JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

I dårleg selskap

Musikkmogulen Sean Combs er tiltalt for overgrep, utpressing og menneskehandel. Kor mange andre stjerner går med i dragsuget?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sean Combs har mektige venner. Her er han på sin eigen opningsfest i klesbutikken Sean Jean på Fifth Avenue i New York i 2004. Tommy Hilfiger (t.v.), Calvin Clein (t.h.), Naomi Campbell, Beyoncé, Jay-Z, Usher, Paris Hilton og mange andre kjendisar var der.

Sean Combs har mektige venner. Her er han på sin eigen opningsfest i klesbutikken Sean Jean på Fifth Avenue i New York i 2004. Tommy Hilfiger (t.v.), Calvin Clein (t.h.), Naomi Campbell, Beyoncé, Jay-Z, Usher, Paris Hilton og mange andre kjendisar var der.

Foto: Tina Fineberg / AP / NTB

Sean Combs har mektige venner. Her er han på sin eigen opningsfest i klesbutikken Sean Jean på Fifth Avenue i New York i 2004. Tommy Hilfiger (t.v.), Calvin Clein (t.h.), Naomi Campbell, Beyoncé, Jay-Z, Usher, Paris Hilton og mange andre kjendisar var der.

Sean Combs har mektige venner. Her er han på sin eigen opningsfest i klesbutikken Sean Jean på Fifth Avenue i New York i 2004. Tommy Hilfiger (t.v.), Calvin Clein (t.h.), Naomi Campbell, Beyoncé, Jay-Z, Usher, Paris Hilton og mange andre kjendisar var der.

Foto: Tina Fineberg / AP / NTB

12811
20241025
12811
20241025

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Hiphop

marita@dagogtid.no

Du hugsar Gary Glitter, Roman Polanski, Bill Cosby, Jimmy Savile og Harvey Weinstein – menn som blei hylla og prisa, før dei blei straffa og dømde.

Savile, som blei skulda for over 450 overgrep, blei gammal og døydde før han blei tiltalt. Cosby blei skulda for valdtekt i 2004 og først dømd i 2018.

Weinstein blei dømd til 23 års fengsel. Det var rundt han metoo-rørsla oppstod, og fleire i film- og TV-bransjen blei politimelde.

Etter planen skal Gérard Depardieu stå i retten denne månaden, skulda for overgrep. No skakar ei anna sak Frankrike: Gisèle Pelicot blei dopa ned og valdtatt av minst 50 menn som ektemannen sleppte til og filma.

Denne veka slo eit nytt lyn ned i USA: Motemagnaten Michael Jeffries er sikta for menneskehandel og seksuelt misbruk av hundrevis av menn over mange år.

«Det er motbydeleg»

Den største saka i USA no handlar likevel om Sean Combs, alias Diddy. Hiphopstjerna er tiltalt for organisert kriminalitet, inkludert slaveri og menneskehandel, og det handlar i stor grad om seksuelle overgrep. Combs skal ha arrangert freak offs – festar som kunne vare i dagevis, der dop og sex stod sentralt. Ifølge tiltalen skal folk ha blitt tvinga til å ruse seg på kokain og ecstasy eller blitt dopa ned med ketamin. Prostituerte skal ha blitt henta frå heile verda. Combs skal ha filma folk og brukt det som pressmiddel mot enkeltpersonar.

Eit sentralt vitne er Cassandra «Cassie» Ventura. Ho møtte Combs i 2006, då ho var 19 og han 37 år. Han gav henne innpass i musikk-, mote- og filmbransjen, og dei var eit par i ti år. Han var valdeleg, hevdar ho, og nyleg fekk ho støtte i ein video frå 2016: Via eit kamera i ein hotellkorridor ser vi at ho prøver å komme seg vekk, og at han pryler henne.

Combs svarte med å legge ut ein Instagram-video der han seier at han fekk profesjonell hjelp etter hendinga, og at det ikkje finst noka unnskyldning.

– Eg tar ansvar for det eg gjorde. Det er motbydeleg. Det baud meg imot då, og det byr meg imot no, seier han.

– Eg er verkeleg lei for det.

Teikning av Sean Combs i eit rettsmøte 10. oktober. Bak han på høgre side sit mor hans.

Teikning av Sean Combs i eit rettsmøte 10. oktober. Bak han på høgre side sit mor hans.

Foto: Jane Rosenberg / Reuters / NTB

60 menn og 60 kvinner

Combs blei superstjerne på slutten av 1990-talet, då med Puff Daddy som artistnamn. «I’ll be missing you» blei ei landeplage. For første gong gjekk hiphop til topps på Billboard-listene. I tillegg til å gi ut eigen musikk har han drive plate- og filmselskap (Bad Boy) og lansert sko-, klede-, smykke-, parfyme- og vodkamerke.

Ja, han er rik. Då han blei arrestert i september, tilbydde han 50 millionar dollar i kausjon, men retten takka nei. Faren for at han vil påverke vitna, er for stor.

Og mens Combs hevdar at Ventura kravde 30 millionar dollar for ikkje å skrive bok om forholdet deira, hevdar ho at han tilbaud henne endå meir for å trekke søksmålet.

På ein pressekonferanse 1. oktober opplyste Tony Buzbee, ein advokat som representerer 60 kvinner og 60 menn i saka, at 25 av dei var mindreårige då dei blei utsette frå overgrep. Den yngste var 9 år. Advokaten hevda at lista over medsamansvorne er lang.

– Namna kjem til å sjokkere, sa han.

Prins William og pris Harry møter Kanye West og P. Diddy etter ein minnekonsert for prinsesse Diana i 2007.

Prins William og pris Harry møter Kanye West og P. Diddy etter ein minnekonsert for prinsesse Diana i 2007.

Foto: Roger Allen / Daily Mirror / Pool/ AP / NTB

Konspirasjonsteoriar

Musikkprodusenten Rodney Jones krev 30 millionar dollar i erstatning for å ha blitt tvinga til å forgripe seg på folk for å tilfredsstille Combs seksuelt. Ifølge Jones spelte også to av sønene til Combs ei rolle i overgrepa.

Det er fleire som ønsker å tene pengar på saka. Chris Todd, til dømes, gav nyleg ut boka Kim’s Lost Words under pseudonymet Jamal T. Millwood. Todd hevdar at boka er basert på dagboknotata til avdøde Kim Porter, som Combs var i lag med i ti år.

Todd seier at han ikkje ville gitt ut boka om ikkje Combs sat inne.

Dei fire barna til Combs og Porter argumenterer for at dagboknotata er oppdikta.

Alle dei sju barna til Combs forsvarer han, og mor hans har uttalt at det er hjarteskjerande å sjå son sin bli utsett for «offentleg lynsjing» «før han har fått sjansen til å bevise at han er uskyldig».

Dei sju barna til Sean Combs støttar far sin. Her er dei på veg inn til ei høyring i New York 10. oktober.

Dei sju barna til Sean Combs støttar far sin. Her er dei på veg inn til ei høyring i New York 10. oktober.

Foto: Kent J. Edwards / Reuters / NTB

Rus- og sextreningsleir

I Kim’s Lost Words står det at Porter hadde eit forhold til Tupac Shakur mens ho var i lag med Combs. Shakur er ein av mange i Combs’ nettverk som er mistenkte eller dømde for vald eller overgrep: Chris Brown, Dr. Dre, Russel Simmons, R. Kelly, L.A. Reid, Bad Boy-sjef Herve Pierre, Usher… Lista er lang.

Usher, Sean Combs, Kenny "Babyface" Edmonds og L.A. Reid poserer på Hollywood Walk of Fame hausten 2013, då Edmonds fekk ei stjerne.

Usher, Sean Combs, Kenny "Babyface" Edmonds og L.A. Reid poserer på Hollywood Walk of Fame hausten 2013, då Edmonds fekk ei stjerne.

Foto: Paul A. Hebert / Invision / AP / NTB

Usher er sentral fordi han skal ha budd hos Combs i eit år frå han var 13 år. Han var på puffy flavor camp, altså ein slags treningsleir for hiphopartistar. I intervju, blant anna i Rolling Stone og på The Howard Stern Show, vedgår han at han var vitne til mykje sex.

– Eg veit ikkje om eg klarte å ta inn over meg det eg såg, seier han til Stern.

– No er du far. Kunne du ha sendt ein av ungane dine på puffy camp, spør Stern.

– Aldri i livet, svarer Usher.

Vakre menn til damene

Alt då Usher platedebuterte som 15-åring, blei sexfokuset i tekstane hans kritisert, og rykta har komme og gått. Ein lyssky artist han samarbeidde med, er Michael Jackson, blant anna på «You are not alone», med ein – i ettertid ubehageleg – video der Jackson og kona er nakne.

No blir det hevda at Diddy forgreip seg på Usher, og det blir òg påstått at Usher bidrog til at Combs kunne forgripe seg på andre, inkludert Justin Bieber, som vanka hos Combs frå han var 15 år. I eit av mange eldre videoklipp som ligg ute, frå Jimmy Kimmel Live på ABC, ser vi Combs nærmast true Bieber.

– Han veit betre enn å snakke høgt om ting han gjorde i lag med storebror Puff, på ein nasjonal TV-kanal, seier Combs og ser på Bieber, som då var 16 år.

Publikum ler. Bieber smiler nervøst. Combs smiler ikkje.

I eit anna klipp, frå Late Night with Conan O’Brien, seier Combs at ein god fest inneber å låse dørene, slik at damene ikkje kan stikke av.

– Det høyrest litt skummelt ut, seier O’Brien.

– Det er kinky, seier Combs.

Du må slå av klimaanlegget, så det blir heitt, seier han. Då blir folk fortare rusa og lausslopne. Og så blir dei perfekt sveitte.

– Du treng damer. Vakre, sjølvsagt. Og vakre menn til damene.

Usher og Justin Bieber kjem til Annual Kids' Choice Awards i Los Angeles i lag. Året er 2009, og Bieber er 15 år.

Usher og Justin Bieber kjem til Annual Kids' Choice Awards i Los Angeles i lag. Året er 2009, og Bieber er 15 år.

Foto: Chris Pizzello / AP / NTB

På tide med eit oppgjer

«Vi er nøydde til å snakke om det», skriv juristen og menneskerettsforkjemparen Melayna Williams i artikkelen «It’s not just Diddy» i magasinet Layney Gossip. «Det er på tide med eit ordentleg oppgjer i hiphopbransjen.»

Slik ho ser det, er misogyni – kvinnehat – avgjerande i hiphopen. Bransjen fungerer ikkje utan. Kvinner har aldri kunna føle seg trygge der, seier ho, før ho listar opp kjende namn og overgrepa dei står bak. Chris Brown, til dømes, er valdsdømd, men framleis populær. «Viss du bryr deg om svarte kvinner, eller kvinner generelt, kan du ikkje tilgi han» – ikkje før han sjølv har tatt grep om åtferda si, skriv ho.

Sean Combs og sørafrikanske Lebo Mathosa syng saman under ein støttekonsert i Cape Town i 2002.

Sean Combs og sørafrikanske Lebo Mathosa syng saman under ein støttekonsert i Cape Town i 2002.

Foto: Obed Zilwa / AP / NTB

Williams intervjuar musikkjournalist Craig Seymour, som meiner at alle i bransjen, inkludert han sjølv, må stå til ansvar. «Vi kan ikkje gå vidare som om ingenting har hendt», seier han. «I starten… Eg vil ikkje seie at vi tolererte kvinnehat, men vi gjekk ut frå at hiphopen kom til å vekse det av seg. (…) Det har han tydelegvis ikkje gjort.»

Williams siktar blant anna til at Busta Rhymes fekk heidersprisen «Lifetime Achievement» på den store prisutdelinga til BET (Black Entertainment Television) i fjor, utan at valden og mishandlinga han har blitt skulda for opp gjennom åra, blei nemnd.

– At ein blir undertrykt, betyr ikkje at ein ikkje kan bli ein undertrykkar.

Marita Buanes Djupvik, musikkvitar

Den svarte mannen

– Problemet er at hiphopartistane frå tidleg av hadde eit image som herleggjer gangster-, hustler- og pimpkultur, seier musikkvitar Marita Buanes Djupvik.

Grunnen er at sjangeren oppstod i ein kontekst der såkalla svarte blei diskriminerte.

– Dei som vaks opp i Bronx og Harlem på 1970- og 80-talet, var fattige. Dei fekk aldri musikktimar. Dei skapte ein eigen kultur ut av elendige omstende.

Folk såg på hiphop som noko som ikkje var liv laga, seier ho.

– Men så tok det av, og det blei ein multimillionindustri.

Djupvik er førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet og har forska på mannsrolla i musikkbransjen, særleg den svarte mannen i hiphopen.

– Fordi dei vaks opp som undertrykte og fattige, kompenserte svarte hiphopartistar med å bli supertøffe og dominerande.

Samtidig blei dei styrte av grådige, stort sett kvite bakmenn.

– Kvite menn utnytta den stereotype svarte hyperseksuelle mannskarakteren. Men det at ein blir undertrykt, betyr ikkje at ein ikkje kan bli ein undertrykkar.

Også svarte akademikarar som Michael Eric Dyson og Imani Perry har forska på dette: Kvite menn undertrykker svarte menn, som undertrykker svarte kvinner.

I hiphopuniverset blir kvinner framstilte som rekvisittar, eller horer.

Spliff Star, Diddy og Busta Rhymes opptrer på BET Awards 2022 i Los Angeles, då Diddy vann æresprisen Lifetime Achievement.

Spliff Star, Diddy og Busta Rhymes opptrer på BET Awards 2022 i Los Angeles, då Diddy vann æresprisen Lifetime Achievement.

Foto: Chris Pizzello / AP / NTB

Hiphopmaskuliniteten

Ein av dei større artiklane Djupvik har skrive, «Welcome to the candy shop!», handlar om musikkvideoen «Candy Shop», der artisten 50 Cent i stereotypiske klede, store smykke og raud sportsbil køyrer til «godtebutikken», eit palass fullt av halvnakne kvinner som byr seg fram.

Djupvik drøftar korleis hiphopmaskuliniteten blir bygd opp, og peiker på at han blir forsterka gjennom ein visuell og musikalsk regi der artisten framstår som både sterk og sårbar. Han har makt over kvinnene, men når han står aleine, halvnaken og glinsande av olje, blir han nærmast eit homoerotisk objekt.

– Machoimaget slår sprekker.

Hiphopkulturen er i tillegg tradisjonelt homofob.

– For å oppretthalde imaget fyller dei på med damer.

At Combs blir skulda for å ha forgripe seg på gutar og menn, gjer dermed fallet høgare.

50 Cent, med armen rundt boksaren Floyd Mayweather Jr, poserer i lag med med blant andre Justin Bieber og Lil' Wayne etter ein boksekamp i Las Vegas i 2012.

50 Cent, med armen rundt boksaren Floyd Mayweather Jr, poserer i lag med med blant andre Justin Bieber og Lil' Wayne etter ein boksekamp i Las Vegas i 2012.

Foto: Eric Jamison / AP / NTB

Eminem

Kanskje er «Candy Shop» parodisk. I slutten av videoen vaknar 50 Cent utanfor eit gatekjøkken; det heile var ein draum. Men mange kvite unge ser ikkje parodien: Dei ser ein stereotyp: ein svart, muskuløs gangster som får sex.

– I mange rapptekstar er parodi og humor viktige verkemiddel. Men det kan også fungere som ein distanseringsstrategi. «Det er ikkje diskriminering, det er berre humor.»

– Kva tenker du om Eminem, som har samarbeidd tett med folk som Dr. Dre og The Game, som er domfelte for overgrep og vald mot kvinner?

– Karrieren hans tok fortare av, og kanskje har han tent meir fordi han er kvit. Han har eit større nedslagsfelt. Men han er ein del av den same kulturen, med svært kvinnefiendtlege tekstar. No ser eg at han gjer narr av Combs i fleire låtar på det nye albumet sitt, The Death of Slim Shady (Coupe de Grâce). Dette er typisk Eminem. Spørsmålet er om han langar ut mot Combs for å ta eit standpunkt og sette han på plass, eller om han gjer det for å profittere på det. Eg heller mot det siste.

Kanye West og R. Kelly

Det kan sjå ut til at mange nøkkelpersonar er del av eit nettverk der folk dekker over for kvarandre. No sit også Kanye West, alias Ye, på tiltalebenken, for å ha dopa ned og misbrukt ei kvinne i platestudioet til Combs.

Kanye West og Donald Trump pratar saman under eit arrangement Trump Tower i New York i 2016.

Kanye West og Donald Trump pratar saman under eit arrangement Trump Tower i New York i 2016.

Foto: Seth Wenig / AP / NTB

Og vi kan ikkje snakke om West eller Combs utan å komme inn på Robert Kelly, som blei tiltalt for overgrep, men frikjend, i 2008. I 2017 lanserte nokre kvinner kampanjen #MuteRKelly, som fekk vind i segla då dokumentarfilmen Surviving R. Kelly kom i 2019. I 2022 blei han dømd til 31 år i fengsel.

– R. Kelly lokka til seg unge jenter, lova dei platekontrakt og hadde eit forhold til dei. I mange år hadde han nærmast eit harem heime, fortel Djupvik.

Ho viser til essayet «How R. Kelly got away with it», som jurist og professor Kimberlé Crenshaw skreiv i The New York Times i 2021. Kelly har ikkje berre forgripe seg på jenter; han skryt av det, skriv Crenshaw. Ho peikar på at Kelly kallar seg «the pied piper», altså rottefangaren frå Hameln – han som speler fløyte og lurer barn med seg til ei grotte.

– Han har brukt musikken til å tiltrekke seg, forfølge, bruke og misbruke svarte kvinner og jenter. Og alle kjende til det, seier Crenshaw i ei TV-sending på PBS.

Vi skal ikkje klappe oss sjølve på ryggen, seier ho, men spørje kvifor det tok så lang tid før han blei tatt. Kvifor mistrudde juristane kvinnene? Kvifor heldt produsentar og artistar fram med å samarbeide med han?

– Og kvifor steig lyttartala etter at han blei tatt?

R. Kelly blei dømd til 31 års fengsel i 2022. Eit sentralt punkt i rettssaka var at han gifta seg med ein 15-åring, R&B-songaren Aaliyah, som han fekk forfalska ID-dokument til. Her er han i retten i Chicago i 2019.

R. Kelly blei dømd til 31 års fengsel i 2022. Eit sentralt punkt i rettssaka var at han gifta seg med ein 15-åring, R&B-songaren Aaliyah, som han fekk forfalska ID-dokument til. Her er han i retten i Chicago i 2019.

Foto: Antonio Perez / AP / NTB

«Vi har eit ansvar»

I førre veke kom det fram at 50 Cent, Curtis Jackson, lagar ein dokumentarserie om skuldingane mot Combs. Dei to har «dissa» kvarandre i mange år. Jackson hevdar at han alltid har tatt avstand frå livsførselen til Combs. Ifølge Jackson skal inntektene gå til offer for seksuelle overgrep.

Samtidig understrekar han at det er viktig å hugse på at «hiphop handlar om mykje meir enn det Combs har gjort».

Vi snakkar om noko svært mange er glad i: musikk.

– Eg håpar inderleg det blir annleis denne gongen, seier Djupvik, med tanke på spørsmåla Crenshaw stilte i 2021.

– Vi har eit ansvar som konsumentar. Vi må vere medvitne om kva vi bruker pengane våre på. Vi må spørje oss kva det er vi støttar opp under.

Diddy har framleis 13,3 millionar månadlege lyttarar på Spotify.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis