Senhøstes
Senhøstes
gjør alle min sommers lettsindige trær
helt om marsj
og trekker tilbake mot skogbrynet,
ikke som en hær på retrett,
men som et støyende karnvalsopptog
med vimpler og klingende spill:
Bjerken virvler sin piruett
i oktobervinden,
aspen ringler med rustne narrebjeller,
lønnen senker sin blodige fane
til avskjed,
og all slags kratt og småbusker
samler kjolene opp under seg
før de i snublende byks og sprang
slutter seg til baktroppen.
Granen,
langragget og tung,
venter i streng ro
men også med et mildt og tålmodig alvor
på sine skogers forvillede barn
for å skjerme dem varlig
mot vinterstormen.
NILS BRANTZEG
Senhøstes
Senhøstes
gjør alle min sommers lettsindige trær
helt om marsj
og trekker tilbake mot skogbrynet,
ikke som en hær på retrett,
men som et støyende karnvalsopptog
med vimpler og klingende spill:
Bjerken virvler sin piruett
i oktobervinden,
aspen ringler med rustne narrebjeller,
lønnen senker sin blodige fane
til avskjed,
og all slags kratt og småbusker
samler kjolene opp under seg
før de i snublende byks og sprang
slutter seg til baktroppen.
Granen,
langragget og tung,
venter i streng ro
men også med et mildt og tålmodig alvor
på sine skogers forvillede barn
for å skjerme dem varlig
mot vinterstormen.
NILS BRANTZEG
Nils Brantzeg (1913–1984), radikal forfattar, journalist, omsetjar, med røynsle som sjømann og som soldat i den finsk-russiske vinterkrigen – først og fremst er han poet, med seks diktbøker: Underveis (1940), Det ubeseirede hjertet (1950), Vandringsmannens skygge (1961), Fugl vil jeg se (1970), Ord mellom oss (diktutval 1975), Masker gjennom 50 år (petitdikt 1984). Dessutan to romanar og ei reiseskildring frå Færøyane. Han er ikkje representert i nokon diktantologi, han vert nemnd med berre fem liner i Beyers litteraturhistorie – that’s all.
Dette klaga Gunvor Hofmo over i eit brev i 1990, og ho publiserte diktet «Nils Brantzeg, en ’glemt’ dikter» i bok året etter – derfor denne abrupte epistel.
«Hjem fra Finnland» er frå 1940: «Menneskekropper flerret av bombenes rå jern –/Hester med brutte øine –/ Byer der skorstensskogen står som en hær av gravsten/over husenes grå ruiner.»
Ti år seinare: «Først kom Hitler. Så kom freden/ Så kom hundre hitler i steden. //Avmektig nøler vi. Og mens vi venter/ sorterer Storkirurgen sine instrumenter.»
Atomangst strøymer gjennom forfattarskapen: «Før det store rullgardinet går ned», som elles har vare skildringar av norsk natur, kjærleiksfryd og sorg, tankedikt om meininga med livet, båtsiglarens «Ode til min pram Sarepta», øldrikking «På kafé Justisen» – som motto-dikt følgjande liner om mørkret: «Over oss brenner stjerner,/ lengselens –/ I oss bølger et mørkt hav,/ hungerens.// Vår mørke lengsel skaper alltid stjerner.»
«Senhøstes» (1970) er eit fabulerande dikt som fornyar statusen det strenge bartreet vårt har, både i Wergelands «Til en gran» (1833) og Uppdals 9-diktssekvens «Skog» (1926). Her er Brantzeg muntrare enn dei to forgjengarane.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.