Benedicte Brænden er aktuell med sitt andre album, Blood on Your Hands, fem år etter debuten.
Countryartist Benedicte Brænden frå Elverum er aktuell med soloplate nummer to. Ho meiner at stadig fleire får augo opp for countrysjangeren.
Foto: Christine Skilhagen
Dagbladet gav oppfølgaralbumet terningkast fem, med grunngivinga «ein farlegare Benedicte på andre forsøk». Også lokalpressa i Elverum kalla albumet mørkare enn forgjengaren, og gav ein femmar på terningen. Blood on Your Hands, som blei utgitt 21. april, består av ni låtar og er produsert av Martin Hagfors og artisten sjølv. Før Brænden satsa på ein solokarriere i 2006, var ho medlem i rockebandet Bazooka Boppers, og med på NRK-programmet Lyden av Norge. Fem år seinare er Elverum-artisten igjen plateaktuell og klar for noregsturné.
– Kva var det med country som appellerte til deg?
– Eg begynte å skrive countrylåtar i 2005. Den første konserten min var på countryfestivalen på Vinstra same år. Før det spelte eg i Bazooka Boppers. Først og fremst var det tekstane som trefte meg rett i hjartet, men også «twangen» i musikken, og at det kan svinge skikkeleg på éin låt, før det blir heilt skjørt på den neste. Så heile pakka, eigentleg.
– Fortel litt om det nye albumet.
– Eg har jobba med det lenge. Dei første låtane begynte eg å skrive for seks år sidan. Så la eg dei vekk, før eg tok dei fram igjen og pussa litt ekstra på enkelte. For to–tre år sidan var alle låtane klare, og eg begynte å tenke på sound, band og musikarar. Eg ønskte meg litt meir rockabillydriv på nokre av låtane, og fekk med meg rytmeseksjonen frå rockabillybandet The Lucky Bullets, i tillegg til gitaristane Stian Jørgen Sveen frå Lucky Lips og Ian F. Johannessen frå A–11 og Billy T Band. Christian Engfelt (Cato Salsa Experience) har vore medprodusent, teknikar og miksar av albumet.
– Kva meiner du skil dette albumet frå ditt første?
– Doghouse Rose var kanskje meir rein countryrock, medan den nye plata inneheld element og inspirasjon frå fleire sjangrar. Det har blitt meir mørk americana på det nye albumet.
– Kva ønsker du å formidle som musikar?
– Musikk som set kjenslene i sving hjå lyttaren.
– Kva handlar tekstane om?
– Tekstane kan handle om eigne opplevingar og kjensler, eller eg kan rett og slett bli inspirert av ein film eg ser eller ei historie eg høyrer. Dei fleste tekstane skriv eg sjølv, men eg har også samarbeidd med Martin Hagfors (Meg og kameraten min) og mannen min, Chris Lindahl (The Carburetors), på somme av tekstane. Dei er gode rådgjevarar som hjelper meg om eg står fast. Elles kjem dei med gode innspel for å underbygge eit tema i ein tekst.
– Mange opplever kanskje country som noko for spesielt interesserte. Er countrymusikk undervurdert?
– Eg opplever eigentleg at fleire har fått augo opp for country. Eg har også inntrykk av at i dei siste åra har mange dyktige artistar og band i Noreg vore innom countrysjangeren.
– Kva skal du gjere i tida som kjem?
– I første omgang blir det en promoturné Noreg. Dersom alt går etter planen, blir det også ein tysklandsturné.
Elise Løvereide
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.