JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordKultur

Bjørn Stendahl
(1942–2024)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørn Stendahl fekk Ellaprisen, som Oslo Jazzfestival deler ut, i august 2017.

Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons

3049
20240119
3049
20240119

Bjørn Stendahl, den framståande jazzhistorikaren og miljøskaparen vår, døydde brått og uventa av hjartesvikt laurdag 13. januar, nett fylt 82 år. Han er ein mann som vil bli sakna som ein av dei mest inderlege og kunnskapsrike kjennarane av jazz i riket vårt. Han var sentral i Oslo Jazz Circle, den eldste jazzklubben vår, der han saman med Sverre Lunde nett hadde gjort ferdig ei bok til klubbens 75-årsjubileum, for lansering i februar.

Stendahls hovudverk er dei fem oversiktsbinda Jazz i Norge, gitt ut av Norsk Jazzarkiv, dei tre første i samarbeid med Johs Bergh: Jazz, hot & swing (1987); Sigarett Stomp (1991); Cool, kløver & dixie (1997); Freebag...? (2010); Fusion, funk & gla’jazz (2022). Bøkene tek for seg det vi har hatt av jazz i Noreg i åra 1920–1940, 1940–1950, 1950–1960, 1960–1970 og 1970–1980, dekkjer heile landet frå Kristiania til Hammerfest og er utan make i Skandinavia.

Bjørn Stendahl vart som jazzhistorikar norsk statsstipendiat i 2006. Han kom frå Stokke i Vestfold og var utdanna arkitekt, med eige firma. Bjørn var stolt av at han hadde fått pianisten Bengt Hallberg til å spele i Tønsberg Jazz Society i 1959, for første gong i Noreg. Og Stan Getz med Janne Johansson seinare same året.

Stendahl var redaktør for klubbens tidsskrift, Jazz-Journalen. I Oslo vart Stendahl president i Norsk Jazzforbund i 1964 og redaktør for Jazznytt i åra 1976–1988, med plateomtalar, intervju, nyhende, musikarportrett.

Som skriftleverandør til norsk jazzliv har han dei seinare tiåra vore vår sterkaste bidragsytar. Humor i jazzen finst i boka Jazzå...? Myter og humor i norsk jazz (2016), som han redigerte saman med Gustav Kramer og Petter Pettersson.

Også Stendahls interesse for og kjærleik til Oslo by er i særklasse. Han var redaktør for Kavringen, tidsskriftet til Frogner Historielag, som sidan 1995 har kome fire gonger årleg med lokale bytekstar – Stendahl lanserte i nr. 14 i mai 1999 «En vandring i Bygdø allé – år 1905». (Kavringen er namnet på fyret i Indre Oslofjord.) Det er det faktabaserte som dominerer i Stendahls tekstar, og det gjer han leksikalsk påliteleg som skribent. Ein periode skreiv han fast om jazz i Dag og Tid.

Han kjempa i mange år for at Vestkantbadet skulle overleva på 1990-talet, han var initiativtakar til Amalienborg Jazzhus (Malla), han skreiv om gjenerobringa av Olaf Bulls plass på Skillebekk i Kavringen nr. 91 i november 2018. For ein som tidlegare var busett i bydelen, er Kavringen nr. 84 interessant, med Morten Killingsmoes «Erindringer fra Briskeby».

Bjørn Stendahl var i alle år fast gjest på jazzfestivalen i Molde – han fekk Molderosen i 1980 for sin slitesterke entusiasme. I hovudstaden fekk han æresprisen Bypatrioten i 2014, for å ha vore med på «å bevare byens særpreg og miljøkvaliteter». Og i 2017 vart han mottakaren av Ellaprisen frå Oslo Jazzfestival, for «på en bemerkelsesverdig måte å ha bidratt til Oslos jazzmiljø».

Bjørn Stendahl var ein levande mann, med beina på jorda og detaljane klare, som lenge vil bli sakna.

Jan Erik Vold

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis