kapittel er han vaksen (Rhodes), blir kalla Black og har følgt i Juans fotspor.
Frå perspektivet til den jaga niåringen flakkar og flyt kameraet med nokre intenst nære bilete. Det er vakkert og effektfullt i kombinasjon med djupt stemningsfull musikk frå pianist Nicholas Britell med innslag av soul og hiphop. Filmens frontfigur er ein fyr som knapt seier setningar på meir enn tre ord. Det pregar rytmen. Jenkins gjev tid til tankar og kjensler. Godt er det. At Britell og kameramann James Laxton båe er nominerte til Oscar, er vel unnt. Ljos og fargar er fabelaktige. Laxton lèt linsa kvile på ekte, fine fjes.
Det estetiske universet er milevis frå andre filmar frå harde miljø som Menace to Society og lysår frå Miami Vice. Vald er sjeldsynt eller usynleg. Samfunnets strukturelle vald blir berre nemnt i leddsetningar som sjølvfølgjer. Det er mykje mørke i fattige grannelag med 0,5 prosent kvite, men Jenkins finn ljos. Ikkje noko er svartkvitt, sjølv om vilkåra er vanskelege og staten har fiksa kortstokken mot unge svarte menn. Forteljinga byggjer på teaterstykket In Moonlight Black Boys Look Blue, som gjev vink om visuelle vyar og politiske prosjekt.
Framifrå figurar
Dei tre ukjende unge karane som spelar Chiron, er drivande gode. Mahershala Ali frå House of Cards er lun og nydeleg som Juan. Han må få Oscar. Popstjerna Janelle Monáe gjer òg gjengs jobb. Oscar-nominerte Naomie Harris er det næraste vi kjem ein klisjé som mor på crack. Ho er ikkje dårleg, men det er knallhard konkurranse om å skine subtilt i Moonlight. Alle briljerer.
Figurane er flotte. Jenkins hamrar ikkje ting inn, men målar med presise nyansar. Han undrar oppriktig på kven Chiron er. Spørsmåla er ærlege, som frå niåringen: Kva tyder sopar? Er eg ein? Tek mamma dop? Sel du dop? Svara er sanne og smarte. Løysingane er ikkje lette.
Gjæv heider
Å sleppe stereotypar er gildt. I 2017 skulle det vel berre mangle, som Jenkins svara om å vere første svarte regissør nominert til kombinasjonen Oscar for beste film, regi og omskrive manus. Moonlight er særs god. Det er høgst fortent at han har åtte Oscar-nominasjonar og vann beste drama hjå Golden Globe i tillegg til reint bord frå organisasjonane for afroamerikanske og kvinnelege kritikarar i USA. Heller enn å lulle seg inn i LAs liksomland tilrår eg ein magisk tur i Miamis mørke måneljos.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jenkins hamrar ikkje ting inn,
men målar med presise nyansar
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.