Kulturminister Trine Skei Grande delte ut menneskerettsprisen måndag denne veka.
Foto: Linda Terese Liv Rosenberg
Menneskerettspris for Tysfjord-saka
Kulturdepartementets menneskerettspris, som annakvart år vert delt ut til journalistar som set søkjelyset på menneskerettsspørsmål, går i år til journalistane som avdekte mangeårige seksuelle overgrep i Tysfjord kommune.
I 2016 fortalde elleve kvinner og menn at dei var blitt utsette for seksuelle overgrep i Tysfjord. Oppslaget i VG førte til politietterforsking. Etter halvtanna år hadde politiet avdekt 151 overgrepssaker med 82 fornærma og 92 mistenkte.
Journalistane som får prisen på 100.000 kroner og eit litografi av Håkon Bleken, er Harald Amdal, Eirik Linaker Berglund, Thor Harald Henriksen og Kenneth Hætta.
Samlagsprisen til Astrid S. Dypvik
Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik får Samlagsprisen for dei to bøkene ho har skrive om tysk historie. Juryen skriv at ho i begge bøkene kombinerer dei to fagfelta sine på ein overtydande måte. Forfattaren driv med fagleg popularisering i ordets aller beste tyding, heiter det i presseskrivet.
Samlagsprisen er ein nyoppretta pris som vert delt ut for første gong i år. Prisen skal gå til ein forfattar som skriv nynorsk, uavhengig av kva forlag som gjev ut bøkene. Prisen, som er på 50.000 kroner, går vekselvis til ein skjønnlitterær og ein faglitterær forfattar.
Kortlista til Bokhandlerprisen
Bokhandlerforeningen har nominert følgjande forfattarar til Bokhandlerprisen 2018: Samuel Bjørk (Gutten som elsket rådyr), Lars Saabye Christensen (Byens spor: Maj), Mona Høvring (Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født), Maja Lunde og Lisa Aisato (Snøsøsteren), Trude Marstein (Så mye hadde jeg), Jon Michelet (En sjøens helt: Krigerens hjemkomst), Lars Mytting (Søsterklokkene), Per Petterson (Menn i min situasjon), Linn Skåber (Til ungdommen) og Simon Stranger (Leksikon om lys og mørke).
Prisutdelinga skjer på Litteraturhuset i Oslo tysdag 20. november.
Nominerte til Brageprisen
I førre veke vart nominasjonane til Brageprisen 2018 offentleggjorde. Dei nominerte i kategorien Barne- og ungdomsbøker er: Anna Fiske: Elven; Kaia Dahle Nyhus: Verden sa ja; Kristin Roskifte: Alle sammen teller; Arne Svingen: En himmel full av skyer.
I kategorien Sakprosa er følgjande forfattarar og bøker nominerte: Arild Bye: Arne Paasche Aasen; Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal: Borgerlønn; Helene Uri: Hvem sa hva?; Peter Normann Waage: André Bjerke. I kampens glede.
Dei nominerte i kategorien Skjønnlitteratur er: Maria Kjos Fonn: Kinderwhore; Tore Kvæven: Når landet mørknar; Trude Marstein: Så mye hadde jeg; Gunnar Wærness: Venn med alle.
Dei nominerte i kategorien Åpen klasse, som i år er populærvitskap for vaksne, er: Ole Mathismoen og Jenny Jordahl: Grønne greier – om natur og miljø og sånn; Anja Røyne: Menneskets grunnstoffer; Anne Sverdrup Thygeson: Insektenes planet; Katharina Vestre: Det første mysteriet.
Prisane vert delte ut på Dansens hus i Oslo torsdag 22. november.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.