Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Verdas lengste kjærleikssorg

– For tolv år sidan laga eg ein film som handla om verdas lengste kjærleikssorg. Ho varte i sytti år, og sidan har eg vore svært oppteken av nedarva kjensler, fortel Monica Csango (48).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Monica Csango kan ikkje fri seg for tanken på at forfølgjinga av jødar kan ta seg opp på nytt.

Ottar Fyllingsnes

8391
20170331

Monica Csango

Fødd i 1969

Har vore journalist i TV2

Har vore sjefredaktør i Det Nye og Costume

Vann Amanda for beste dokumentar for filmen Evig din (2005)

Aktuell med boka Fortielser. Min jødiske familiehistorie

LITTERATUR

ottar@dagogtid.no

I desse dagar kjem Csango med boka Fortielser med undertittelen Min jødiske familiehistorie, og der byrjar det slik: «I min familie ble menneskene som forsvant, dyrket som levende». Bestemor til Csango, som var ungarsk jøde, er gjennomgangsfigur i boka, og mykje dreiar seg om lengten etter den store kjærleiken, Ferenc, som vart send til Ukraina under den andre verdskrigen – og vart borte der.

Tidlegare har Monica Csango vore innom den same historia i dokumentarfilmen Evig din, som ho fekk Amanda-prisen for i 2005. Tanken er å laga ein triologi – først den prislønte filmen, så boka og til slutt ein ny film som skal handla om faren og det kommunistiske Ungarn.

– Eg trur få nordmenn skjønar kor vanskeleg livet var for folk i Ungarn under kommunismen, seier ho.

– Du er krass i boka, der du hevdar at kommunismen er eit framhald av nazismen?

– Spør du far min, får du stadfesta at det var to sider av same sak. Bror til bestefar kom rett frå klørne til dei ungarske fascistane då kommunistane sette han i interneringsleir. Til saman vart han sitjande nesten ti år i fengsel.

FRÅ BUDAPEST TIL BOMBAY

Monica Csango er fødd i Skien, men på både mor- og farsida har ho ungarske jødar. Foreldra til mora kom til Noreg som flyktningar frå eit øydelagt Ungarn i 1947. Faren flykta hit i 1969. Med han snakkar Monica ungarsk, medan ho snakkar norsk med mora. Det er familiehistoria ho skildrar i den nye boka, og sentralt står Magda, den jødiske bestemora i Budapest.

I 1939 vart den 23 år gamle Magda og Ferenc hovudstups forelska, og dei gifta seg. Han dreiv ein eksklusiv veske- og lærforretning i Budapest, men så kom krigen. Landet hadde om lag 800.000 jødar, og mellom 15. mai og 9. juli i 1944 vart 440.000 av dei sende til døden i Auschwitz-Birkenau. Ved slutten av krigen hadde Ungarn mist 550.000 jødar, og landet var så godt som judenrein – bortsett frå i Budapest.

I 1942 vart Monicas bestefar, Ferenc, tvangssend til Ukraina saman med 70.000 andre ungarske, jødiske menn. Saman med fleire tusen andre jødiske kvinner vart også Magda send ut på landevegen, men ho var heldig og greidde å flykta. På den tida var ho gravid med han som skulle verta far til Monica. I ein kort periode brevveksla Magda med ektefellen, men i 1943 vart det slutt på livsteikna frå Ferenc. Ingen høyrde noko frå han, men kring 1980 kom det inn ein turist inn i Csangos veskebutikk i Budapest. Han spurde om det var Csango-familien som dreiv filialen med same logo og namn i Bombay. I Budapest undra dei seg storleg på kva dette kunne bety, og far til Monica sende eit brev til den indiske forretninga. Dei svarte at dei hadde kjøpt butikken av ein utanlandsk forretningsmann i 1946. Det einaste vilkåret hans var at butikken skulle ha det same namnet, men dei visste ingenting om seljaren. Tidleg på 2000-talet bestemde Monica seg for å laga dokumentarfilmen Evig din, som skulle handla om besteforeldra. Ho reiste til Bombay for å freista å finna ut om bestefaren hadde hamna der, og ho kom over eit fotografi frå 1944, som synte bestefaren på eit hotell i nærleiken av Csango-butikken.

– Dessverre veit me ikkje kva som skjedde med han, og kanskje får me aldri vita det, seier ho i dag.

EIT SOMMARPARADIS

Men ho veit mykje om Magda, bestemora, som døydde i 2014.

– Første gongen eg reiste til Budapest, var eg ti år gamal. På den tida var far min persona non grata i Ungarn. Difor reiste eg åleine, og det passa meg bra. Både den gongen og no når eg kjem til Budapest er det er som om hjartet byrjar å slå i takt, og der fekk eg smaken på storbyen. Bestemor var både spennande, mystisk og litt streng. Ho kunne librettoane til alle dei store operaane, som ein sjølvsagt ting. Første gongen i Budapest hadde eg ikkje for vel landa, før eg var i operaen for å sjå Barberen i Sevilla. Bestemor var eit utruleg menneske, og då ho var på toppen av livet, var det ein fryd å vera saman med henne. Ho var både morosam og ekstremt intelligent, og ho hadde lese svært mykje

– Men saknet etter ektefellen var stort?

– Frå eg var ti år var eg i Budapest kvar sommar, og truleg var eg elleve år då eg fekk høyra om farfar første gongen. Eg trur at han må ha vore eit eksepsjonelt menneske, og det var ikkje rart at bestemor reagerte sterkt då han vart borte. Å stå på sidelina, både som barn og vaksen, og observera eit menneske i så djup sorg og fortviling over det livet hadde gjort mot henne, kom til å merka meg for resten av livet. Det interesserer meg så sterkt at eg synest det er vanskeleg å ha samtalar med folk som ikkje kommuniserer med sitt indre. Livet er for kort til å hylla det inn med dumskap, seier Csango. Ho omtalar boka som ei sjelereise.

– I mange år har eg levd i ei slags livssorg, men eg har ikkje skjøna kvar ho har kome frå. Men etter kvart skjøna eg meir og meir av den fortvilinga som har råka familien min, både farmor og far min. Han gjorde eit alvorleg val då han valde å flykta til Noreg og lata mora vera att i Budapest. Det er mange tragediar i familien min.

FRYKTAR TERROR

I boka kommenterer Monica Csango også samtida. Ho går ikkje lenger med davidsstjerna, og ho fryktar terror.

– Du gjev uttrykk for at du er redd for det som skjer både her i landet og utanlands?

– Ein treng ikkje bruka aukeglas for observera at det bles mørkebrune vindar over heile Europa. Det er med tungt hjarte eg observerer at dette råkar jødar, rom, homofile og muslimar. Når eg snakkar til skuleungdom, brukar eg å seia at islamfobi og antisemittisme er som bror og syster. Ofte er det slik at folk som hatar rom, også hatar homofile, og at dei som hatar muslimar, også hatar jødar. Det er interessant å observera at antisemittismen jamt over har gode kår, trass i at det knapt finst jødar i land som Hellas eller Noreg. Desse formene for hat heng saman. Dei mørkebrune foreinar hatet mot minoritetar. Det er ein skummel tendens, seier Csango.

I boka går det fram at det er 1500 jødar her i landet, og Csango fortel at ho er redd for å senda sonen på arrangement der det er mange jødar – av frykt for terror. Ho kan ikkje fri seg for tanken på at forfølginga av jødar kan byrja på nytt.

– Eg er ikkje særleg aktiv i det religiøse miljøet. Bindinga mi til det å vera jødisk, er heller kulturell og historisk. Men eg har stort behov for å vera ein minoritet, slik eg ønskjer å vera det.

– Har jødar problem i dagens Noreg?

– Ja, eg kjenner til fleire fryktelege historier. I Oslo fekk eit barn som kom i krangel med andre barn, høyra at det var dumt at besteforeldra hans ikkje brann opp under krigen, for då hadde han ikkje vore her. Eit anna barn vart hive inn i eit skap og dynka med vatn. Eg veit også om barn som ikkje fekk sova etter terroren i København av di dei var redde for at dei skulle verta skotne i hovudet. Eg har fleire døme, og eg synest det er mi plikt å formidla desse historiene. Når eg held foredrag for skuleelevar, er det ofte representantar frå mange trussamfunn til stades, og då er eg oppteken av å trekkja parallellar. Det er viktig for meg, og på dette viset vonar eg å få til ein dialog.

– Veit du korleis jødane har det i Budapest?

– Eg veit ein del, og far min er den beste kjelda. Han er i Budapest halve året, og har reist dit jamt sidan 1980. Truleg har han gjort kring 250 reiser til heimbyen, og ut frå det han fortel, stemmer ikkje kartet med terrenget når eg les vestlege medium. I Budapest er 7. distrikt, som var det mest jødiske området i byen, pussa opp, og det er mange restaurantar med jødisk forteikn der. Eg har til gode å sjå antisemittiske skribleri og hakekors på veggane der, og det vesle segmentet av ortodokse jødar går i tradisjonelle klede. Over heile byen finst det minnesmerke over det fryktelege som hende under krigen. Difor får eg ikkje det som eg høyrer om jødane i Ungarn, til å hanga på greip. Eg har aldri kjent meg utrygg i Budapest, verken som nordmann eller jøde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Islamfobi og antisemit-

tisme er som bror og

syster.

Monica Csango, forfattar og filmskapar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis