Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Nådelaus mot

hersketeknikkar

Som programleiar i Dagsnytt 18 observerte Sigrid Sollund at det gjekk føre seg omfattande bruk av hersketeknikkar. Derfor skreiv ho bok om dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Programleiar i Dagsnytt 18, Sigrid Sollund, vil ufarleggjere hersketeknikkane.

Foto: Fotograf Sturlason

3134
20171229
3134
20171229

Gjennom rolla som programleiar har NRK-journalisten vore vitne til tallause debattantar som set andre ut av spel, riv ned eller byggjer opp autoritet, og som kjem godt eller dårleg ut av debattane. Då Sollund først observerte dette spelet, begynte ho å bli medviten på situasjonane i sitt eige liv.

– Eg har alltid vore interessert i dynamikken mellom menneske og korleis situasjonar spelar inn. Eg oppdaga ein del fellestrekk, sjølv om hersketeknikkane kjem til uttrykk på ulikt vis rundt eit møtebord og i ein vennegjeng.

– Boka heiter Hersketeknikker. Nyttige og nådeløse. Kva skil dei nyttige frå dei nådelause?

– Dei mest nådelause hersketeknikkane kjem frå dei som alt har makt over deg, som gir deg ei djup kjensle av skam eller tar frå deg autoritet og kjensla av kontroll. Makta kan kome frå ein sjef i arbeidslivet, men det kan også vere nokon som har eit kjensleovertak og som utnyttar det. Eg skal vere varsam med å tilrå bruk av hersketeknikkar for å jamne ut makta, men nokre gongar kan det vere effektivt, for å setje nokon på plass. Då blir hersketeknikkane nyttige.

– I boka fortel du mange historier. Kor utbreidde er eigentleg hersketeknikkar, og kor mykje kan vi vite om dei gjennom anekdotar?

– Eg trur nesten alle driv med det og blir utsette for det. Ofte ser vi ikkje sjølve at vi nyttar hersketeknikkar. Og så trur eg dei kan dukke opp som ein respons når vi kjenner oss utsette og vil markere eller hemne oss. Folk tolkar det ulikt, og i nokre situasjonar og miljø er det meir utbreitt enn det er i andre. Gjerne der det er interessekonfliktar og maktkamp.

– Mange tenkjer gjerne på hersketeknikkar nettopp når det gjeld politiske debattar, men kan dei gjelde i relasjonar der folk bryr seg om kvarandre?

– I ein del av døma eg skildrar, er det ikkje tydeleg kva den som bruker hersketeknikkar, har å vinne på det. Enkelte gongar handlar det meir om å vere overlegen og suveren enn å oppnå noko konkret, som i tilfelle med familiemedlemmar. Enkelte spelar kanskje på offerroller og dårleg samvit hos den andre, mens andre bruker det som ein forsvarsmekanisme.

– Korleis har du gått fram for å skrive boka?

– Berit Ås er sjølvsagt ei viktig kjelde. Eg har lese forskingsrapportar om alt frå kvinner i lokalpolitikken, forhold for varslarar og ytringsklimaet i sosiale medium til seksuell trakassering i arbeidslivet. I tillegg har eg henta informasjon frå bøker om retorikk, manipulasjon og forhandlingsteknikkar, og ikkje minst gjort fleire intervju.

– Folk har stått i kø for å høyre deg fortelje om hersketeknikkar. Du kunne fylt Bergen bibliotek 25 gongar, skreiv Bergens Tidende. Kvifor er det så stor interesse for temaet?

– Hersketeknikkar treffer mange, og eg trur folk diskuterer og utvekslar erfaringar når temaet er oppe. Det er bra, for når vi blir utsette for hersketeknikkar, er det lett å kjenne seg latterliggjord og så teie om det. Når vi peikar på hersketeknikkane høgt, kan vi ufarleggjere dei.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis