Alltid open og skapande
Ikue Mori er ein moderne innovatør i elektronisk improvisasjonskunst.
Den japanske musikaren Ikue Mori erstatta trommesettet med tromme- og datamaskinar.
Foto: Wikipedia
Ikue Mori
Tilrådd lytting:
Garden (Tzadik, 1996)
One Hundred Aspects Of The Moon (Tzadik, 2000)
Phantom Orchard saman med Zeena Parkins (Mego, 2004)
Class Insecta (Tzadik, 2009)
Obelisk (Tzadik, 2017)

Japanske Ikue Mori, som er busett i New York, vitja nyleg Bergen i regi av nyMusikk for å spele på opninga av den nystarta konsertserien VRENG i samarbeid med kunst- og konserthuset USF Verftet. Konsertserien, som har fokus på tradisjonsmusikk i møte med eksperimentell musikk, presenterte eit eineståande møte med hardingfelemeister Knut Hamre, som delte scena med improvisasjonskunstnaren Ikue Mori denne torsdagskvelden i oktober.
Mori brukar i desse dagar stort sett berbar datamaskin som instrument i konsertsamanheng. Med nye og eigenarta komposisjons- og improvisasjonsteknikkar skapte ho store kontrastar til Knut Hamres musikk. Hamre spelte slåttemateriale frå Hardanger, og båe musikarar sette – truleg både for kvarandre og oss tilhøyrarar – dei musikalske uttrykka sine i eit nytt ljos.
Trommemaskiner
Ikue Mori (fødd i 1953) kom frå Tokyo til New York i slutten av tenåra som kunststudent utan nokon bakgrunn frå musikkverda, men ho vart etter kvart ein del av det avantgardistiske musikkmiljøet i metropolen, gjennom trommespelet i punk-/no wave-gruppa DNA. Etter kvart forkasta ho det tradisjonelle trommesettet og gjekk over til å bruka trommemaskiner og samplarar som lydkjelder på heilt nye måtar. Trommemaskinane vart brukte på ein ny og forvitneleg måte, med andre rytmiske samansetningar enn vanleg og ei friare tilnærming enn det dei opphavleg vart laga for.
Frå 1980-talet har ho arbeidd mykje med tidlegare ektemann og nestor i det eksperimentelle musikkmiljøet i New York, saksofonist og komponist John Zorn og prosjekta hans, mellom anna i gruppa Masada. Ho har òg mellom anna spelt i ensemble med dei nyskapande gitaristane Fred Frith og Marc Ribot (kjende frå mellom anna samarbeid med Tom Waits), harpisten Zeena Parkins (kjend frå bandet til Björk) og fleire av medlemmene i postrockbandet Sonic Youth. Sidan byrjinga til avantgardeselskapet Tzadik i midten av 1990-åra har ho gjeve ut om lag ti soloalbum, forutan ei mengd ulike samarbeidsprosjekt med ny musikk som ikkje liknar noko anna.
Grenselaust open
Musikken til Mori kjennest grenselaust open i stil, samstundes som han har ein streng og kompleks formsans. Lydbileta ho får ut av tromme- og datamaskinar, er søkjande og leikne, med eit hav av små, skiftande teksturar og uføreseielege passasjar. Komposisjon og improvisasjon går hand i hand med tydeleg tematikk og overraskande utflukter ut i det ukjende. Komposisjonane hennar har verkeleg nådd eit nytt nivå på den siste plata, Obelisk. Albumet, som nyleg kom ut på selskapet Tzadik, er eit samarbeid med cellist Okkyung Lee, trommeslager Jim Black og pianist Sylvie Courvoisier. Fokuset her er på notert musikk, noko Mori omtalar som eit nyare tilskot til det musikalske språket hennar. Framgangsmåten går ut på å fyrst skriva ulike tema, mata dei inn i programma på maskinen og omforme frasane der med elektronisk verktøy, slik at dei passar inn i ljodpalett og komposisjonar.
Eg kan også nemne at Mori i tillegg lagar nydelege, korte animasjonsfilmar til musikken sin, vel verde å sjå, om ein skulle vera så heldig å få oppleva henne på konsert.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Komposisjonane hennar har verkeleg nådd eit nytt nivå på den nye plata, Obelisk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.