Meistrar mellom to stolar
Ein jury på kvinnejakt utdefinerte dei fremste kvinnene.
Noregs beste songtekst etter 1945 vart kåra under Bjørnsonfestivalen i Molde førre fredag. Ein fagjury valde ut 30 songtekstar, og folk røysta fram dei fem fremste. Vinnaren vart «Vårherres klinkekule» av Erik Bye.
Tiltaket er godt. Diktinga vår har vore definert av bokbransjen, og av di poesi ikkje fyrst og fremst er bok, og heller ikkje alltid dikt, har sjangeren vorte oversett.
VISEDIKTARAR
Men ein galen sjangerdefinisjon førte med seg at mange meistrar ikkje kom med. Juryen klaga sjølv over at berre fem av dei 30 tekstane på kortlista var skrivne av kvinner: Anne Grete Preus, Marie Amdam, Siri Nilsen, Kari Bremnes og Vilde Tuv. Juryen unnskyldte seg med at det var heilt uråd å finna fleire.
Kvifor utelét dei Aslaug Låstad Lygre (1910–1966) frå Nordhordland, med «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» (1948), tonesett av Geirr Tveitt, og «Barnesong» (1952)? Kvifor utelét dei Aslaug Vaa (1889–1965) frå Telemark, og «So vandra dei til møte» frå Skjenkarsveinens visur (1954)? Eller Inger Hagerup (1905–1985) og til dømes «En liten vise» (1945)? Kvifor utelét dei Astrid Krog Halse (1914–2007) frå Meldal og visetekstane ho skreiv etter debuten i 1961, med titlar som «Vise» og «Voggesong», fleire av dei tonesette av folkrockbandet Gåte? Eller nolevande forfattarar som har nytta eit viseuttrykk, som Margaret Skjelbred?
Av di den poetiske seintradisjonalismen stod særs sterkt i Noreg etter krigen, fornya fleire store kvinnelege forfattarar visetekstsjangeren. Dei skulle sjølvsagt ha vore på lista – uavhengig av kjønn. Kvifor vart dei vraka?
SJANGERDEFINISJON
Grunnen er ikkje god. Juryen meinte at teksten skulle «være skrevet for å synges (ikke tonesatte dikt)». Men korleis veit juryen at dei nemnde visetekstane ikkje vart «skrevet for å synges», jamvel om poetane sjølve nyttar sjangernemninga «vise» og i mange høve arbeider tett med tonesetjarar?
Då Jens Bjørneboe skreiv songtekstar og syngespel for teater på 1960-talet, med Finn Ludt som komponist, var kvaliteten så høg at Georg Johannessen tok somme av dei med i den kresne antologien Norsk lyrikk. Etterkrigstiden (1966), til dømes tekstar som ein sjangermedveten Bjørneboe kalla «Vise om byen Hiroshima» og «Vise om bøndene på Capri ø». Var ikkje dei «skrevet for å synges»? Det var dei.
Dette er berre trist. Somme poetar som med modernismen fall ut av litteraturfeltet av di dei skreiv for tett opp mot visa, fell no ut av ei songtekstkåring av di tekstane vert vurderte som «dikt». Mellom dei fremste songtekst- og visediktarane våre finn me – surprise – diktarar. At dei skreiv dikt, tyder ikkje at dei aldri valde å skriva song- og visetekstar.
HÅVARD REM
Håvard Rem er forfattar, poet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Aslaug Vaa, Aslaug
Låstad Lygre, Inger
Hagerup og Astrid
Krog Halse skulle
sjølvsagt ha vore på
lista – uavhengig
av kjønn.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?