Hatten på
Denne helga, to veker etter at dei vann Spellemann, står Embla and the Karidotters på scena på Stagecoach, verdas største countrymusikkfestival, og klyper seg litt i armen.
Embla and the Karidotters er (f.v.): Simen Følstad Nilsen (pedal steel, gitar, piano og kor), Marie Moe (bass og kor), Embla Karidotter (vokal, gitar, låtskrivar) og Nils Jørgen Nilsen (trommer).
Foto: Hakan Foss
Embla Karidotter
Artist frå Bergen, fødd i 1993
Tidlegare trommeslagar i Razika, som gav ut fire album og spelte i lag i 13 år
Gav ut EP-en Howling i 2021 og LP-en Hello, I’m Embla i fjor i lag med bandet The Karidotters
Vann årets Spellemann i kategorien country
Sleppte singelen «(I’ll never love you) Like I should» i førre veke
Speler på verdas største countryfestival, Stagecoach i California i USA, denne helga
Speler på Bergensfest og Øya i sommar, nøyaktig fire år etter at Razika spelte avskjedskonsert på dei same festivalane, i tillegg til blant anna Vinjerock og Norsk Countrytreff

Musikk
marita@dagogtid.no
How the heck, som dei seier, hamna Embla Karidotter, trommisen i indie-/ska-/popbandet Razika – dei som fekk heile landet til å synge at du får vondt i hjartet når du mistar jomfrudommen – i tjukkaste, tørraste USA, med band, cowboyhatt og sjølvskriven honkytonk?
– Det som skjedde, var at då eg såg at Nikki Lane, eit ikon for meg, skal spele på Bergenfest i sommar, sende eg henne ei skamlaus melding: «Eg vil gjerne vise deg Bergen og ta ein øl. Eg har høyrt på deg sidan starten og gleder meg til å sjå deg live. Eg er countryartist og skal spele sjølv.»
Og Nikki Lane svarte: «Holy cow, ein norsk countryartist! Eg har sett namnet ditt! Do you want to come to stagecoach us?»
– Eg berre… «Stagecoach?!» Kva meiner ho? Er det eit verb? Betyr det «å guide», liksom? Eller skal eg ta ein låt med dei på scena? Eg måtte google ordet, og opp kom hestekjerrer. Og festivalen, då.
For ikkje å verke kjepphøg skreiv ho at ho gjerne ville stagecoach Nikki Lane og bandet rundt i Bergen.
– Ho svarte at nei, ho ville ha meg til countryfestivalen Stagecoach US, til Horseshoe-scena, som ho har ansvar for.
Kredibilitet
Ein annan gong Embla måtte google eit ord for ikkje å misforstå ei ho såg opp til, var då Malin Pettersen, ein spydspiss i norsk country, skreiv: «Viss du treng nokon å sparre med, må du berre ta kontakt.»
– Eg visste utruleg nok ikkje kva sparre betyr, så eg googla det for ikkje å tabbe meg ut. Ville Malin Pettersen høyre demoane mine og gi tilbakemelding? Det var for godt til å vere sant.
Men jo, slik blei Pettersen den første som lytta til Emblas låtar og gav konstruktiv tilbakemelding.
Då Pettersen introduserte årets spelemannprisnominerte for to veker sidan, la ho vekt på at country- og americanamiljøet er i vekst og meir mangfaldig enn nokon gong. Det ser vi særleg i USA, der honkytonk- og redneckcountry enno fenger mange, mens andre meiner at verdas største countrystjerne er Taylor Swift, som er Nashville-artist og fortel historier frå USA, slik til dømes Johnny Cash, Bruce Springsteen og Dolly Parton gjer det.
Country kan vekke sterke kjensler, som når The Chicks, tidlegare Dixie Chicks, har kritisert USAs krigføring, rasisme eller bruken av sørstatsflagget, noko som har skapt debatt om ytringsfridommen i USA.
Og det at ei hiphop-, R&B- eller popstjerne beveger seg over i countryen, kan føre til harme.
– Det som er så fint, er at det norske countrymiljøet er inkluderande, seier Embla.
– Å vere artist er som å spele stigespel: Ein klatrar opp og fell ned. Mange drar stigen opp etter seg. Slik vil eg ikkje bli. Andre skal få klatre etter. Alle vinn på at countrymiljøet blomstrar. Det beste med å vinne Spellemann, er at det gir kredibilitet. Vi pleasar countrypolitiet, samtidig som vi får fleire til å like country.
Takk til besten
Det var på ungdomsskulen at Embla og tre venninner – Marie Moe, Marie Amdam og Maria Råkil – starta Razika, inspirerte av band som The Aller Værste! og The Specials. Dei platedebuterte med Program 91 i 2011, og sjølv om seks av elleve låtar har norsk tekst, fekk dei omtale og spelejobb i alt frå Japan til USA.
Razika blei Spellemann-nominerte for alle albuma sine, så då Embla and the Karidotters tok imot prisen for to veker sidan, var det femte gongen ho var på festen.
– Du verka varm i trøya, der du heldt ein raus og stødig takketale.
– Eg hugsar ingenting av det eg sa. Eg var sikker på at Silver Lining kom til å vinne. Eg fekk blackout. Eg spurde dei andre etterpå: Hugsa eg å takke besten?
Ja, ho takka alle: produsent Matias Téllez og andre medverkande, kjærast og venner, dei andre nominerte – «slike fine, hardtarbeidande, flotte folk» – og heile countrymiljøet. Ho takka mor si, «the Kari», som var med på festen. «Og tusen takk til besten, som introduserte country til familien.»
«Mannen i mitt liv», kallar ho han. Han kjem på konsert, sjølv om han nærmar seg 90 år.
Og så takka ho hunden Luna, som du kan sjå i musikkvideoen til «Why fall asleep, when you can fall in love», som Embla sjølv har regissert, produsert og klipt, og som blei vist på Kortfilmfestivalen i fjor. I videoen er ho ein bartender som serverer to einsame hundar som etter å ha kasta blikk på kvarandre ei stund, går ut og leikar i lag i nærmaste park. «Don’t throw a good thing away just because you’re too scared to play», syng ho. «Don’t let a dream be just a dream.»
Bubil og Bodø
Då Razika la opp, kom Embla i «ei altfor tidleg midtlivskrise». Samtidig var kjærasten, Hakan, som budde i Oslo, ferdig med å studere medisin.
– Heldigvis delte vi ein draum om å bu i bil og reise rundt i Europa.
Dei kjøpte bubil, men så kom pandemien, og dei enda med å køyre rundt i Noreg i eit halvt år.
– Etter å ha hatt eit avstandsforhold, budde vi no på fire kvadratmeter, på vinterstid, avsondra, med unntak av ein handletur i veka. Alle berre… «Lykke til med det forholdet.»
I bubilen skreiv ho låtar, og deretter, då Hakan fekk turnusplass og ho var permittert frå «vaksenjobben» på Cinemateket i Bergen, flytta dei til Bodø, der «verdas beste fyr», som driv konsertarrangøren Pott & Panne, inkluderte henne og gav henne øving i å stå aleine på scena.
– Det var der eg begynte å gå med cowboyhatt til vanleg. Bergen er større, men mindre når det gjeld å skilje seg ut. Der var eg ikkje trygg nok. I Bodø fekk eg kompliment kvar gong eg hadde hatten på.
Det var i Bodø hiten «Bad influence» og det meste av Hello, I’m Embla blei til.
– Var det slik at du sat bak trommene i alle åra i Razika og drøymde om å stå fremst?
– Å nei. Eg elska å sitte bak og tromme. Med Embla and the Karidotters tok det to og eit halvt år før eg klarte å kontrollere nervane og kose meg på scena. Det er ubehageleg å stå framfor folk og spele gitar på nybegynnarstadiet når du ikkje høyrer om det du speler, er rett eller feil. Ikkje minst er stemma og songen mykje meir personleg å dele enn trommene. Det låg òg ein rollekonflikt i at mange kjenner meg som klassens klovn, mens eg no skulle vere ektefølt. Det var flautt, til eg forstod at om det er dette eg vil, må eg lære å nyte det, vere den underhaldaren eg er, og våge å vere sårbar.
Vendepunktet
Det var same kvelden som Razika spelte avskjedskonsert på Øya i 2019, at Embla spurde Marie Moe, bassisten, om ho ville bli med og lage countryband.
– Eg fekk angst av at vi skulle slutte å spele, og eg kunne ikkje bli trommis for nokon andre. Eg er sjølvlært, med ein stil basert på 13 år i Razika. Så eg er veldig glad Marie blei med vidare.
Attpåtil fekk ho velje trommeslagar frå øvste hylle: Nils Jørgen Nilsen, som òg speler i Honningbarna og Sløtface. Ho fekk Tor-Arne Vikingstad på gitar og Simen Følstad Nilsen på lap steel, og som produsent fekk dei altså Matias Téllez, som har Girl in Red og Sondre Lerche, blant andre, i stallen.
Når dei no speler på Stagecoach, er ho med eitt i same båt som store amerikanske artistar ho har sett opp til, og som ho håpar ho får sjå der: Nikki Lane, Nick Shoulders, Diplo, Lola Kirke, Trixie Mattel, Sierra Ferrell...
– Eg elskar stemma til Sierra Ferrell. Ho kan måle seg med dei aller største.
– Korleis blir det å stå der og synge sjølv, trur du?
– Surrealistisk. Det kjem ikkje til å gå opp for meg før eg bokstaveleg talt har landa her heime igjen. Stagecoach er ein draum som går i oppfylling. Men eg har jobba hardt og målretta; eg må minne meg sjølv på at eg blei vald ut av ein grunn. Når eg står der og nervane tar over, må eg seie til meg sjølv at det er ein grunn til at eg vann Spellemann. Ein venn – Bryn, vokalist i The Real Jobs – gav meg eit godt råd ein gong. Han sa at eg ikkje er den beste på gitar, den beste til å synge eller den beste til å skrive låtar, men eg er best på akkurat det eg gjer: skrive mine låtar, synge på min måte, vere meg sjølv på scena. Då må eg berre gjere det, på den beste måten eg kan, og ha det gøy.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.