Munnharpevirtuosen frå Setesdal
Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.
Bjørgulv Straume (1938–2024).
Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet
Det var laurdag 6. april 2024 Bjørgulv Straume slokna. Han rakk godt inn i årstalet han kunne fylt 86 år. Som folkemusikar må me seie han kom ifrå den tapte generasjonen her i Setesdal. Ingen andre fødde på 1930-talet vart utøvande på det feltet. Trass i sitt «storarta ytre» var han ein søkjande, blyg og mest sky mann. Kanskje var det respekten for det han «eigentleg ville» i livet, som sette slike band på det utøymelege han også bar på. «Det bygdenorske, det sterke ville», som stevet seier. «Men au det lengtande, mjuke, milde.»
Han levde med eine foten i ei heilt anna tid. Den han hadde vakse opp i. Der levekåra med sine skikkar og sedar var ulike det dei kom til å verte. Han var ein «ande frå ein annan atmosfære», med stølsdrift og naturalhushald, ulike omgangsformer og levevis.
Han mintest den aller siste luten av hesten si glanstid i dalen, forteljingane, steva, tonane og naturinntrykka. Dyrelivet sin sentrale plass i livslaupet vart ei låm han berre motvillig veik ifrå, slik den nye tida kravde.
Sjølv fortalde han at far min, Torleiv H. Bjørgum, ved ein kappleik på Rysstad hadde spela munnharpe og fortalt noko om den, og slik vart denne brannen nørd i han for sjølv å framstå på det viset for eit publikum. Stev kunne han aldri minnast å ha lært å kvede, men høyrt dette av dei aller beste vart eit mønster for han.
Den attlevande ektemaken til stortingsmannen Åni Rysstad levde til «vår tid». Ho hadde munnharpa etter mannen sin, som Bjørgulv fekk tak i. Slik ein låt som av den skulle ein aldri ha høyrt. Det var noko omframt. Og slagteknikken vart signaturen hans for framtida som utøvar og berar av ein musikktradisjon som dei færraste hadde brydd seg med til då.
Det var med Bjørgulv Straume den landsomfattande bølgja for munnharpespel voks seg til høgder ingen kunne førestilt seg. Med nylaga programmusikk frå krigens dagar, med slag og kampar i nære drama som folk forstod og levde seg inn i, saman med han i musikken. Luftslaget i september 1941 over Bygland si vesthei, der tyske jagarfly felte denne flygande festninga kalla.
Ein æresdelegasjon møtte frå heimlandet til dei omkomne, som saman med eit propellblad frå flyet stod innmed gravsteinane der Bjørgulv lét dei høyre si forteljing i dirrande stål, omforma av metall frå denne legendariske «dagbombaren», eit firemotors Boeing B17 «Flying Fortress», som kom for å hjelpe oss i Noreg i motstandskampen.
Ingen kunne som han med munnharpa få fram maskinkanonane sine salver som hylte og kvein sin nåsong, der sju unge karar kjempa for livet, og tapte. Dette er noko som vil stå som ein milepåle i munnharpetradisjonen i landet vårt. Slåtten byrjar og avsluttar med dei første tonane i Lagnadssymfonien av Beethoven. Plent som radiosendingane frå London, den gong.
På musikkprogrammet Sørlandstoppen, ein lydarkonkurranse for populærmusikk, låg han ei stund heilt i toppen, med Fanitullen, ein slått etter Mikkjel Kåvenes han hadde lært etter opptak i NRK frå 1938, året han var fødd. Men nok viktigast og høgast sette han det grenseoverskridande samarbeidet med Kirsten Bråten Berg i CD-utgjevingar som «Frå Senegal til Setesdal». Ose Kulturverkstad gav ut kassett med hans soloinnspelingar som selde framifrå. Sigergjeven som han var, henta han heim så vel landskappleiksigrar som trofé frå regionale og lokale kappleikar og eventar.
Med eit vidt overblikk ser me at Bjørgulv Straume var «instrumentell», det heiter på framandt, med at han tok oppdraget han kjende seg etla til, og førde det til torgs og i trygg hamn for framtidige slektsleder. No er dette verna av Sameinte Nasjonar si hand, kalla UNESCO.
Framstilling av instrumentet og spreiing av kunnskapen om bruken og sjølve framstillingsprosessen vart siste bolken av gjerninga hans for folkemusikken. Munnharpene frå han har vore i hendene på ei handfull av verdas mest kjende musikarar frå ulike epokar og sjangrar, og finst i privat- og museumseige i eit stort tal av nasjonar over ulike delar av jorda.
Det har han sjølv oppnådd, men mange av oss kollegaer gjorde munnharper til eit «must» for ei utanlandsreise der ei verdig gåve trongst å plantast. Og no står modellen hans i rustfritt stål i rundkøyringa til hovudstaden til Valle prestegjeld. Det er «tusenårsmonumentet» som kommunen her smykkar seg med.
Slik har også «klokkarane» fått fleire dropar regn på seg som fall på «presten», med at slåttar lyder over heile verda i NRK sine sendingar, og har på den måten også gjort Setesdal sine tidlegare munnharpespelarar som Mikkjel Kåvenes, Åni og Andres Rysstad, ja, til og med mine eigne forfedrar blant desse, verdskjende i sine miljø. Det er mest for godt til å vere sant.
Som inspirasjon til alt dette var nok ektemaken, kommunelækjar Hanne Tangeraas Straume sin utferdshug. Ikkje berre i hei og fjell til lånte gamle buer, men med eige hus i det gamle kulturlandet Spania. Munnharpe er eit ikkje ukjent instrument i den søreuropeiske kulturkrinsen, og på Sicilia var det i si tid illegalt å bruke nettopp det instrumentet.
Det var kvinnene som ein kan lese vart hardast «ramma» av den musikken, og med bruksforbod «skåna» for slik påverknad. Det var kanskje andre av det sterke kjønnet som sjølv ville styre åndskreftene i sin favør. Ikkje mindre vil eg tru at denne nordiske giganten av eit menne, «barbar» vart kalla før, i vår eiga tid rydda seg rom med eigenskapar mest som ein Odin i Ynglingesoga.
Som setesdalskulturen i folkemusikk og -dans no var allereie den spanske flamenco-tradisjonen i musikk og dans under vengene som Unesco-verdsarv. Såleis batt dette også på ein måte livet og kulturane saman for Bjørgulv.
På same vis som han sjølv var innteken i heimleg kultur, sed og skikk, slik kunne ein også kjenne han att i eit pauliord, slik språkmannen Alexander Seippel frå Frøysnes i Setesdal si stutte, men klangfulle omsetting lyder: Kjærleiken ormektast ikkje. (Tyder at ikkje makta går utor kjærleiken.)
Det tener Bjørgulv Straumes minne til ære at han vart gjeven rom med munnharpa si i den offisielle OL -songen «La ilden lyse» med Sissel Kyrkjebø.
Eg kjem i hug far min, Torleiv H. Bjørgum. Det skulle han berre ha visst. Bjørgulv Straume var æresmedlem i Setesdal Spelemannslag.
Hallvard T. Bjørgum
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.